Her er referat frå Presidenten sin time 2. oktober. Dessuten bilder frå Polioaksjonen 28.09. og lite referat frå Guvenørbesøket også 28.09.
Petter Welle
yngste velkommen.
Song:
Allsong frå Rotarysongheftet
3 min ved
Bjørg Velle: Tema: Vi har menneske frå mange nasjonar i bygda vår . Ei
spennande og interessant gruppe som har mykje å tilføre bygda vår. Bjørg hadde
forslag om å få til et kulturelt arrangement i samarbeid med andre
organisasjonar for å få fram disse.
Presidenten;
Polioaksjonen sist laurdag ga ca 1400,- i inntekter og vi fekk vist oss fram.
Vi hadde også guvernørbesøk sist helg og 6 stk frå klubben møtte til Stranda
Rotaryklubb si 60 årsfeiring.
Bilder over: Olaf E og Knut Jarle med speidarar under Polioaksjonen 29.sept. 2019:
Program:
John H. Welle la fram budsjett for Rotaryåret 2019-2020. Presidenten la fram
forslag om å starte en ny Rotaractklubb for ungdom i samarbeid med andre
nærliggande klubbar for å samle ungdomane som har vore med på Ryla. Etterpå var
det diskusjon rundt borda om korleis vi bla.a. skulle få klubben til å stå fram
/ vise meir i bygda. Også diskusjon om nettsida og Facebooksida vår.
Referent
Nils Arve
Kjemphol Schwartz
7. juli 2016
Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.
4. juli 2016
Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.
27. juni 2016
Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.
3. mai 2016
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
24. februar 2016
I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no
20. oktober 2015
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
9. juli 2015
Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten
21. mars 2015
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.