Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven

Les om Daniel Pedrosa som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven

Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven

Seksten år gamle Daniel Pedrosa frå Belo Horizonte i Brasil kan sjå fram til nesten eit år som Rotary utvekslingsstudent i fjordbygda Sykkylven.

Nyleg landa Daniel på Vigra, der han vart teken i mot av  Ingjerd Asbjørnsen og Olaf Ellingsen frå Sykkylven Rotary Klubb (SRK). Sist onsdag vart han presentert i klubben, saman med husvert Sindre Stuen. Ikkje sidan 2001-2002 har Sykkylven Rotary Klubb teke på seg å vere vertskap for ein slik student. Den gongen var det Marie-Pierre frå Canada. Tre år tidlegare var det Charles frå Pennsylvania, USA, som fekk lære «alt om Noreg» på ti månader. Innbaka i ordet «utvekslingsstudent» ligg det at ein ungdom frå Sykkylven får bu på tilsvarande vis – i dette tilfellet i Brasil, og i same byen som Daniel kom frå. Seksten år gamle  Benjamin Stuen har for lengst landa i OL-landet og installert seg hos vertskapet i Belo Horizonte. Tanken bak slik utveksling er at mange unge skal få lære om andre menneske, land og kulturar, og med det få større forståing for nokre av mekanismane i ei verd som stadig «krympar», og der orda kommunikasjon og samhandling blir stadig viktigare. Sist fredag var det møte på Sykkylven vidaregåande skule, der avdelingsleiar Rolf Haxthov og kontaktlærar Ingunn Alver tok imot og orienterte om skulen og ulike studiefag. Vi kan vel tenkje oss at læringskurven blir heller bratt for begge dei unge studentane i kvar sine land. 


Fritid og interesser

Overgangen frå den brasilianske byen med 2,5 millionar innbyggjarar til fredelege Sykkylven – eller omvendt for Benjamin – kan, for oss godt etablerte, verke stor. Likevel må vi ha i minnet at ungdommar kan vere vesentleg meir fleksible enn vi tilårskomne. Dei lærer raskare og finn seg venner. Gjennom hobbyar og aktivitetar i miljøet rundt seg byggjer dei plattform for eigen tryggleik og trivsel. Daniel er glad i både sport og musikk. Han er slett ikkje ukjend med fotball (!!), og gitar har han spelt sidan han var åtte år. Det siste på lista er visstnok skateboarding, ein aktivitet som triggar og utfordrar det meste innan balanse og sjølvkontroll. Vi vonar at både ungdommane i bygda og vi eldre vil ta vel imot Daniel og gjerne invitere han heim eller ta han med på trivelege påfunn gjennom året. I sum vil dette bidra til at denne blide og kjekke ungdommen frå Belo Horizonte i Brasil vil få ei erfaring og eit godt minne for livet frå Rotary-året i Sykkylven.

Daniel Pedrosa frå Belo Horizonte i Brasil. Byen ligg 440 km nord for Rio de Janeiro, ved vegen mot hovudstaden Brasilia.

Skribent: Olav Pileberg

 


 
Presidenten sin time

18. mai 2019

Presidenten sin time

President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

22. januar 2019

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

10. februar 2018

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

28. oktober 2017

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Klubbens møter denne måneden

MØTEFRI pga TUR 26.MAI

2024-05-22 19:00 - 20:00

Rotarytur Nordøyane

2024-05-26 08:00 - 21:00

LINDA AURDAL WALES EGO-FOREDRAG

2024-05-29 19:00 - 20:00

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS