Sykkylven Rotary Klubb, møte 15. mai 2019. Presidenten
sin time. Banksalen kl 19.
Skrivar:
Olav Pileberg
President Greta Herje ønska vel møtt til Presidenten
sin time den 15. mai 2019.
Namnedag har
Hallvard og Halvor, med tyding frå norrønt: stein/ vaktar. Særleg interesserte
kan prøve seg på denne nettsida: http://www.wikiwand.com/nn/Hallvard
Månaden mai er eigentleg genitiv av det latinske
gudenamnet Maius. Fest for Maius og gudinna Maia vart feira 1. mai. Uttrykket «å
maie seg ut» tyder å pynte seg til vårfesten 1. mai. Denne dagen kunne ein også
vente å høyre gauken. Så veit vi det, endå om skrivaren til denne dato ikkje
har høyrt gauken i år! Gamle nordiske namn på mai er blomstermånad, såmånad eller gaukemånad.
Hos Snorre heitte månaden skerkla,
og varde til midten av juni. Ordtaket Mai
kulde gjør bondens lader fulle, tyder at ein kald mai bremsar utviklinga av
skadelege insekt. President Greta hadde også fått med seg at NRK P1+ i morgonsendinga
orienterte om Sankt Hallvards dag, 15. mai. Etter som denne heilagmannen er
skytshelgen for Oslo, fekk vi også soga om kvifor Hallvard vart kanonisert av
Paven i Roma. Denne soga, og meir til, kan du gjerne lese om her: http://www.katolsk.no/biografier/historisk/hallvard
Fødselsdagar:
Jazz-songaren Karin Krog, f. 1937. Altså 81 år.
1973: Bjørn og ulv freda i Noreg, og det er dei framleis. 1994: Norsk Flymuseum
opna i Bodø av Kong Harald V. 2003: Kongsgarden på Bygdøy overført til Norsk
Folkemuseum. Kongen fekk behalde hovudbygningen. 2003: Kongsberg Sølvverk vart
freda. Vi lyt tru at freden er komen for å bli.
Etter denne solide innføringa i noko av alt det forvitnelege som har hendt på
denne datoen, fekk vi avreagere med ei vakker vise: Menuett i mai, skriven og komponert av Vidar Sandbeck 1998. Olav P
trakterte gitaren og rotarykameratane song med på beste vis. Nesten som eit
bordvers, etter som kaffi og kake følgde på, til bate for lekam og sjel.
Frammøteprosent
førre møte var på 67 prosent.
Bursdag: I skrivande stund, 18. mai, fyller vår gode rotarykamerat Jan Hallvard
F. heile --- år, etter som han er fødd i 1939. Ikkje til å tru! Hipp hurra!
Så var tida
komen for 3-minutt, denne gongen ved
Geir Løseth. Han hadde nyleg vore i New York i jobbsamanheng, men i tillegg til
aksjer og økonomi var det også sett av tid til «tidtrøyte», som det så fint
heiter. Musicalen «Hamilton» var sentral i så måte. Wikipedia
skriv: An American Musical is a sung-and-rapped through musical about the life
of American Founding Father Alexander
Hamilton (fødd 1755), with music, lyrics and book by Lin-Manuel Miranda,[1][2] inspired by the 2004 biography Alexander
Hamilton by historian Ron Chernow. Incorporating hip hop, R&B, pop, soul,
traditional-style show tunes, and color-conscious casting of non-white actors
as the Founding Fathers and other historical figures,[3][4][5] the musical
achieved both critical acclaim and box office success.
«Hamilton»
hadde tydeleg gjort inntrykk på Geir L., etter som han fortalde engasjert om …
det som mange vil hevde er ein av dei beste musicalane nokon gong, med
tilsvarande økonomisk resultat for skaparane. Høgt tempo, god musikk, flinke artistar og veldig god
underhaldningsverdi, for både unge og eldre. Etter ei karriere som inneheldt
det meste ein kan ønskje seg av statsmannsengasjement, dramatikk og intriger på
høgt nivå, enda han livet sitt i 1804, i ein duell mot ein uvenn. Den
amerikanske 10-dollar setelen har bilete av Hamilton.
President Greta gav etter alt dette ordet
til innkommande president Petter Velle, som orienterte om klubb og komitéar for
kommande Rotary-år. Dette er skrive i Word eller PDF-dokument som er sende til
medlemmene i klubben, under tittelen
15. november 2024
Onsdag 13. november fekk vi besøk av Sykkylven Røde Kors ved Jon Erdal som fortalde om alt det flotte arbeidet dei gjer for bygda både innan omsorg og i hjelpekorpset. Vi fekk eit godt innsyn i det viktige arbeidet dei gjer.
22. oktober 2024
Rotary held fram kampen mot polio –
Rotary-klubber verden over held fram kampen mot polio, og no har innbyggjarane i Stranda og Sykkylven ei unik moglegheit til å bidra. Ved å gi til lokalt Vipps-nummer 134399 kan du bidra.
20. oktober 2024
Hvert bidrag teller i kampen mot polio! Visste du at når du gir penger til Polio plus, tredobles effekten av din gave? For hver krone du gir, matcher Bill og Melinda Gates med to kroner. Sammen kan vi stoppe polio én gang for alle! Vipps til 134399
19. oktober 2024
Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.
17. oktober 2024
«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.
18. mai 2019
President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020
22. januar 2019
Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.
10. februar 2018
Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.
11. januar 2018
Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.