Referat frå Rotarymøte 6. desember 2017:
President Bastian ønska alle vel møtt til dette Rotarymøte, 6. desember, og spesielt til kvelden sin foredragshaldar, Ragnar Kaland. I tillegg var det to andre gjester, den eine er leder for RYLA i vårt distrikt, Rolf Klock. Den andre, må referent innrømme han ikkje fikk tak i namnet på. Uansett stor applaus til alle tre.
Tradisjonen tru tok presidenten for seg noko av det som har skjedd denne datoen:
Nils og Nikolai har namnedag.
1492: Columbus kom til Haiti.
1917: Finland erklærer seg sjølvstendig.
1971: Langrennsløper Oddbjørn Hjelmeset blei født.
1978: Spania får demokratisk grunnlov.
2001: NSB, Postverket og luftfartsverket blir aksjeselskap.
Trubadur Olav var både i julestemning og nostalgistemning. Han lanserte ein sang frå «Jul i Skomakergata» som heiter: «Vi tenner våre lykter». Tekst og melodi av Bjørn Rønningen. Olav hadde håpa på melodisk ledsagning frå teknisk hald, men dette viste seg å vere vanskelig. Men Olav, med si flotte stemme, var ein flott forsanger, og då trengte ein ingen hjelp frå YouTube.
Sekretæren hadde trassa ein travel kvardag og kunne forkynne at det ved forrige møte var 19 frammøtte. Regna med permisjoner og fritak gav dette ein frammøteprosent på 49.
Når det gjaldt bursdager så vil Knut Vollstad fylle 79 år kommende veke. Jubilanten synest dette høyrtes mykje ut.
Men det var fleire som hadde fylt år: Odd Holen hadde nettopp fylt 70 . Han takka så mykje for flotte blomster frå klubben. Elles kunne han fortelle at han hadde feira dagen på ein eksotisk stad, Sri Lanka. Dette hadde visst falt i smak. Han opplevde eit vennlig folk og god mat, sjøl om tilberedinga av denne var litt spesiell. Veret var stort sett fint, men fekk også oppleve ein tropisk storm.
3- minutt var ved Knut Jarle Vik. Når vi først er inne på feiringer, så fortalte han korleis dei ved arbeidsplassen hans hadde kutta ut det tradisjonelle julebordet og erstatta dette med ein god, gammeldags julefest. Dette starta på 1970- talet i regi av «mor Møre Trafo»: Borgny Kristiansen. Heile familien til dei tilsette blir bedt til feiring. I år blir dette på Kulturhuset. Festen er på barna sine betingelser med nissebesøk og utdeling av julegaver. Men berre dei som møter opp får gaver. Så er det meir tradisjonell markering med matøkt, taler, utdeling av utmerkelser og underholdning for store og små. Til sist er det gang rundt juletreet. Etter referent si meining, ein fin måte å markere tida før jul på.
Så var det Rotarymatykt hos oss også med sedvanlig god kaffe og kaker.
Herr Kaland hadde litt tekniske problem med databrannmurer som virka i mot kvarandre. Derfor måtte han improvisere litt under foredraget. Det gjorde ingen ting. Ragnar har ordet i si makt og er tydelig vant til å snakke foran forsamlinger. Temaet for kvelden var arbeidsplassen hans, Laader Berg. Dette er namnet til han som starta bedrifta. Laader var tydeligvis ein fargerik person. Han var Lingesoldat under krigen, men då han viste seg å vere ein teknisk begavelse, blei han holdt igjen i England i staden for å bli sendt på oppdrag i Norge.
Etter krigen dreiv han innovasjon både innen møbel og innen våpensystem. Ragnar nevnte, som ein kuriositet, at han for 40 år siden teika eit bombefly slik han såg det for seg i framtida. Dette ser visst til forveksling likt ut med dagens bombefly med stealt-teknologi. Dette gjer m.a. at dei er vanskelig å oppdage på radar.
Men det er innen produksjon av skummingsmaskiner han har satt mest spor etter seg. For 55 år sidan starta han bedrifta med sitt eige namn. Han utvikla denne til å bli verdens ledende innen produksjon av Polyuretan skummingsmaskiner. Så vidt referent forstår, er dette svære maskiner som er frå 35 – 55 meter lange. Ein tilsetter kjemikalier i eine enden, og via masse kjemiske prosesser, kjem det ut skumplast i andre. Dette er sikkert innvikla prosesser og kjemi, men Laader la vekt på at maskinene skulle vere enkel å operere. Kostnaden er frå 6 – 7 mill. til 14 – 15 mill. kroner. Sjøl om dette for så vidt er ein bra pris, fortalte Ragnar at kjemikaliene som maskinene bruker i produksjonen er forholdsvis mykje dyrere. Allereie etter 24 timer kan skumplastprodusenten har brukt opp summen som maskina koster.
Etter produksjon av dei ulike delene ved Laader Berg, blir maskinene satt sammen og testa. Så blir delene plukka frå kvarandre og frakta til salslandet. Så vidt referent forstår, reiser det folk frå Norge og setter saman maskina der. Det har av den grunn vore lite reklamasjoner
Produksjonen er årlig 15 maskiner. Levetida til ei slik maskin er 35 – 40 år. I alt er det produsert 500 maskiner som er selt til 100 forskjellige land. I Norge er det berre 3 slike maskiner. Ekornes har visst ei av dei. Det er gjerne størst markedi land og områder der det er bil- og møbelproduksjon. Eit stort potensial for salg av maskiner, ser Ragnar i Kina og India. Her bur det masse folk som etter kvart vil ha høgre levestandard. Kineserne har plukka maskinene frå kvarandre og kopiert delene i minste detalj, men uten at funksjonen av dei nye maskinene har gått knirkefritt.
Ragnar avslutta med å fortelle at den familiestyrte bedrifta alltid har gått med overskudd økonomisk. Laader Berg familien eig fortsatt bedrifta, men for første gang er det ikkje ein Berg som er adm. dir. i firmaet. (Per Henning Vågen). Ragnar sin rolle er på salgssida. Han har i samband med salg reist til svært mange land og fått oppleve mange kulturer og veremåter.
Eit flott og interessant foredrag av Ragnar, som rodde det heile fint i land trass i ein del tekniske vansker.
Det var mange spørsmål etterpå, men Presidenten måtte begrense denne runden, då vi var ein del på overtid.
Ragnar fekk så overrakt ein velfortjent gest. Så stod det berre for Presidenten å takke for frammøte og ønske vel heim.
Jarle Svindseth
15. november 2024
Onsdag 13. november fekk vi besøk av Sykkylven Røde Kors ved Jon Erdal som fortalde om alt det flotte arbeidet dei gjer for bygda både innan omsorg og i hjelpekorpset. Vi fekk eit godt innsyn i det viktige arbeidet dei gjer.
22. oktober 2024
Rotary held fram kampen mot polio –
Rotary-klubber verden over held fram kampen mot polio, og no har innbyggjarane i Stranda og Sykkylven ei unik moglegheit til å bidra. Ved å gi til lokalt Vipps-nummer 134399 kan du bidra.
20. oktober 2024
Hvert bidrag teller i kampen mot polio! Visste du at når du gir penger til Polio plus, tredobles effekten av din gave? For hver krone du gir, matcher Bill og Melinda Gates med to kroner. Sammen kan vi stoppe polio én gang for alle! Vipps til 134399
19. oktober 2024
Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.
17. oktober 2024
«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.
18. mai 2019
President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020
22. januar 2019
Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.
10. februar 2018
Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.
11. januar 2018
Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.