Referat frå Rotarymøte
22.05.2019:
Styreformann, Leif Jarle Aure fortalte om investeringsselskapet "Råna Invest" som blei stifta i 2010 ved ein intensjonsavtale mellom 20 bedrifter. Formålet var å stimulere til bulyst og frivillighet i Sykkylven og elles hjelpe næringslivet.
President
Greta ønska oss vel møtt til siste møtet i mai, og spesielt til kvelden sin
gjest og foredragshaldar, Leif Jarle Aure. Applaus!
Så fekk
Greta sin samboer og vår rotaryven, Jan ordet og takka klubben for
blomsterbuketten i høve sin 80 års dag. (utrulig, men sant). Greta presiserte
at det var ein bukett med raude roser, etter Jan sin smak.
Dagen i dag 22. mai:
Dagen i dag,
22. mai, har Henny og Henning namnedag. Dagen blei kalla «Bjørnevåk», då ein
rekna med at bjørnen kom ut av hiet. Elles blei dagen også kalla St. Bernhards
Messe.
I 1875 blei
metersystemet innført i Norge. I 1902 blei dødsstraff i fredstid avskaffa. I
Chile, var det denne datoen i 1960, det kraftigaste jordskjelv som er registrert
i historisk tid: 9,5 på Richter skala.
Fødselsdager:
Den tyske komponisten, Richard Wagner blei født denne dato i 1830. Forfatteren
av «Sherlock Holmes», Arthur Conan Doyle, født i 1859 og den norske komiker, Hege Skøyen og
tekstforfatter, sanger og professor, Anne Grete Preus født 1957.
Ord for
dagen var ved Arnulf Øverland: Referent husker ikkje heilt ordlyden, men
meininga oppfatter han som: «Ein times omtanke for ein venn er aldri forgjeves».
Rotarysong:
Trubadur
Olav fortalte at han i tråd med kvelden sitt tema, Råna Invest hadde to valg:
Enten «Pengegaloppen» etter Invest, eller ein fjellsang etter fjellet Råna. Det
blei det siste: «Dei gamle fjell i syningom» av Ivar Aasen. Olav losa oss, ved
sitt pianospel, trygt gjennom alle fem versa.
Sekretær Knut Henning:
Sekretær
Knut Henning kunne forkynne at det er Bastian og John Henrik som står for tur
til BUAS-besøk.
Fødselsdager:
Jan Kåre fyller 64 år, 23. mai og Ingjerd 73 år, 27.mai. Applaus for Ingjerd.
Ved forrige
møte, presidenten sin time, var det 18 frammøtte. Det gav den ikkje altfor
imponerende 49 % frammøte.
3- minutt:
Denne gang
ved Roger Kornberg: Han fortalte at han er styreleier i eit lokalt
forsikringsselskap med det flotte namnet: «Varig Forsikring Sykkylven
Gjensidige». Dette etter krav frå hovedselskapet, Gjensidige for å unngå
forvekslinger.
Det er no
berre 14 såkalte slike brannkasser igjen i Norge, dei fleste på Nordvestlandet.
Roger
fortalte at det er 4 fast tilsette, og
at ein begrenser seg til å selge forsikringer lokalt i Sykkylven.
Forvaltningskapitalen er 107 mill. kroner. Medan hovedselskapet tek sikte på å
selge forsikringer digitalt, satser Gjensidige her i bygda på forsikringer på
relasjonsbasis. Altså ved personlig kontakt med kunden.
Roger
fortalte at selskapet her i Sykkylven gjer ein stor innsats lokalt ved å gi
kundeutbytte, og ved at 3 til 4 prosent av omsetninga går til almennyttige
formål.
Ymse:
Etter Roger
sitt informative 3-minutt, kunne presidenten under Ymse opplyse at Rotary
Convention går føre seg i Tyskland frå 1. til og med 7. juni. Ingen av våre
klubbmedlemmer er påmeldt, men det er mulig å logge seg på interessante
foredrag via nettet.
