Referat frå Rotarymøte
17.01.2018:
President Bastian var tilbake i sitt embete, og ønska alle
vel møtt til dette møtet 17. januar. Spesielt ønska han vel møtt til gjestene Roald
Bjørn Mork og kvelden sin foredragshaldar Magne Skudal. Innleiingsvis nevnte
Bastian noko av det som har skjedd denne datoen opp gjennom tida:
Han innleia med at vi no har fått ny regjering. Kanskje blir
dette noko som blir nevnt ved seinere Rotarymøte. Men så nokre år tilbake i
tida:
1647: Postverket blei oppretta.
1702: Oppfinneren av bl.a. lynavlederen, Benjamin Franklin
født.
1899: Ein ikkje fullt så samfunnnyttig person, Al Capone
født.
1917: Dansk Vestindia kjøpt av USA og fikk navnet Virgin
Island.
1946: Det første møtet i FN sitt Sikkerhetsråd blei avholdt.
1991: Kong Olav 5 døde.
I sekretæren sitt fråver, forkynte president Bastian at det
er Oddbjørn R. og Asbjørn R. sin tur til BUAS-besøk. Når det gjeld bursdager,
så fyller Arvid N. 66 år 21. og Olav P. 75 år den 22. januar. Frammøtet sist
var 26. Rekna med permisjoner og fritak for møteplikt gav dette habile 65 %.
3-minutt denne gang var ved Steinar Nordmo. Han fortalte at
om 14 dager er det ei stor hending. Då vil det bli gratis å køyre over
Sykkylvsbrua. Steinar tok for seg ei lita historisk gjennomgang av brubygginga.
Ideen oppstod på 1980- talet, og det var Jan Fredriksen som var idemakeren.
Steinar meinte at hadde det ikkje vore for vår rotaryven Jan, hadde det neppe
vore noko bru i dag. Første alvorlige framstøt for å få brua ut frå idestadiet,
kom i 1990, men dette var mislykka. Men ein gav ikkje opp. Brufinans blei
stifta som det einaste private bompengeselskapet i landet. Dessuten gjekk
Ekornes Fabrikker og Sykkylven Kommune inn som aksjonærer. «Folk flest» kunne
også tegne seg for aksjer. Til slutt var finansieringa i orden og brua kunne
planlegges og bygges. I oktober 2000 stod den ferdig. No er det gått 17 og eit
½ år med bompenger og ein kan snart køyre gratis. Steinar nevnte at i tillegg
til vår rotaryven Jan, var både Einar og Jens Ekornes svært sentrale i å få
realisert brua. Steinar fortalte at han har vore styreformann i disse åra.
Stort sett har det vore ei positiv oppleving, sjøl om enkelte har ytra seg kritisk
på sosiale media. Tilslutt nevnte han at vår rotaryven og ordfører Odd Jostein,
kom med forslag om at kommunen skulle avstå frå priskompensasjon. Dei andre
aksjonærene gjekk med på dette. Dermed kunne brupassasje bli gratis 7 – 8
måneder tidligere enn planlagt. 31. januar blir markert med kafe, kaker og
fyrverkeri. Mange i rotaryklubben kan sikkert tenke seg å delta på dette.
Neste 3 minutt blir ved visepresident Greta.
Så var det Rotarykaffi og som vanlig gode kaker.
Til dagens møte var det ualminnelig godt frammøte. Kanskje var
forklaringa kvelden sitt hovedtema: «Bil: Kva skal ein velge:? Elektrisk,
hybrid, gass, diesel eller bensin ?» Det var sekretær i Sunnmøre
Bilbransjeforening, Magne Skudal som var foredragshaldar om dette, for oss
gutta, interessante tema.
Han innleia med å
fortelle at han er oppvaksen i ein bilfamilie, og har teknisk utdanning bl.a. frå
Charlmers tekniska høgskola i Gøteborg. I politikken har han vore medlem i
Ålesund Bystyre og var også medlem i Fylkestinget. Så vidt referent forstår,
var han medlem i Samferdselsutvalget. No er han sekretær i Sunnmøre
Bilbransjeforening. Han fortel at han
jevnlig har møte med representanter frå bilforretningene i Ålesundsområdet. I
alle fall skulle det ikkje vere noko i vegen med kvalifikasjonene til å uttale
seg om kveldens tema.
Magne innleia med å fortelle at 21 % av bilparken i Norge er
elbiler. Til referent sin overraskelse, kunne han fortelle at i Europa er det
kun 1 % av bilparken som består av El-biler. Årsaka til dette er at når det
gjeld ladning av bilene, har vi i Norge tilgang på rein og billig energi. I
Europa er denne dyr, og gjerne produsert av forurensende kolkraftverk.
