Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.

Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.12.2016:

President Steven ønska vel møtt, og særleg til kvelden sin gjest, Kjetil Tandstad. Han helsa også frå May Britt og Lone og Lola Day Care Center som ønska alle i Klubben God Jul.

Elles minte Steven som vanleg om noko av det som har hendt opp igjennom historia denne datoen:

Thomas, Tommy og Tom har namnedag.

1913: Første kryssord blir utgitt.

1937: Filmen «Snehvit og de syv dvergene» blir vist for første gang.

1962: Rondane Nasjonalpark blir oppretta.

1968: Apollo 8 blir skote opp.

1988: Eit Pan Am fly styrter over Locherbie i Skottland etter at ei bombe hadde eksplodert om bord. 270 menneske blir drept.

Referent tek seg den frihet å tilføye at sola i dag «snur» kl. 11:44. No går det langsomt, men sikkert mot lysere tider.

Trubadur Olav hadde funne fram ei vise som passa svært godt til Julemøtet, nemleg Alf Prøysen si «Julekveldsvise». Olav spela piano og Daniel akkompagnerte på gitar.

Som alltid når det er Julemøte sørga Olav for å spele eit utdrag av Johan Sebastian Bach sitt «Juleoratorium». Olav understreka at vi ikkje kunne spele heile Oratoriet, det ville ta fleire timer.

Sekretær Knut Henning var tilbake, og fortalte at det er Petter W. og Arvid N. sin tur til BUAS- besøk. Elles ingen fødselsdager fram til nyttår. Forrige møte var det 24 frammøte. Når ein tek omsyn til permisjoner, gir dette eit oppmøte på 59 %.

3- minutt var ved Hallstein: Han fortalte om den bransjen han jobber i, nemleg bussbransjen her i Møre og Romsdal. Første bussrute var i 1908 mellom Batnfjordsøra og Molde. Bussrutene var stort sett sjølfinansierende fram til 1950- talet. Då inntektene begynte å gå ned pga. auka privat bilisme, kom Fylket inn og tok over ein del av finansieringa. I 1973 var det heile 54 busselskap i Møre og Romsdal. Samferdselskomiteen på Stortinget synes at dette var lite rasjonelt og oppfordra selskapa til å slå seg saman. I 1988 var det 15 busselskap, og pr. dags dato er det berre 4 selskap. Dette er Nettbuss, som Hallstein er ansatt i, med 70 % av omsetninga. Dette er eigd av NSB, som igjen er statseid. Tide har 15 %, Boreal 10 % og Veøy 5 % av omsetninga. Det er ikkje snakk om ytterligere fusjoner pga. at det er så få selskap tilbake. Derfor vil ikkje Konkurransetilsynet godkjenne dette. Dei fleste har sikkert lagt merke til at bussane i M & R er blitt kvite og blå og merka «Fram». Det er fylkeskommunen som har tatt over drift og administrasjon av busselskapa. Dette har nok ført til meir byråkrati, men også gjort det lettare å vere busspassasjer, i følge Hallstein. Det blir satsa på kollektivtransport, og ein håper i f.eks. Ålesund å auke transporten av bussreisende frå 6 % - 7 %  i dag til 15 % i nær framtid.   Ei oversiktlig og grei framstilling frå Hallstein.

Så var det Kjetil Tandstad sin tur å fortelle litt frå eit kapittel i boka «Proprietærene». Det kapittelet som Kjetil har forfatta i boka er om Rønnebergslekta i Ålesund sin vekst og fall. Særlig tok han for seg sjølve grunderen av Rønnebergdynastiet, Christoffer Rønneberg. Han kom frå fattige kår på Jæren.t, men flytta nordover til Møre på 1750- talet, og gifta med ei kone med både formue og penger. Dette ga han økonomisk fundament til å satse på videreforedling og salg av klippfisk. Klippfisk er torsk tilsatt salt i motsetning til tørrfisk som er uten salt. Kristoffer hadde lært å lage klippfisk av skottene. Etter kvart som han tjente masse penger på dette salget, sørga han for å kjøpe opp bygninger, garder og eiendommer. Han blei til slutt Sunnmøre sin rikeste og mest formuende mann.

Christoffer var utan tvil ein svært dyktig, flink og framsynt forretningsmann som gjekk meir etter penger og jordisk gods enn det å vere fornem. Ein kan sei han var datida sin Røkke. Men ifølge forfatter Kjetil, var han nok ein samansatt personlighet.  Hadde bl.a. eit heftig temperament og var ofte i tvistemål. Fleire gonger blei han anklaga for slagsmål og for å ha skada folk. Så vidt referent forstår, kom han seg ut av dei fleste tvistemål utan å bli dømt for noko.

