Referat frå Rotarymøte 23.10.2019:
Konsernsjef Olav Holst Dyrnes held orientering om situasjonen ved Ekornes
Fabrikker. Mange tilhøyrarar hadde møtt opp, også mange eksterne gjester. Elles nytta president Petter det gode frammøte til å fortelle kort om
Rotary, både lokalt og internasjonalt.
President
Petter ønska alle vel møtt, og denne gangen var det mange gjester som som var
interessert i å høyre kva konsernsjef ved Ekornes Fabrikker, Olav Holst Dyrnes hadde å berette. Som solid støtte og forsterkning hadde han fått
med seg Mette Toft Bjørgen, ny
økonomisjef ved fabrikken. Stor applaus!
Bilde til ve.: President Petter, konsernsjef Olav, finansminister ved Ekornes, Mette, finansminister i SRK, John Henrik og avtroppane president Greta.
Bilde til hø.: "Stinn brakke" med ikkje mindre enn to tidligare ordførarar og ein noverande.
Men sjøl med
mange gjester, er det vanlig møterutine
med dagen sin dato: Severin og Søren
har namnedag. For fotballinteresserte: Den brasilianske fotballspeler, Pele
blei født denne dato i 1940. Den danske sanger og musiker, Kim Larsen født i
1945. Samme dato som politiker, Jon Lilletun.
Så til
samferdsel: Brua over Saltstraumen blei opna i 1978. For å redde fredsprosessen
i Nord Irland, la IRA ned våpna i 2001.
Så ei lita
historie: Ein innbarka ungkar gifta seg
til slutt. Men etter ei stund begynte han å mistrives og savne ungkarslivet.
«Men du kan då ikkje berre tenke på skyggesidene ved ekteskapet vårt», sa kona.
«Det er klart eg gjer det» sa mannen, «slik som du har ført meg bak lyset».
Rotarysong:
Så var trubadur
Olav tilbake. Han hadde funne fram ein song som passa godt til årstida: «Det er
lauvfallstid» av sykkylvsdikteren,
Henrik Straumsheim. Det blei eit riktig stort kor med flott gitarspel attåt.
Sekretær:
Sekretær
Kristin kunne forkynne at ved forrige møte var det 23 frammøtte. Rekna med permisjoner
og møtefritak, gav det 58,97 % frammøte. BUAS-besøk blir ved Steinar K. og Olav
P. Komande veke er det ikkje mindre enn 3 bursdager. Per Ringdal, Øyvind Østvik
og Oddbjørn Ramstad. Applaus!
Kort orientering om Rotary:
I staden for
3- minutt, heldt president Petter ei lita orientering om Rotary, både på
klubbnivå og internasjonalt nivå. Først litt om møta våre på onsdager og
rutinene her. Deretter orientering om klubben sine ulike prosjekt. Han nemnte
at vi for kort tid tilbake var vertskap for ein utvekslingsstudent frå Brasil.
Til gjengjeld sendte vi ein ungdom frå Sykkylven til Brasil. Elles nemnte han ungdomsarrangementet,
Sommercamp i august i år med besøk
av 12 ungdommer frå 10 ulike land. Han avslutta med at mottoet vårt er å «Gagne
andre». På engelsk er mottoet: "Service above self". Sjå under!
Etter
Rotarykaffe og gode sveler, var vi spente på kva adm. dir. Olav Holst Dyrnes
hadde å berette.
Adm.dir Olav Holst Dyrnes: «Frå
Sykkylven til Shanghai»:
Han kalla
foredraget sitt for «Fra Sykkylven til Shanghai». Kina og Shanghai er aktuelt
no etter at Ekornes har fått kinesiske eigere. Dei har kjøpt opp 98 % av aksjene, og tatt
konsernet av børsen. Dermed er Ekornes Fabrikker i kinesisk privat eige.
For dei som
har inntrykk av at Ekornes har stagnasjon og nedgang, kunne Olav berolige
med at både omsetning og økonomiske resultat er stort sett stabile. Det har det
vore dei siste 4 til 5 åra. Han fortalte at konsernet har tatt opp lån på
obligasjonsmarkedet. Dette er det ingen dramatikk i. Det blei tidligere betalt ut 220 mill. kr årlig til aksjeeigere. Så vidt
referent forstår, kan dette no nyttast til å betale renter. I alle fall kan
ikkje eigarane stikke av med pengene, så lenge konsernet har gjeld.
