Referat frå Rotarymøte
11.04.2018:
President Bastian ønska som vanlig vel møtt, og spesielt til
våre to gjester, Roald Mork og kvelden sin foredragsholder, Gitte Langlo.
Som vanlig tok han for seg noko av det som har hendt denne datoen
opp igjennom historia:
Ulf og Ulva har navnedag.
1713: Freden i Utrecht. Slutt på den spanske arvefølgerkrig.
1869: Gustav Vigeland født. Frå 1921 og åra framover fekk
han oppført skulpturene i Vigelandsanlegget.
1953: Siste kontingent av Tysklandsbrigaden kom heim. Dei
første drog til Tyskland i 1947.
2002: FN sin krigsforbryterdomstol i Haag blei oppretta. USA
kom med i 2004.
Trubadur Olav hadde funne ei vise av Ivar Simastuen:
«Gamleskolen». Denne gongen var det ein teknisk duppeditt som ledsaga oss i sangen.
Referent kan tenke seg Olav sitt lærerhjerte slo ekstra under denne songen.
I sekretæren sitt fråver, forkynte president Bastian at det
er Ingjerd og Jan Kåre sin tur til BUAS- besøk. Når det gjeld bursdager er det
visst ein mann ved navn, Bastian som fyller år 13. april. Då fyller han 49 år. Stort jubileum neste år:-)
Årsfesten blei ein suksess, også når det gjaldt antall
gjester, nemlig 44. Dette er inkludert dei 4 innbedte gjester.
3- minutt var denne gang ved visepresident Greta: Ho held
eit veldig konsentrert foredrag om EkstraStiftelsen. Denne blei til i 1993 og
har no 25 års jubileum. Så vidt referant forstår, var dette til å begynne med
ein sjølstendig tippeorganisasjon som seinere har kom inn under Norsk Tipping.
Stiftelsen får 6 – 7 % av tippemidlene. Dette høyres ikkje så mykje ut, men det
blei faktisk 264 mill kroner i 2017. I løpet av disse 25 åra, er det blitt delt
ut 4 mrd kr. 1/3 av dette har gått til forskning innen helse og 2/3 til
helseprosjekt. I dette ligg det eit utvida helsebegrep.
Ein kan søke 2 gonger i året, og så vidt referent forstår,
er Greta saksordfører for disse søknadene. 8. mai blir det kalla inn til ein
endelig fordelingskonferense.
Det største prosjektet som EkstraStiftelsen har støtta er
Reumasol i Spania. Dette er eit behandlingssenter som er drevet av Norsk
Reumatikerforbund.
Som ei oppsummering konkluderte Greta med at Stiftelsen
støtter opp om frivillighet i Norge og ei støtte for dei som strever.
Så var det Rotarykaffi med saftige gulrotkaker.
Etter kaffen var det Gitte sin tur. Ho er prosjektleder for
ny sentrums/barneskule her i Sykkylven. Ho representerer ART- arkitekter og
ingeniører. Dei har kontor på Moa og Stranda. Dei driv med tverrfaglig
rådgivning, og har engasjert seg i mange skuleprosjekt.
Ho tok først for seg litt av bakgrunnen for prosjektet med
ny sentrumsskule. Det ligg 3 skuler i sentrum, Vik-, Aure- og Ullavik skule.
Aure skule er 64 år gammel. Vik skule er 50 år gammel og Ullavka skule er 40
år. Alle disse skulene begynner å bli slitne. Det vil koste masse penger å
sette dei i stand slik at dei stetter dagens krav til skule. Ein har tenkt seg
at det vil vere bedre å bygge ein heilt ny skule i sentrum som kan være felles
for disse 3. Den nye skulen vil vere tidsmessig og det heile blir meir
kostnadseffektivt og lettdrevet.
Plasseringa blir nord for Aureelva ved Bakkeøyane. Dersom det
blir bygget bru over Aureelva, vil ein
få samdrift med Kulturhus, Idrettshall, fotballbane og grusbane.
Gitte skisserte 5 utgreiingsfaser: Programmeringsfasen, som
ein no er inne i. Videre planleggingsfase – byggefase – prøvedriftsfase og
driftsfase.
Skulen får eit relativt stort areal på mellom 8000 kvm –
10000 kvm. Ein vil få brukermedverknad der også elevene blir med i
utforminga av skulen. Sjølsagt får skulen universell utforming. For å få ideer
til den nye skulen, har Gitte og ART reist rundt på forskjellige nye skuler i
distriktet.
Gitte skisserte ulike romkategorier som skal vere med i
den nye skulen: Generelt læringsareal og spesielt læringsareal. Det siste
omfatter rom til mat og helse, kunst og handverk, naturfag, bibliotek og
kulturskule.
Ein annan kategori er sal/saler til kroppsøving. Det blir
planlagt SFO- rom og kantine. Gitte skisserte noko ho kalla ressursavdeling.
Sjølsagt må administrasjon og personalareal planlegges sammen med
driftsavdeling. Til sist, men ikkje minst, må uteareal vere stort nok og
funksjonelt for elevene.
Gitte nevnte, at ved å få Kulturskulen inn, vil ein kunne
jobbe på dagtid. Dermed slepp barn og foreldre å ta i bruk verdifull tid på
ettermiddag og kveld. Same prinsippet er og med ein ny Idrettshall. Ved å ta med
ein slik hall med i planlegginga, vil ein få tippemidler. Dette kan utgjere opp
mot 10 mill. kroner.
Eit springende punkt er elevtallsutvikling. Her er det 3 scenarier. Det første med 420 elever og 3 parallelle klasser. Det
andre med 336 elever og fortsatt 3 parallelle klasser. Det mest pessimistiske
med 280 elever og 2 parallelle klasser. Så vidt referent forstod, så vil det
skille 25 mill. kroner i kostnad mellom det første og det siste.
Foreløpig er det meste på programmerings- og planleggingsstadiet. For tida foregår forhandlinger om
tomtekjøp. Arkeologene skal inn for å gjere sine undersøkinger. Grunnforholda
må kartlegges. Videre må det gjøres ei trafikk- og miljøanalyse. Siden dette er
jordbruksland, må det komme inn ei jordbruksvurdering.
Uansett vil den nye skulen har større areal enn dei 3 gamle
til sammen. Ca. 9000 kvm mot ca. 7000 kvm.
På bakgrunn av Gitte sitt foredrag har referent inntrykk av at programmeringsfasen i trygge
hender. Det gjenstår nok mykje planlegging og arbeid før den nye, og heilt
sikkert flotte skulen, står ferdig. Referent ønsker lykke til videre.
Som vanlig ved møte i SRK var det mange spørsmål i
etterkant. Slik også denne gang. Gitte svarte så godt ho kunne. Til slutt blei
ho hedra med sedvanlig innpakka ost og rosende ord frå presidenten.
Tilslutt minte han om neste møte om ei veke og ønska alle
vel heim.
Jarle Svindseth
15. november 2024
Onsdag 13. november fekk vi besøk av Sykkylven Røde Kors ved Jon Erdal som fortalde om alt det flotte arbeidet dei gjer for bygda både innan omsorg og i hjelpekorpset. Vi fekk eit godt innsyn i det viktige arbeidet dei gjer.
22. oktober 2024
Rotary held fram kampen mot polio –
Rotary-klubber verden over held fram kampen mot polio, og no har innbyggjarane i Stranda og Sykkylven ei unik moglegheit til å bidra. Ved å gi til lokalt Vipps-nummer 134399 kan du bidra.
20. oktober 2024
Hvert bidrag teller i kampen mot polio! Visste du at når du gir penger til Polio plus, tredobles effekten av din gave? For hver krone du gir, matcher Bill og Melinda Gates med to kroner. Sammen kan vi stoppe polio én gang for alle! Vipps til 134399
19. oktober 2024
Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.
17. oktober 2024
«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.
18. mai 2019
President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020
22. januar 2019
Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.
10. februar 2018
Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.
11. januar 2018
Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.