Kva styrer så bilvalget i framtida ? Magne gjorde oss
oppmerksom på at ein bruker bil heilt
annaleis i Oslo enn i Finnmark. Så vidt referent tolka Magne, meinte han
Stortinget har ein tendens til å styre etter forhold og behov i Oslogryta. Ein
El-bil kan vere praktisk i Oslo, men i distriktet i Norge, for ikkje å snakke
om i resten av Europa, kan dette vere meir upraktisk.
Magne nevnte også at Stortinget sin avgiftspolitikk som har
hatt ein tendens til å vere uforutsigbar. Sjølsagt til stor frustrasjon for
både bilbransjen og bilistene.
Eit moment som Magne nevnte er livsløpet til ein bil. Han
meinte at dersom ein tek med produksjonen av bilbatteria og destruksjonen av disse,
i tillegg til den straumen som trengs for å ladde dei, så forurenser dei like
mykje som bensin- og dieselbiler. Angående skroting av desse 400 volt batteria,
er ikkje dette heilt uproblematisk. Dette krever ein stor grad av sikkerhet og
ressurser. Ofte må dei returneres tilbake til fabrikken.
Kven er så største miljøsynderen globalt sett ? 15 til 16 av
dei største containerskipa i verda forurenser like mykje som heile jorda sin
bilpark. Logikken skulle tilsei at det vil vere mykje å hente ved å skaffe
reinere energi til disse skipa.
Foredragsholder nevnte også biodiesel. Dette er heller ikkje
uten problem. Produksjonen er dyr, og dersom fullverdig mat og dyrefor går med
til dette, er det etisk problematisk. Dagens bilmotorer kan ikkje benytte dette
drivstoffet og må bygges om.
Noko som har vore mykje i vinden, men som det til no ikkje
er blitt så mykje av, er hydrogen som drivstoff. Elon Musk, som står bak
produksjonen av Tesla, seier tvert nei til dette drivstoffet. Han trur at
framtida vil bringe reinere produksjon av batteri og dermed vil hydrogen bli
overflødig. Eit anna moment er vel at herr Musk blir litt som bukken og
havresekken i dette tilfelle.
Sjølkøyrende biler kjem, etter Magne si meining, til å komme
for fullt om nokre år. Forsikringsselskap
har rekna ut at det vil bli ein nedgang med 50 % av skadene når elektronikken
tek over for sjåføren. Elles vil det bli meir delingsøkonomi i framtida enn i
dag. Altså fleire familier kan gå sammen om å eigen ein bil i staden for, som i
dag, at det er eit menneske og ein bil.
Magne avslutta med at pr. 31.12.17, er 52 % av bilsalget biler med miljømotor,
altså El., ladbar hybrid eller hybrid. Naturlig nok blir 48 % bensin eller
diesel.
På landsbasis auka salg av miljømotorer med 33 %. På
Sunnmøre med 35 %. Bensin/dieselbiler gjekk ned med 18 %.
Magne såg for seg to senarioer i framtida. Det eine at El - bil
utgjer mesteparten av bilparken, medan det andre er at det er ca. 50 %
fordeling mellom El og biler på tradisjonelt drivstoff.
Konklusjonen til Magne er at mykje er usikkert i framtida.
Det er mange uoversiktlige konsekevenser og mange uforutsigbare konsekvenser.
Foredraget blei runda av med å vise ein filmsnutt der det
blei harselert over ein flott Mercedes som var proppfull av Duracellbatteri. Litt
upraktisk for å sei det mildt.
Etter fleire spørsmål, takka presidenten Magne, og overrakte
han ein innpakka brunost som ein gest. Til dette takka foredragsholderen, og
fortalte at han ikkje reiser til Syden uten å ta med seg nettopp brunost.
Så blei det bestemt at møtet vårt 31. januar blir framskynda
ein halvtime, slik at dei som vil, kan ta del i feiringa av at Sykkylvsbrua
blir gratis å passere. Deretter takka presidenten alle for frammøte og ønska alle
vel heim.
Referent
Jarle Svindseth
15. november 2024
Onsdag 13. november fekk vi besøk av Sykkylven Røde Kors ved Jon Erdal som fortalde om alt det flotte arbeidet dei gjer for bygda både innan omsorg og i hjelpekorpset. Vi fekk eit godt innsyn i det viktige arbeidet dei gjer.
22. oktober 2024
Rotary held fram kampen mot polio –
Rotary-klubber verden over held fram kampen mot polio, og no har innbyggjarane i Stranda og Sykkylven ei unik moglegheit til å bidra. Ved å gi til lokalt Vipps-nummer 134399 kan du bidra.
20. oktober 2024
Hvert bidrag teller i kampen mot polio! Visste du at når du gir penger til Polio plus, tredobles effekten av din gave? For hver krone du gir, matcher Bill og Melinda Gates med to kroner. Sammen kan vi stoppe polio én gang for alle! Vipps til 134399
19. oktober 2024
Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.
17. oktober 2024
«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.
18. mai 2019
President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020
22. januar 2019
Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.
10. februar 2018
Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.
11. januar 2018
Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.