Elles er
Ekornes sitt motto: «Improve everyday living». Konsernet jobber for at
kundane skal erfare dette. Stressless har fått ny logo: «It,s time for Stressless».
Denne logoen, saman med ovenfor nemnte motto, skal få folk til å like stolen og
ha den som førstevalg.
Olav
presenterte på engelsk: «Commen set of Value and Vision across all buisness
units». Dette fører med seg, i følge Olav, at ein ved Ekornes skal vere «Ærlig
– Ekte – Entusiastisk og Endringsdyktig». Og ein ting kan i alle fall ingen ta
frå Ekornes: Historia som begynte med at Jens Ekornes i 1934 rodde til Ålesund
for å selge korgmøbler.
Olav
presenterte ein del tal når det gjaldt økonomien. Dette vil ikkje (kan ikkje)
referent gå i detalj i. Men det blei presentert 3 segment: Stressless, IMG og
Svane-madrasser. Stressless hadde ein liten nedgang i 2018 , sjøl om dette
slett ikkje er dramatisk. Det er venta ein oppgang i 2019, slik at resultatet
blir som i 2017.
Bilde: Frå ve.: Stressless, Stol frå IMG og Svanemadrass.
For IMG er
det venta ein liten nedgang frå 24 % fortjenste i 2018 til 18 % i 2019. Men så
vidt referent forstår er dette ein nedgang som er under kontroll.
Svanemadrasser,
derimot, har gått med underskot. Dette kan bli på minus 17 % i år. Det blir likevel
jobba hardt med å snu denne trenden. Olav er rimelig sikker på at det vil gå i
balanse innan overskuelig framtid.
Som
oppsummering fortalte Olav at den overordna strategi og målsetning er 3 til 5 %
vekst i 2020, med ein driftsmargin på 16 – 18 %. Dvs. den totale omsetninga
skal auke frå 3150 mill. til 3500 mill.
I år er driftsresultatet på 420 mill. Referent vil tru at dette vil auke, dersom
nemnte omsetningsauke slår til.
Olav
fortalte at Ekornes har forbedringspotensiale når det gjeld produktutvikling.
Frå Kina blei det utvikla ei rekke forslag til sofaer. Ekornes tok ut 3 som dei meinte kunne ha potensiale for produksjon og salg. Olav såg for seg tettare samarbeid om produktutvikling i tida
som kjem.
Den
overordna konklusjonen, slik referent forstår, er at Ekornes Fabrikker går
godt, både når det gjeld salg og økonomi. Konsernsjef, Olav virker både
optimistisk og entusiastisk. Bygda, som er avhengig av konsernet reint økonomisk,
kan foreløpig føle seg rimelig beroliga og optimistisk.
Etter ein
del spørsmål, fekk Olav ein svært fortjent gest (kortreist ost). Så takka president Petter for det gode frammøte og ønska alle vel
heim.
Bilde: Flott bilde med konsernsjef Olav, president Petter og økonomidirektør Mette.
Referent
Jarle
Svindseth
15. november 2024
Onsdag 13. november fekk vi besøk av Sykkylven Røde Kors ved Jon Erdal som fortalde om alt det flotte arbeidet dei gjer for bygda både innan omsorg og i hjelpekorpset. Vi fekk eit godt innsyn i det viktige arbeidet dei gjer.
22. oktober 2024
Rotary held fram kampen mot polio –
Rotary-klubber verden over held fram kampen mot polio, og no har innbyggjarane i Stranda og Sykkylven ei unik moglegheit til å bidra. Ved å gi til lokalt Vipps-nummer 134399 kan du bidra.
20. oktober 2024
Hvert bidrag teller i kampen mot polio! Visste du at når du gir penger til Polio plus, tredobles effekten av din gave? For hver krone du gir, matcher Bill og Melinda Gates med to kroner. Sammen kan vi stoppe polio én gang for alle! Vipps til 134399
19. oktober 2024
Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.
17. oktober 2024
«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.
18. mai 2019
President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020
22. januar 2019
Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.
10. februar 2018
Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.
11. januar 2018
Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.