Referat frå Rotarymøte
20.02.2019:
Denne
kvelden var det visepresident Petter
som leia møtet. Han starta med å ønske alle vel møtt, og spesielt kvelden sine
gjestar og foredragshaldarar, Arnt Tore
Røe og Andreas Hjellegjerde.
Som vanlig litt om dagen sin dato: Haldis og Haldor har namnedag. I
1904 blei tidligere statsminister i Sovjet, Aleksej Kosygin født. Den norske
teologen og politiker, Inge Lønning født i 1938. I 1471 blei Orkenøyane
overført frå Norge til Skottland. Under 2. verdskrigen, i 1942, gjorde lærarane
opprør mot at skulen skulle nazifiserast. Mange lærarar blei avsatt og
arrestert. Fortsatt under krigen: I 1944 blei ferja «Hydro» senka på Tinnsjøen
og 18 menneske omkom. Til slutt til noko hyggeligare og ganske relevant i våre
dager: I 1997 blei Ski VM opna i Trondheim.
Trubadur
Olav hadde som vanlig funne ein aktuell
rotarysang: «Sov du vesle spire». Men med dei siste dagers
mildver er det vel berre eit tidsspørsmål før desse vakner.
Både Kristin
Grebstad og Knut Vollstad hadde nettopp fylt rundt år, og nytta høvet til å
takke for blomsterbukett frå klubben.
Sekretær Knut Henning kunne opplyse at det ved forrige
møte var 29 frammøtte, og det gav småpene 67 % frammøte. Olav P og Karl står
for tur til BUAS-besøk. Utført den 26.02.
3 minutt var ved Kjell Heggdal: Han kalte dette for «Kjell sin Jordfabrikk».
Han nytter eit komposteringssystem som blir kalt Bokashi. Dette er eit japansk
system. Kort fortalt, har Kjell ein tett boks under kjøkkenbenken som han fyller
avfall i. Når denne er full, overfører han innhaldet til ein dunk i
vaskerommet. Setter til strø med mikroorganismer. Etter 14 dager kan han tappe ei flaske med veske. Dette er kraftige saker som til våren kan blandas ut i
forholdet 1 dl. til 10 liter vatn. Er ypperlig til grønsaker. Resten legg Kjell
opp i ein pallekarm. Etter 6 veker kan dette gravast ned og blir ypperlig jord.
Kjell får ta kontakt dersom dette referatet ikkje stemmer.
Så var det rotarykaffe med saftige gode kaker.
Orientering om restauranten RAUS ved
Andreas Hjellegjerde og Arnt Tore Røe:
Saman med
ektefellene Lene og Anita, og Øystein Uri, har Arnt Tore og Andreas opna
restauraten, RAUS. Dei fortalte
innleingsvis at dei hadde mange idear til å starte opp ei eller anna form for
verdsamd, men Knut Henning satte dei på ideen å opne ein restaurant. Dette synes
dei var eit ypperlig forslag, og etter ei tid vart restauranten RAUS starta
opp. Allereie i byrjinga hadde dei fyljande
konsept:
-
God
mat og god stemning.
-
Brei
meny.
-
Alltid
open.
-
Plass
der alle trivdes.
-
«Comfort
food».
-
Lokale
råvarer.
-
Og
til sist, men ikkje minst, spele på vår flotte natur og Sunnmørsalpane.
Matias Hovet
blei kontakta angåande farge og identitet. Ein forsøkte å få tak i gode kokker
og servitører. No er det ansatt 17 herlige medarbeidarar. Dette gir til saman
6,5 årsverk.
Drifta har
gått over all forventning. Grov rekna har omsetninga vore 3- dobbelt mot det
som opprinnelig var kalkulert. «Fun facts» viser at sidan oppstart er det
servert:
-
11.725
middager/lunsj.
-
3.289
desserter.
-
3.121
alpeburgere.
Det er
sjølsagt viktig å vere synlig og markedsføre seg. Derfor fortel Arnt og Andreas
at dei vil halde på ein tydelig profil rundt konseptet for restauranten. Det er
viktig å markere seg i media og sosiale plattformer, gjerne med film og bilder.
Dei kan
tenke seg fleire forskjellige arrangementer, f.eks. ølkvelder. Elles å jobbe
for at restauranten blir ein naturleg stoppestad, gjerne kopla opp mot Sunnmørsalpane
Hytteutleige.
I det heile
tatt er det mange muligheter for denne velkomne restauranten i Sykkylven.
Mange
spørsmål etter orienteringa: M.a. om det blei auka konkurranse for andre
matserveringsverksemder, f.eks. Berlihuset. Men Andreas kunne fortelle at det er samarbeid til
felles beste. Faktisk har Berlihuset også auka omsetninga etter RAUS si opning.
Velfortjent
gest (oster) til dei to visjonære karane.
Visepresident
Petter takka for kvelden sitt møte og minte om neste møte 6. mars som er «Presidenten
sin time».
Jarle
Svindseth
3. mai 2016
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
24. februar 2016
I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no
20. oktober 2015
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
9. juli 2015
Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten
21. mars 2015
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.