Referat frå rotarymøte 06.02.2019:
Denne kvelden
var det presidenten sin time med vinlotteri. Først ønska president Greta alle
vel møtt, og då spesielt dei to gjestane, Rune Molnes og Arild Sporsheim.
Applaus !
Først litt
om dagen sin dato, 6. februar: Dortea og Dorte har namnedag. Namna er avleda av
gave og gud. Ikkje så veldig krigersk
opphav denne gang.
Så tre
bursdagar: Tidligere president i USA, Ronald Reagan er født på denne dato i
1911. Artist, Jan Høiland i 1939 og skuespiller, Sven Nordin i 1959.
Samisk
landsmøte kom saman i Trondheim i 1917. Difor har vi samisk nasjonaldag, 6.
februar.
Denne dagen,
i 1952, blei prinsesse Elisabeth krona til dronning i Storbritannia.
I 1964, blei
Frankrike og Storbritannia samde om eit
felles prosjekt med jernbanetunnel under Den Engelske Kanal.
Ord for
kvelden: «Ingenting er så gammaldags som det nesten moderne.» Referent fekk
ikkje med seg opphavsmann/kvinna til dette uttrykket. Opphavsmannen til det andre
utrykket er Leiv A. Ellefset, leiar i Trygg Trafikk i mange år: «Dei verste
syndarane køyrer rundt i store, svarte biler». I sin kvite bil følte Greta seg
ikkje truffe.
Trubadur
Olav hadde funne fram ein virkelig klassiker mellom rotarysangane: «Det er kvitt og fritt og blankt». Det var
tydelig at denne sangen hadde forsamlinga sunge tidligere.
3- minutt
var ved Sindre: Han fortalte litt om arbeidsplassen sin, Uksnøy & Co AS og verksemda
her. Rederiet yter seismikksupport til oljeselskapa. Dette er sjølsagt viktig i
oljeleiting. Under oppdraget dreg seismikkfartøyet etter seg fleire lengder med
såkalla «streamere». Så blir det skutt ut lyd med nivå på 2000 bar. Signala
tilbake blir så analysert om det er funn av interesse.
Det er dyrt
å halde seismikkskip i funksjon. Så vidt referent forstår, er det då
supportbåter som yter tjenester til seismikkskipa. F.eks. frakte mannskap inn
og ut, gi forsyninger av ymse slag osv. Sindre fortel at det har vore eit
labert marked for denne verksemda i 2017, pga lav oljepris. No føler han at
markedet er i ferd med å ta seg opp igjen pga. oljeprisen er høgre.
Orientering
ved president Greta: Ho hadde to hyggelige meldinger: Klubben vår ved Greta og
TRF- ansvarlig, Olaf, har søkt om kr 10 000 frå Distriktet sitt økonomiske
overskot. Dette for å finansiere ein parkeringsplass ved Speiderbo. Søknaden er
innvilga. I tillegg til desse 10 000, vil SRK yte kr 2000,-. Greta
fortalte at det også kan bli ei råd med dugnadsarbeid.
I tillegg
til denne søknaden, er det sendt søknad til Distrikt Grant om kr 12 000
til Lola Day Care Center. Denne er også innvilga. Her yter klubben vår kr
3000,- Volda RK yter i tillegg kr 5000,-. May Brit utrykker stor takksemd for
den økonomiske støtta.
Etter
rotarykaffe og sedvanlig gode rundstykker, var vi spente på kva presidenten hadde
på programmet. Referent kvapp litt då ho fortalte at temaet var LUS. Sjøl om
referent, med sin manglande hårsveis, ikkje er av dei mest utsatte, høyrdes det ikkje ut som eit spesielt hyggelig
tema. Imidlertid kunne vi trekke eit lettelsen sukk. LUS var ikkje det vi først
tenkte på, men ei forkorting for LeseUtviklingsSkjema.
Greta, som er
utdanna lærer, fortalte at på lærerskulen lærte dei ingen ting om korleis lære
elevane å lese. Det er vel inga overrasking at lesedugleik er det viktigaste
ein lærer i skulen. LUS er eit verktøy for å avgjerde kva ferdighetsnivå eleven
er på i lesing. Det er ikkje ein metode for å lære elevene å lese.
LUS-
skjemaet er delt i 3 deler etter dugleiken til eleven:
1. Utforskende fase.
2. Ekspanderende fase, der eleven har såpass
ferdigheter at han/ho kan lese ein tekst på TV, eller lese ei bruksanvisning.
3. Litterær fase: No kan eleven lese kva
som helst.
LUS-
kartlegginga har 19 trinn, frå at eleven kjenner igjen og skriver namnet sitt
på 1. trinn, til trinn nr. 18 og 19, der eleven leser voksenbøker, og ikkje har
noko begrensning i lesinga. For å kome til siste trinn, er det logisk oppbygde nivå
heile vegen. Eleven får ikkje fortsette til neste trinn før han/ho behersker
det trinnet han/ho står på.
Greta
presiserer at det er viktig å samarbeide med foreldre og sjølsagt med
lærerkollegane på skulen.
For
ytterlegare info sender eg Greta sin presentasjon og LUS - skjema.
Dette med
lesedugleik er eit aktuelt tema: Guter er dårlegare enn jentene. Korleis bøte
på dette? Elles har svake norske leseferdigheter ved PISA tester og nasjonale
prøver, pressa igjennom tiltak. LUS er eit av desse tiltaka.
Etter ein
runde med spørsmål, tok Greta av seg pedagoghatten og på med presidenthatten.
Ho avslutta med å minne om at ved neste møte, er det Åsne Folstad som vil
orientere oss om SNU- og denne sin fokus på framtida.
Referent
Jarle
Svindseth
15. november 2024
Onsdag 13. november fekk vi besøk av Sykkylven Røde Kors ved Jon Erdal som fortalde om alt det flotte arbeidet dei gjer for bygda både innan omsorg og i hjelpekorpset. Vi fekk eit godt innsyn i det viktige arbeidet dei gjer.
22. oktober 2024
Rotary held fram kampen mot polio –
Rotary-klubber verden over held fram kampen mot polio, og no har innbyggjarane i Stranda og Sykkylven ei unik moglegheit til å bidra. Ved å gi til lokalt Vipps-nummer 134399 kan du bidra.
20. oktober 2024
Hvert bidrag teller i kampen mot polio! Visste du at når du gir penger til Polio plus, tredobles effekten av din gave? For hver krone du gir, matcher Bill og Melinda Gates med to kroner. Sammen kan vi stoppe polio én gang for alle! Vipps til 134399
19. oktober 2024
Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.
17. oktober 2024
«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.
18. mai 2019
President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020
22. januar 2019
Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.
10. februar 2018
Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.
11. januar 2018
Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.