Rotarymøte 20.02.2019: Andreas Hjellegjerde og Arnt Tore Røe.


Les referatet frå Andreas og Arnt Tore si orientering om den nyopna restauranten RAUS.


Referat frå Rotarymøte 20.02.2019:

Denne kvelden var det visepresident Petter som leia møtet. Han starta med å ønske alle vel møtt, og spesielt kvelden sine gjestar og foredragshaldarar, Arnt Tore Røe og Andreas Hjellegjerde.


Som vanlig litt om dagen sin dato: Haldis og Haldor har namnedag. I 1904 blei tidligere statsminister i Sovjet, Aleksej Kosygin født. Den norske teologen og politiker, Inge Lønning født i 1938. I 1471 blei Orkenøyane overført frå Norge til Skottland. Under 2. verdskrigen, i 1942, gjorde lærarane opprør mot at skulen skulle nazifiserast. Mange lærarar blei avsatt og arrestert. Fortsatt under krigen: I 1944 blei ferja «Hydro» senka på Tinnsjøen og 18 menneske omkom. Til slutt til noko hyggeligare og ganske relevant i våre dager: I 1997 blei Ski VM opna i Trondheim.

Trubadur Olav hadde som vanlig funne ein aktuell rotarysang: «Sov du vesle spire». Men med dei siste dagers mildver er det vel berre eit tidsspørsmål før desse vakner.

Både Kristin Grebstad og Knut Vollstad hadde nettopp fylt rundt år, og nytta høvet til å takke for blomsterbukett frå klubben.

Sekretær Knut Henning kunne opplyse at det ved forrige møte var 29 frammøtte, og det gav småpene 67 % frammøte. Olav P og Karl står for tur til BUAS-besøk. Utført den 26.02.

3 minutt var ved Kjell Heggdal: Han kalte dette for «Kjell sin Jordfabrikk». Han nytter eit komposteringssystem som blir kalt Bokashi. Dette er eit japansk system. Kort fortalt, har Kjell ein tett boks under kjøkkenbenken som han fyller avfall i. Når denne er full, overfører han innhaldet til ein dunk i vaskerommet. Setter til strø med mikroorganismer. Etter 14 dager kan han tappe ei flaske med veske. Dette er kraftige saker som til våren kan blandas ut i forholdet 1 dl. til 10 liter vatn. Er ypperlig til grønsaker. Resten legg Kjell opp i ein pallekarm. Etter 6 veker kan dette gravast ned og blir ypperlig jord. Kjell får ta kontakt dersom dette referatet ikkje stemmer.

Så var det rotarykaffe med saftige gode kaker.

Orientering om restauranten RAUS ved Andreas Hjellegjerde og Arnt Tore Røe:

Saman med ektefellene Lene og Anita, og Øystein Uri, har Arnt Tore og Andreas opna restauraten, RAUS. Dei fortalte innleingsvis at dei hadde mange idear til å starte opp ei eller anna form for verdsamd, men Knut Henning satte dei på ideen å opne ein restaurant. Dette synes dei var eit ypperlig forslag, og etter ei tid vart restauranten RAUS starta opp. Allereie i byrjinga hadde dei fyljande konsept:

-         God mat og god stemning.

-         Brei meny.

-         Alltid open.

-         Plass der alle trivdes.

-         «Comfort food».

-         Lokale råvarer.

-         Og til sist, men ikkje minst, spele på vår flotte natur og Sunnmørsalpane.

Matias Hovet blei kontakta angåande farge og identitet. Ein forsøkte å få tak i gode kokker og servitører. No er det ansatt 17 herlige medarbeidarar. Dette gir til saman 6,5 årsverk.

Drifta har gått over all forventning. Grov rekna har omsetninga vore 3- dobbelt mot det som opprinnelig var kalkulert. «Fun facts» viser at sidan oppstart er det servert:

-         11.725 middager/lunsj.

-         3.289 desserter.

-         3.121 alpeburgere.

Det er sjølsagt viktig å vere synlig og markedsføre seg. Derfor fortel Arnt og Andreas at dei vil halde på ein tydelig profil rundt konseptet for restauranten. Det er viktig å markere seg i media og sosiale plattformer, gjerne med film og bilder.

Dei kan tenke seg fleire forskjellige arrangementer, f.eks. ølkvelder. Elles å jobbe for at restauranten blir ein naturleg stoppestad, gjerne kopla opp mot Sunnmørsalpane Hytteutleige.

I det heile tatt er det mange muligheter for denne velkomne restauranten i Sykkylven.

Mange spørsmål etter orienteringa: M.a. om det blei auka konkurranse for andre matserveringsverksemder, f.eks. Berlihuset. Men  Andreas kunne fortelle at det er samarbeid til felles beste. Faktisk har Berlihuset også auka omsetninga etter RAUS si opning.

Velfortjent gest (oster) til dei to visjonære karane.


Visepresident Petter takka for kvelden sitt møte og minte om neste møte 6. mars som er «Presidenten sin time».

 Referent

Jarle Svindseth



 
Marit Akslen besøker Sykkylven Rotaryklubb.

25. mars 2017

Marit Akslen besøker Sykkylven Rotaryklubb.

Les referat frå Tekstilkunstner Marit Akslen sitt besøk i Sykkylven Rotaryklubb der ho presenterer sin kunst

På besøk hos Torunn Kjemphol og hennar Galleri 2K

17. mars 2017

På besøk hos Torunn Kjemphol og hennar Galleri 2K

Les referat og sjå bilder frå vårt besøk hos Torunn Kjemphol og Galleri K2 i Tusvika.

Steinar Klokk held sitt ego/yrkesforedrag

10. mars 2017

Steinar Klokk held sitt ego/yrkesforedrag

Les referat frå Rotarymøte på Kvinnedagen 8. mars og spesielt vår nye medlem Steinar Klokk sitt flotte ego/yrkesforedrag.

Presidenten sin time:

2. mars 2017

Presidenten sin time:

Les referat frå Presidenten sin time 1. mars 2017.

Bedriftsbesøk hos Ove Straumsheim Glas og Fasader

23. februar 2017

Bedriftsbesøk hos Ove Straumsheim Glas og Fasader

Les om Sykkylven Rotaryklubb sitt flotte og interessante besøk hos Ove Glas og Fasader på "Tangholmen" i Straumgjerde.

Velferdsteknologi ved komunalsjef Eli Otterlei

18. februar 2017

Velferdsteknologi ved komunalsjef Eli Otterlei

Les referat frå kommunalsjef Eli Otterlei sitt flotte og grundig foredrag om velferdsteknologi

Arne Hanssen orienterer om den planlagte Designvegen.

3. februar 2017

Arne Hanssen orienterer om den planlagte Designvegen.

Les referat frå Rotarymøte 1. februar der m.a. Arne Hanssen fortalte om korleis han tenker seg den planlagte Designvegen.

Les referat frå Rotarymøte 25. januar:

3. februar 2017

Les referat frå Rotarymøte 25. januar:

Rotarymøte 25. januar der bl. a. Kjell Welle fortalte oss litt om teknikken bak dei forskjellige radiosignala.

Bedriftsbesøk ved Peterson Emballasje

26. januar 2017

Bedriftsbesøk ved Peterson Emballasje

Les Olav sitt referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Peterson Fabrikker her i Sykkylven

Politimester Ingar Bøen:

14. januar 2017

Politimester Ingar Bøen:

Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS