Referat frå Rotarymøte
20.09.2017:
President Bastian ønska alle vel møtt, og spesielt kvelden
sin foredragsholder, Mariann Urke. Elles må 3 andre gjester nevnes: Roald Mork som har
vore gjest hos oss fleire ganger. Dessuten Otto Magne Strømmegjerde og ei
kvinne som referent ikkje kjenner namnet til (kan ho vere søster til Greta?).
Presidenten nevnte nokre få begivenheter denne datoen:
Tobias og Tage har navnedag.
I 1920 blei Rolf Kirkevaag født.
I 1941 blei det innført ekstra skatt på inntekter over 8000
kroner. Derimot fekk dei med inntekter under 1500 kr sleppe skatt.
I 1996 døydde krigshelten Max Manus.
Visepresident Greta fekk i oppgåve å finne ein høveleg
Rotarysang. Den oppgåva løyste ho på beste måte: Sangen blei oppkvikkende:
«Få stemninga opp».
I sekretær Knut Henning sitt fråver, opplyste presidenten at
det er Per Ringdal og Kai Otto Roald sin tur for BUAS-besøk. Ingen fødselsdager
denne veka. Forrige møte var det 19 frammøtte. Medrekna permisjoner og fritak,
ga det ein frammøteprosent på 67.
Så var det Knut Vollstad sin tur for 3- minutt. I tråd med
kveldens tema om å leve med hjarteinfarkt, fortalte Knut litt frå si
sjukdomshistorie. For 3 til 4 måneder siden, fekk han eit nytt hjarteinfarkt. Første infarktet fikk
han for 20 år siden. Så fortalte han om den fantastiske opptreninga ved
Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus. Denne går over 13 veker. Her er det
tøff trim med pulsmåler og intervalltrening. Målet er å få til 5 pulstopper mot
max puls. Dette gir auka kondisjon, sjøltillit og tru på seg sjøl. Det demper
redsel for at fysiske påkjenninger kan vere farlig. 2 ganger blir det også
arrangert fjellturer. Ved siden av den fysiske treninga, blir det også
undervist om hjerte og hjerteproblematikk. Knut kan ikkje få takka Hjerterehabiliteringa
nok.
Så var det Rotarykaffi med sedvanlig gode kaker.
Etter kaffen, var det spesialsjukepleier Mariann Urke sin
tur. Ho er frå Sykkylven og jobber ved Hjerterehabilitering ved Ålesund
sjukehus. Så vidt referent forstår, var et her Knut og ho blei kjent.
Mariann heldt eit detaljert, pedagogisk og grundig foredrag
om «Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjarteinfarkt». Referent kan ikkje gå i
detalj når det gjeld foredraget. Sjå gjennom Mariann sin utmerkete presentasjon!
Referent vil likevel ta for seg grunntrekka i foredraget: Ho begynte med å
forklare kva angina pectoris og hjerteinfarkt er. Videre tok ho for seg kva som
er årsak til dette, arterosclerose. Det er fettpropper som tetter
blodtilførselen til hjertemuskulaturen, slik at denne får for lite oksygen. I verste fall kan deler av hjertemuskelen dø.
Dette kan, i verste fall, vere dødelig.
Noko som vi har høyrt mykje om er kolesterol. Vi har god
kolesterol (HDL) og dårleg (LDL). Det er sjølsagt viktig å ha så mykje som råd av
den gode og motsatt av den dårlige. Store mengder av den dårlige kan disponere
for tette blodårer og infarkt.
Men det er fleire risikofaktorer: Høg blodtrykk, røyking,
diabetes, feil kosthold, overvekt og stress. Men ikkje minst er familiære
disposisjoner kanskje største risikofaktoren.
Kva så om ein får eit infarkt? Då er tida ein viktig faktor.
Kome til sjukehus og få trombolyse og smertestillende (MONA) så fort som råd.
Videre transport til St. Olavs for vårt distrikt. Då er det gjerne to
operasjonsalternativ: Blokking og stent, eller bypass. Den siste operasjonen er
større og meir riskofylt enn den første.
Etter infarkt og operasjon er det medikamentell behandling
og livsstilsforandring som er aktuelt: Særleg er det viktig å slutte å røyke.
Dette vil redusere sjansen for å få tilbake nytt infarkt med 40 %. Fysisk
aktivitet vil redusere residivsjansen med 30 %. Videre må ein legge om kosthold
slik at dette blir sunnere med mindre feitt, sukker og salt. Dessuten er det
viktig å redusere stress.
Når det gjeld medisinbehandlinger er det mange bivirkninger.
Mariann nemnte mange av desse. (sjå presentasjon).
Like tøffe, eller helst tøffere, er psykiske reaksjoner som
kjem etter eit infarkt: Mariann delte dette i 4:
-
Akuttfase med sorg og sinne.
-
Reaksjonsfase med sorg og angst. -
-
Rehabiliteringsfase med gradvis bedring. No
starter opptrening.
- Til sist tilbake til kvardagen med restitusjon og evt. tilbake til yrkeslivet.
Men ein må ikkje gløyme dei
pårørende opp i alt dette. Er sjukdomen ei påkjenning, så vil dette også virke
inn på ektefelle og barn. Eit sosialt nettverk er sjølsagt ekstra godt å ha i slike situasjoner.
Når bør ein så kontakte lege? Mariann nemnte fleire symtom
som ein må vere merksam på. Kanskje det viktigste for oss menn er sterke
smerter i brystet som stråler ut i ve. arm og opp mot ve. side av ansiktet. Hos
kvinner kan symtoma vere meir diffuse: Ofte med magesmerter og smerter i
brystryggen.
Avslutningsvis nevnte Mariann at ein slik alvorlig sjukdom
ikkje alltid treng å vere entydig negativ: Mange rapporterer at dei forandrer
syn på livet, blir meir reflekterte og
set meir pris på dei små gledene livet gir. Til sist anbefalte ho at pasientene
ikkje måtte sjå begrensningene, men mulighetene.
President Bastian takka for det flotte foredraget, og som ein gest, trassa han gode kosthaldsråd og overrekte Mariann ei konfekteske.
Så minte han om neste møte 27. september då vi får besøk av den nye adm. dir. ved Formfin. Så takka han for oppmøte og ønska alle vel heim.
Referent
Jarle Svindseth
15. november 2024
Onsdag 13. november fekk vi besøk av Sykkylven Røde Kors ved Jon Erdal som fortalde om alt det flotte arbeidet dei gjer for bygda både innan omsorg og i hjelpekorpset. Vi fekk eit godt innsyn i det viktige arbeidet dei gjer.
22. oktober 2024
Rotary held fram kampen mot polio –
Rotary-klubber verden over held fram kampen mot polio, og no har innbyggjarane i Stranda og Sykkylven ei unik moglegheit til å bidra. Ved å gi til lokalt Vipps-nummer 134399 kan du bidra.
20. oktober 2024
Hvert bidrag teller i kampen mot polio! Visste du at når du gir penger til Polio plus, tredobles effekten av din gave? For hver krone du gir, matcher Bill og Melinda Gates med to kroner. Sammen kan vi stoppe polio én gang for alle! Vipps til 134399
19. oktober 2024
Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.
17. oktober 2024
«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.
18. mai 2019
President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020
22. januar 2019
Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.
10. februar 2018
Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.
11. januar 2018
Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.