Rydding i kirkeparken
Dugnad i Kyrkjeparken
Eit sikkert vårteikn: sist onsdag var Sykkylven Rotary Klubb på plass og pussa opp Kyrkjeparken etter vinteren, til hugnad for dei mange som finn glede i området. «Kom mai, du skjønne, milde…» Mai er månaden som alle gleder seg til: konfirmantar, musikantar, unge, aldrande og eldre. Å leike, rusle rundt, eller berre sitje på ein benk og trekke inn lufta av vår. Kanskje nyte synet av det norske flagget i flaggstanga; «Det er Norge i rødt, hvitt og blått!»
Graving, klipping og raking, – vekk med ugras, kvister, plast, boksar og anna rusk og rask som skjer i augene. Konseptet er stort sett det same, frå år til år: Sykkylven kommune stiller traktor med romsleg tilhengar til rådvelde: takk, Jan Kåre Oterhals og Tekniske tenester! Dei fleste medlemmene i klubben har hage sjølve, og såleis bra greie på kva som skal til. Dei kan også å behandle ei motorsag, om det skulle vere nødvendig. Stemninga er vanleg munter, og særleg når kaffikoppen og ein velsmakande matbit kjem på park-bordet omtrent halvvegs i dugnaden, går drøset livleg. I år var det kjøleg i lufta med sludd på markene nokre dagar i førevegen, men så kom varmare luft sigande frå sør og skapte perfekte tilhøve for innsats: solskin, fryd og gaman i parken. Perfekt timing! Rotary-president Kristin Grebstad og dugnads-ansvarleg Svein Erik Kampenes strekar begge under kor viktig ei slik oppgåve er for medlemmene: gjennom samhald og felles innsats oppfyller dei Rotary sitt overordna mål «Service above self». Dessutan er det viktig for oss alle som brukar området ved Kyrkjeparken!

Bilete, frå venstre: Steven, dugnadsleiar Svein Erik, Roger, Geir (bak), Knut Jarle, president Kristin Grebstad, Hallstein, Bjørg, Øyvind, Ilyas, Bastian, Knut Martin, Sindre, Olaf, Arild (på huk), Rolf, Odd Jostein, Odd. Bak kamera: Olav Pileberg
Fleire bilete for Nyss nettside:

Geir demonstrerer rå makt og lempar trillebåra med innhald elegant oppi den kommunale tilhengaren.
«Utan mat og drikke duger helten ikkje», heiter det i ordtaket. Her er det Roger (nærast), Olaf, Rolf, Sindre og Steven som har funne tonen.
Kyrkjeverje Arild kan å handtere både greinsaga og administrasjonen av kyrkja. Ilyas er på plass med ei hjelpande hand.
Sykkylven Rotary Klubb, Olav Pileberg, tekst og foto, for Nyss, den 06. mai, 2026.
19. april 2026
Presentasjon av Høbben
Onsdag den 15. april fekk klubben besøk frå HØBBEN ungdomsklubb i Ullavika. Hanna, Hedda, Sofie og Kieu presenterte klubben på beste vis til eit lydhøyrt publikum.
9. april 2026
Sykkylven Rotaryklubb inviterte Severin Roald til foredrag. Tema: Kunsten å skape tillit.
Severin Roald som vaks opp i Sykkylven, men som no bur i Oslo.
Gjennom foredraget «Kunsten å skape tillit» ga han fleire nyttige råd til dei frammøtte.
Roald var blant anna innom 10 punkt for korleis ein kan skape tillit.
26. april 2025
Kyrkjepark og Rotary-dugnad
Det nærmar seg både konfirmasjon og 17. mai, og tradisjonen tru stiller Sykkylven Rotary Klubb (SRK) opp med vårpuss i området ved kyrkja.
27. mars 2025
Medlemsmøter hos LK Hjelle 26 mars 2025
Bedriftsbesøket hos L. K. Hjelle Møbelfabrikk var frå starten av samling i møterom bak dei store og spennande glasflatene i arkitekturen som ein kunne sjå frå utsida. CEO dei siste fem åra, Jens Peter Brunstad, ønska velkommen til oss 23 frammøtte og pres
13. desember 2024
Besøk av Lene Trude Solheim frå NHO
Lene besøkte oss med foredraget: Næringslivets perspektiv - for utvikling og vekst. Vi fekk eit godt innblikk i kva NHO driv med og om næringslivets utfordringar i Møre og Romsdal.
15. november 2024
Sykkylven Røde Kors
Onsdag 13. november fekk vi besøk av Sykkylven Røde Kors ved Jon Erdal som fortalde om alt det flotte arbeidet dei gjer for bygda både innan omsorg og i hjelpekorpset. Vi fekk eit godt innsyn i det viktige arbeidet dei gjer.
22. oktober 2024
Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!
Rotary held fram kampen mot polio –
Rotary-klubber verden over held fram kampen mot polio, og no har innbyggjarane i Stranda og Sykkylven ei unik moglegheit til å bidra. Ved å gi til lokalt Vipps-nummer 134399 kan du bidra.
20. oktober 2024
Høyr Bill Gates oppfordre oss til å bidra til Polioaksjonen
Hvert bidrag teller i kampen mot polio! Visste du at når du gir penger til Polio plus, tredobles effekten av din gave? For hver krone du gir, matcher Bill og Melinda Gates med to kroner. Sammen kan vi stoppe polio én gang for alle! Vipps til 134399