Referat frå Rotarymøte 09.01.2019:
Første rotarymøte i SRK i 2019 med Presidenten sin time og vinlotteri:
President
Greta ønska alle vel møtt til dette første rotarymøte i 2019. Samstundes nytta
ho høve til å ønske alle eit godt nytt år.
Men sjøl om
året er nytt, så er møterutinene dei same som før: Greta tok for seg noko av det
som har hendt nett denne datoen:
Gunn og
Gunnar har namnedag. Forbausande mange av våre fornamn har krigersk betydning,
og desse to er ingen unntak: Dei er avleda av strid og krig.
Greta
siterte frå ein artikkel i Aftenposten i 1906. Denne lovprisa det fine fiske
nordpå, frå Røst og nordover.
I 1324 døde
Marco Polo. Han hadde m.a. budd 24 år i Kina, og var elles ein tidlig eventyrer
oppdagingssreisande.
I 1863 blei
den første undergrunnsbana i London opna.
Så til ein
kar som er aktuell i media, maler Håkon Bleken. Han fyller 90 år denne datoen.
Er altså født i 1929.
På denne
datoen, også i 1929, blei penicillin brukt for første gang.
Så til vår
tid, i 2003, byrja EØS- forhandlingene mellom Norge og EU.
Presidenten avslutta med eit ord for
dagen: «God dømmekraft kjem av erfaring, men erfaring kjem av dårleg
dømmekraft».
Trubadur Olav har gjort det til ein
tradisjon å nytte: «For det som eingong var, min ven …» som rotarysong første
møtet i det nye året. Slik også denne gong. Olav spela piano og vi song med
etter beste evne.
Sekretær Knut Henning kunne forkynne
at det er Hallstein og Geir Løseth som står for tur til BUAS- besøk. Elles
fyller den samme Hallstein 55 år, 14. januar. Forrige møte, julemøte var godt
besøkt, 27 frammøtte, som gav pene 73%.
3 – minutt ved Ove: Han las eit humoristisk dikt av Johan
Hjorthol, «Dalen vår». Så vidt referent forstod diktet, var det ein hyllest til
folk i Velledalen, på bekostning av innbuarar i Straumegjerde. Innleiingsvis forklarte Ove dei spesielle dialektutrykka
som er/var karakteristisk for folk «fram i dala.» Dessuten forklarte han kven
dei ulike personene i diktet var. Så leste Ove diktet med så tjukk Brunstad - dialekt
han kunne. Eit riktig artig dikt som kanskje er blitt til i samband med fest i Ungdomslaget.
Så var det sterk og god rotarykaffi
og gode rundstykker med kvitost og paprika. Under matykta organiserte
visepresidenten vinlotteri.
Orientering ved president Greta: (klikk på linken for å sjå gjennom Greta sin presentasjon):
President Greta brakte videre ei helsing frå Verdenspresident, Barry Rassin. Han bad oss evaluere det første rotaryhalvåret, om alt hadde gått som planlagt. Han minte også om Convention i Hamburg 1. til 5. juni. Dette skal vere «Be the inspiration», som er hans motto for verdenspresidentåret.
Videre tok Greta for seg planer for det neste halvåret. Først medlemsverving, der vi blir
oppmoda til å invitere vener til møta våre. Dessutan framsnakke Rotary i
sosiale sammenhenger. Spesielt er det viktig å få med fleire kvinner. Dersom vi
har forslag eller ideer, er leier i medlemsskapskomiteen, Bastian, rette mann å
henvende seg til.
Guvernør Arvid Blindheim hadde gitt
ei veldig positiv tilbakemelding etter besøket i november. Han oppmoda også
klubbane i vårt distrikt til å støtte Prosjekt Filippinene.
8 – 10 august i år er det ei
viktig hending. Då er Sykkylven Rotaryklubb vertskap for Sumarcamp. Vi får besøk av, og er vertskap for, anslagsvis 8 til 10 utanlandske ungdomar. Greta oppmoda oss å vere i lag med dei og ho tek gjerne i mot forslag til program.
Bilde til ve.: Frå sommercampbesøk hos SRK i 2012. Bilde til hø.: To tyrkiske jenter som budde hos Jarle.
Program ved møta våre er planlagt
ut januar: Neste møte, 16. får vi besøk av Terje Aurdal som vil fortelle og
vise bilder frå turen der han gjekk Norge på langs. 30. januar kjem Egil
Ulvestad og vil fortelle om «Sunnmørsalpene skiarena, Fjellsæter.»
Årsfesten er planlagt til enten
22. mars eller 5 april. Lokale er Odd Fellow i Straumgjerde.
Til sist ei veldig hyggelig nyhende:
President Greta Herje har tatt på seg det ledige vervet som AG (assisterende
guvenør) for vår del av D2305. Referent gratulerer med vervet og ønsker lykke
til J
Så minte Greta om neste møte og ønska
alle vel heim.
Jarle Svindseth
15. november 2024
Onsdag 13. november fekk vi besøk av Sykkylven Røde Kors ved Jon Erdal som fortalde om alt det flotte arbeidet dei gjer for bygda både innan omsorg og i hjelpekorpset. Vi fekk eit godt innsyn i det viktige arbeidet dei gjer.
22. oktober 2024
Rotary held fram kampen mot polio –
Rotary-klubber verden over held fram kampen mot polio, og no har innbyggjarane i Stranda og Sykkylven ei unik moglegheit til å bidra. Ved å gi til lokalt Vipps-nummer 134399 kan du bidra.
20. oktober 2024
Hvert bidrag teller i kampen mot polio! Visste du at når du gir penger til Polio plus, tredobles effekten av din gave? For hver krone du gir, matcher Bill og Melinda Gates med to kroner. Sammen kan vi stoppe polio én gang for alle! Vipps til 134399
19. oktober 2024
Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.
17. oktober 2024
«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.
18. mai 2019
President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020
22. januar 2019
Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.
10. februar 2018
Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.
11. januar 2018
Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.