Kristoffer var også ein menneskekjenner og flink til å karakterisere folk. Dette fekk dei 3 sønene hans erfare, med kallenamn som var svært treffande for deira personlighet.

Dei næraste etterkommerne utvikla dynastiet vidare, slik at dette, i sine «velmaktsdager»  eide store deler av Ålesund og Sunnmøre. Eit utrykk som litt eldre folk kjenner igjen er: «Vi før ikkje han Rønneberg med å sitte her». Altså var det på tide å ta fatt på arbeidet igjen etter ein pause.

I dag er det nok lite og inkje igjen av Rønnebergdynastiet. Mest kjente namnet er sjølsagt krigshelten Joakim  Rønneberg, men så vidt referent forstår har ikkje han hatt noko med den tradisjonelle forretningsdrifta å gjere.

Eit artig og interessant innslag av Kjetil Tandstad. Velfortjent gåve frå president Steven.

Rotaryven og sokneprest Helge var blitt oppfordra til å sei noko om jula. Han innleia med å fortelle at han kjenner godt ein kar ved namn Rønneberg, nemleg Olav som er kateket i Skodje(?). Vidare fortel Helge at han denne tida før jul ofte opplever eit dilemma. Han får i oppdrag å sei noko om jula, men samstundes skal det, som i Rotary, vere religiøst nøytralt. Dette er sjølsagt ikkje enkelt. Det er ikkje lett å kome bort frå at jula er ei kristen høgtid der vi feirer at Gud blei menneske. Å ikkje kunne snakke om dette, gjer at ein ikkje kjem inn til kjerna i jula, ifølge Helge.

Nesten fram før kvar jul dei siste åra har det vore diskusjon i media om skuleelever skal delta på Julegudstjeneste. Særleg Human Etisk Forbund meiner at gudstjenestene er forkynning, og dermed høyrer heime i den private sfære, og  ikkje er noko skulen skal befatte seg med. Helge gjekk langt i å ha forståelse for dette synet. Han vil likevel fortsette å halde skulegudstjeneste så lenge dette er eit ønske frå skulen. Vidare fortel han at ved konfirmantførebuingar blir han oppfordra av foreldra til å både forkynne og lære konfirmantene kristen lære og moral. Dette er sjølsagt greit nok, men egentlig er det foreldra og fadre som har hovedansvaret for dette.

I ei avslutning i eit bystyre blei det sunge «Deilig er jorden». Dette blei for sterkt for 3 representanter frå eit politisk parti, som dermed trakk seg ut av bystyresalen. Om 20 år, seier Helge, vil dette neppe vere noko problem lenger. Då vil ingen kjenne denne sangen, dersom utviklinga går slik som i dag.

Tankevekkende foredrag frå ein reflektert Helge.

Jula handler om tradisjon. På eit punkt blei det eit brot i år. Tidlegare år er det blitt servert koldtbord med dessert og kaffi etterpå. I år var det rømmegraut, supplert med litt spekemat. Til drikke var det saft og kaffi med tvist.

Sjølsagt måtte Daniel, vår utvekslingsstudent få julegåve. Eit gåvekort på kr. 500, så vidt referent veit. Dessutan blei han oberservert med ei fiskestang etter møtet. Eg går ut frå at dette også er julegåve.  

Når det gjaldt sang var det heller ikkje brot på tradisjonene. Først blei Jakob Sande sin nydelige «Det lyser i stille grender» sunge. Til slutt reiste alle seg og sang «Deilig er Jorden». Ingen gjekk under synginga.

Til slutt stod det igjen for Steven å takke for frammøte og ønske alle God Jul. Etterpå utveksla mange handtrykk og klemmer med ønske om det samme.

Referent

Jarle Svindseth

 

 

 

 



 
Presidenten sin time

18. mai 2019

Presidenten sin time

President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

22. januar 2019

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

10. februar 2018

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

28. oktober 2017

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Klubbens møter denne måneden

MØTEFRI pga TUR 26.MAI

2024-05-22 19:00 - 20:00

Rotarytur Nordøyane

2024-05-26 08:00 - 21:00

LINDA AURDAL WALES EGO-FOREDRAG

2024-05-29 19:00 - 20:00

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS