Referat frå Rotarymøte
22.08.2018:
President Greta ønska alle vel møtt, og spesielt kvelden sin
gjest og foredragshaldar, Bjørn Utgård. Greta har valgt å fortsette tradisjonen
med opplysninger om dagens dato:
-
Harry og Harriet har navnedag.
-
Navnet på inneværende måned, august er frå
keiser Augustus.
-
Denne dato, i 1905, fekk vi den såkalla
Riksakten, der Stortinget oppmoda svenske styresmakter å innlede forhandlinger
med Norge om frigjering frå unionen. Som vi veit enda dette godt, sjøl om det
ei stund var nokså spent.
-
Kultur: Forfatter Amalie Skram født denne dato i
1846. Komponist Claude Debussy født i 1862. Og på denne dato i 1911 og 2004
skjedde det to tjuveri av svært kjente maleri. «Mona Lisa» i 1911 og «Skrik» og
«Madonna» i 2004. Dei tre maleria kom etter kvart til rette.
Sekretær kunne fortelle at det er Ingjerd og Jan Kåre som
står for tur til BUAS- besøk. Forrige gang var det 23 frammøtte, og med
permisjoner og fritak, gav det ein frammøteprosent på 53.
Trubadur Olav er på reisefot. Odd fikk ansvaret for
Rotarysong. Dette blei «Sår du blomster», med tekst som passer godt Rotary
sine ideal.
3- minutt ved Bastian:
«Past President»,
Bastian fekk ikkje kvile på sine laurbær: Han heldt 3 minutt med eit svært
aktuelt tema, nemlig forkrisa i landbruket etter den varme og nedbørsfattige
sommeren. Vi må tilbake til 1947 for å finne tilsvarende.
Bastian fortalte at førsteslåtten ga avlinga for gras mellom 30 %
og 70 %. Andreslåtten utgjorde ca. 30 % - 90 %. Når det gjeld korn er
avlinga ca. halvparten av eit normalår. Dette gir ein krisesituasjon for
landbruket, fordi det blir altfor lite vinterfor. Dei forskjellige
bondeorganisasjoner har komme sammen for å forsøke å takle krisa. Felleskjøpet
har bl.a. tilbydd ei kraftforblanding. Denne blir blanda med halm frå
kornproduksjon. Dessuten har Landbrukssamvirke kjøpt inn 30000 rundballer med
grovfor frå Island. Bøndene blir no oppmoda til å ta ein 3. slått der dette går
an.
Så stilte Bastian spørsmålet om det har kome noko positivt
ut av forkrisa: Ja, det har det faktisk: Areal
er blitt teke i bruk som ikkje har vore i drift siste åra. Den verste
konsekvensen av krisa er at enkelte bønder må slakte ned halvparten av
buskapen. Bastian er ikkje imponert over myndighetene: Dei hadde stort sett
berre konstantert at veret hadde vore pent, og at ein får vente og sjå kva som hender.
President Greta informerte elles om den nye ordninga med
matservering: Kjellaug Roald tek seg av kakebaking og serveringskomiteen tek
seg av kaffe og oppvask. Dette for å spare penger som vi evt. kan bruke til
sosiale sammenkomster. I alle fall starta sesongen bra med gode sveler og kaffe.
Ekornes Marina ved Bjørn Utgård:
Så til kvelden sitt foredrag ved Bjørn Utgård. Temaet var
Ekornes Marina. Han innleia med å fortelle at han kjem frå Hundeidvik, men
flytta over eidet då kan fann seg ektefelle på Ikornnes. Han jobber no som
markedsdirektør ved Langlo.
Ekornes Marina blei stifta i 1997 og blei då kalla Sørstranda
Småbåtlag. 30 til 40 medlemmer gjekk på med frisk mot og fikk bygd eit klubbhus
for «mekking» av bl.a. motorer. Då Ekornes Fabrikker utvida i 2003, gjekk ein
del av badeplassen ved sjøen tapt. Som kompensasjon, fikk direktør Jens Petter bygd eit svømmebasseng som er 25 langt og 10 m
breitt. På det djupeste er det 170 cm. Bassenget blir varma opp med spillvarme
frå fabrikken, noko som utgjer opptil 55000 kW pr. måned. Uten dette, hadde ein
ikkje hatt råd til basseng, presiserte Bjørn.
Etter kvart har Marinaen blitt større og antall medlemmer
auka. Det er blitt lagt ned utallig dugnadstimer. Klubbhuset, som var
opprinnelig meint som hobbyhus, blei i 2003 omgjort til pub og selskapslokale.
Lidvar Kurset stod for drifta. Her var det faktisk plass til selskap med opp
mot 180 gjester. Referent tillet seg å nevne at då dei to døtrene hans gifta
seg, feira dei bryllup i dette lokalet. Det var veldig vellykka.
Det blir årlig arrangert ein Båtfestival med opptil 70 besøkende båter. Siste åra har det vore litt færre båter, men til gjengjeld er dei
større. Lidvar Kurset har forsøkt å få kjendisartister til festivalen. Same
mann skal no slutte, men ein vil oppretthalde drifta og fortsette cateringvirksomheten.
Drifta av bassenget går bra, men Bjørn kunne godt tenke seg
at det kom fleire badegjester frå Auresida. Trass i manglende besøk herifrå,
ligg besøkstala på mellom 2000 – 3500 gjester årlig, sjølsagt litt avhenging av
veret. Sjøl med gratis varme, er det store utgifter med drifta. Berre det å
tilføre klor til bassenget koster kr 90000,-.
Den totale omsetninga er på ca. 2 mill. for marinaen og ca.
5,5 mill. for Verkstaden. ,-. Total verdi tilsvarer ca. 11 mill. og det er ikkje mindre
enn 1100 dugnadstimer utført av 110 medlemer.
Bjørn avslutta sitt flotte foredrag med eit lite hjertesukk.
Vi i Sykkylven bør bli mykje bedre på å samarbeide i staden for å ikkje unne
kvarandre verken suksess og penger. Samarbeidet vil tjene alle og vere til
felles beste.
Eit strukturert og interessant foredrag som president Greta
belønna med sedvanlig fint innpakka ost.
Så minte ho om neste møte om ein veke og ønska alle vel
heim.
Jarle Svindseth
15. november 2024
Onsdag 13. november fekk vi besøk av Sykkylven Røde Kors ved Jon Erdal som fortalde om alt det flotte arbeidet dei gjer for bygda både innan omsorg og i hjelpekorpset. Vi fekk eit godt innsyn i det viktige arbeidet dei gjer.
22. oktober 2024
Rotary held fram kampen mot polio –
Rotary-klubber verden over held fram kampen mot polio, og no har innbyggjarane i Stranda og Sykkylven ei unik moglegheit til å bidra. Ved å gi til lokalt Vipps-nummer 134399 kan du bidra.
20. oktober 2024
Hvert bidrag teller i kampen mot polio! Visste du at når du gir penger til Polio plus, tredobles effekten av din gave? For hver krone du gir, matcher Bill og Melinda Gates med to kroner. Sammen kan vi stoppe polio én gang for alle! Vipps til 134399
19. oktober 2024
Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.
17. oktober 2024
«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.
18. mai 2019
President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020
22. januar 2019
Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.
10. februar 2018
Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.
11. januar 2018
Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.