Leif Jarle Aure og «Råna Invest»:
Etter
Rotarykaffe og eplekake som smelta på tunga, var det det allsidige, Leif Jarle
Aure sin tur til å halde foredrag. Denne gangen som styreleier i «Råna Invest».
Dette investeringsselskapet blei stifta i 2010, så vidt referent forstår, litt
på idealistisk grunnlag. Det var 20 bedrifter som inngjekk ein intensjonsavtale
der det blei betalt inn 2000 kroner pr. ansatt pr. år. Seinare blei
Kompetansesenter Møre (no Møbelkraft) stifta. Då blei Råna Invest midlertidig
lagt på is.
2018 blei
likevel Råna Invest kontakta av L.K. Hjelle som hadde behov for ein
emisjon. Råna Invest og 11 aksjonærer
gjekk inn med 9 mill. kr. Eit nytt styre blei valgt der styremedlemmane har
komplementære ferdigheter. Styreformann er erfarne, Nils Fredrik Drabløs.
Reknskapet i L.K. Hjelle viser balanse første del av dette året, og ein voner
at det vil bli eit lite overskot innan året er omme.
Leif Jarle
understreka sterkt behovet for samarbeid i åra framover. Bortsett frå Ekornes
Fabr., er møbelfabrikkane i Sykkylven såpass små at dei i det lange løp vil få
problem med å overleve økonomisk. Dersom ein derimot kunne samarbeide om f.eks.
innkjøp, sysal osv. vil dette vere ein fordel for alle. Her kan Råna Invest,
med sin kompetense, kome inn som rådgivende organ.
Eit anna
område, Leif Jarle meiner er svært viktig for salget av møbler, er handel over
nettet. Dette er til dels krevende og vil kreve såpass store ressurser at
samarbeid er heilt nødvendig. Som eksempel på korleis han tenker seg netthandel
vil fungere i framtida, viste han til tyske «Otto D E» Dei selger møbler over
nettet, pluss mykje anna. Saman med netthandel, kan det også vere fordel å ha
showrom der kunden får sjå møbel i sine rette miljø. Alternativt å drive såpass
avansert handel på nettet at kunden digitalt kan sette møblene inn i sitt rette
element. Så kan ein velge møbeltype, farge osv.
Dei
forhandlere som er i dag, spår Leif Jarle kan få problem i framtida.
Som
konklusjon for møbelindustrien her i bygda, meinte Leif Jarle at det ikkje
nytter å konkurrere med lavprisland på pris, men på kvalitet, komfort og miljø.
Men understreka han: «Samarbeid må til».
Det flotte
og tankevekkande foredraget blei belønna med sedvanlig gest av president Greta.
Bilde: President Greta og styreformann i "Råna Invest", Leif Jarle Aure.
Ho minte
elles om at neste møtet 29. mai går ut pga. det er Kr. Himmelfartsdag dagen
etter. Så er det berre juni igjen av hennar president-tid. Konklusjonen er at
eit år går fort. Neste møte blir 5.
juni, presidenten sin time.
Så blei vi
alle ønska vel heim.
Referent
Jarle
Svindseth
15. november 2024
Onsdag 13. november fekk vi besøk av Sykkylven Røde Kors ved Jon Erdal som fortalde om alt det flotte arbeidet dei gjer for bygda både innan omsorg og i hjelpekorpset. Vi fekk eit godt innsyn i det viktige arbeidet dei gjer.
22. oktober 2024
Rotary held fram kampen mot polio –
Rotary-klubber verden over held fram kampen mot polio, og no har innbyggjarane i Stranda og Sykkylven ei unik moglegheit til å bidra. Ved å gi til lokalt Vipps-nummer 134399 kan du bidra.
20. oktober 2024
Hvert bidrag teller i kampen mot polio! Visste du at når du gir penger til Polio plus, tredobles effekten av din gave? For hver krone du gir, matcher Bill og Melinda Gates med to kroner. Sammen kan vi stoppe polio én gang for alle! Vipps til 134399
19. oktober 2024
Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.
17. oktober 2024
«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.
18. mai 2019
President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020
22. januar 2019
Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.
10. februar 2018
Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.
11. januar 2018
Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.