Referat frå rotarymøte 04.12.2019 med Presidenten sin time:


Referat frå rotarymøte 04.12.2019:

Asbjørm Klokk heldt eit kulturhistorisk 3 minutt der han tok for seg frakteskute- trafikken frå Ramstaddal til Trondheim og Bergen. President Petter orienterte i, past-president og kasserer sitt fråver, om årsrapport og balanse/resultat-rapport.

President Petter ønska, som vanlig, alle vel møtt. Ingen gjester denne gang.

Litt om dagen sin dato: To bursdager: General Franco i Spania, født denne dato i 1892. Og redaktør i «Se og Hør», Knut Haavik født 1943.

I 1909 kunne Aftenposten meddele sine lesarar at det var natur-is på Bislett.

At bompengeselskap er i «hardt ver» er visst ikkje noko nytt: For 15 år sidan blei 15 selskap undersøkte. Av dei, var det kun 4 som blei godkjente. Dei 11 andre fekk kritikk for unødig pengebruk, dyre utanlandsreiser, høge styrehonorar osv.

I høve julebordsesongen fortalte presidenten følgjande historie: Kelner til ein av gjestane: «Vil du ha raudvin eller kvitvin»? «Speler ingen rolle», svarer gjesten. «Eg er fargeblind».

Rotarysong:

Vår kjære trubadur, Olav, var tilbake frå tur i Sverige og Oslo, men  litt indisponert. Han hadde fått eit halsonde, og følte seg ikkje heilt kapabel til å synge. Men som vanlig var ikkje Olav rådlaus. Han allierte seg med teknikk og YouTube med sangen: «Vi tenner våre lykter». Dette er ein song som blei introdusert i adventsprogrammet «Jul i Skomakergata», med legendariske Henki Kolstad. Første gang sendt i 1979. Det er m.a.o. 40 års jubileum. For dei som sakner desse koselige førjulsprogramma, finn ein episodane på YouTube.

Sekretær Kristin kunne forkynne at det ved forrige møte var 28 frammøtte. Det ga habile 66,12 % frammøte. Det er Bjørg og Nils Arve som står for tur til BUAS- besøk.

3- minutt var ved Asbjørn Klokk. Ikkje overraskande handla dette om kulturhistorie som er relatert til sjøsida i Ramstaddalen. På 1800- talet var det handel med både Trondheim og Bergen. Varer blei frakta til byane, og varer frå byane frakta tilbake. To type båter stod for denne frakta: Jekter og Jakter. Asbjørn tok for seg 3 generasjoner eigarar av desse skutene: Første generasjon var ein kar ved namn, Peter Madsen. Han slo seg ned i Ramstaddalen. Han fekk sonane Peter og Lars Petter. Den siste fekk sonen Ole Andreas, som gifta seg med datter til onkel Peter. Altså var skutetrafikken sikra frå begge sider i familien.

Første generasjon førte ei jekt, medan dei to neste førte jakter.

Asbjørn beskreiv desse to typer skuter og forskjellen på dei. Referent har lyst til å kort oppsummere dette: Jekt (Peter Madsen si skute: «Haabet») hadde råsegl med eit toppsegl. Høg stamn. Den var open med eit lite dekk bak som kahytt til mannskapet. Var klinkbygd.

Jakt vart ført av dei to neste generasjonene: Den var, så vidt referent forstår, ei forbedring mot jektene. Den hadde klyverbom, med dekk og var dermed sikrere. Var klinkbygd, men oftest kravellbygd.    


Bilde: Jekt til ve. og jakt til hø. Legg merke til forskjellen i seilføring:

Ole Andreas fekk bygd eit stor naust til Jakta. Dermed var den beskytta om vinteren. I dag har nok dette «Jaktenaustet» sett sine beste dager. Det er delt opp i 9 parter (bur) som bøndene i Ramstaddalen eig. Det blir i dag brukt til naust og lager.

Asbjørn illustrerte foredraget sitt med bilder av både jekter, jakter og «Jaktenaustet». 

Virkelig interessant kulturhistorie av vår rotaryven. Her Powerpoint med bilda Asbjørn viste.

Til rotarykaffe var det fantastisk gode sveler. Referent blei freista til å forsyne seg to ganger. Elles, som ved Presidenten sin time, var det Vinlotteri.

Orientering ved president Petter:

«Past» president Greta hadde gjort seg mykje føre og laga til årsrapport der ho oppsummerte sitt presidentår. Då ho var bortreist denne dagen, oppsummerte presidenten rapporten. Så vidt referent veit, er det første gang det er laga ein slik.

Kasserer John Henrik hadde laga til balanserapport og resultatrapport. Då han også var på reise, gjekk presidenten gjennom dei ulike postane. Det heile virka greit, og ingen hadde noko innvendinger.

Så fekk visepresident Knut Jarle ordet. No var vi virkelig spente om han hadde funne ein kandidat til «president trainee». Det hadde han, Trygve Ebbesvik. Så var det opp til forsamlinga om dei ville godta Knut Jarle sitt forslag og velge Trygve. Ikkje overraskende, blei han valgt ved akklamasjon. Trygve blir visepresident i 2020/2021 når Knut Jarle blir president. President blir han frå 2021/2022.  Sykkylven Rotaryklubb skulle vere i dei beste hender.

Etter at vinnarane hadde fått sine vinflasker , takka president Petter for frammøte, minte om neste møte med m.a. Helge Standal, og ønska alle vel heim.

 

Referent

Jarle


 
Sykkylven Røde Kors

15. november 2024

Sykkylven Røde Kors

Onsdag 13. november fekk vi besøk av Sykkylven Røde Kors ved Jon Erdal som fortalde om alt det flotte arbeidet dei gjer for bygda både innan omsorg og i hjelpekorpset. Vi fekk eit godt innsyn i det viktige arbeidet dei gjer.

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

22. oktober 2024

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

Rotary held fram kampen mot polio –
Rotary-klubber verden over held fram kampen mot polio, og no har innbyggjarane i Stranda og Sykkylven ei unik moglegheit til å bidra. Ved å gi til lokalt Vipps-nummer 134399 kan du bidra.

Høyr Bill Gates oppfordre oss til å bidra til Polioaksjonen

20. oktober 2024

Høyr Bill Gates oppfordre oss til å bidra til Polioaksjonen

Hvert bidrag teller i kampen mot polio! Visste du at når du gir penger til Polio plus, tredobles effekten av din gave? For hver krone du gir, matcher Bill og Melinda Gates med to kroner. Sammen kan vi stoppe polio én gang for alle! Vipps til 134399

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

19. oktober 2024

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.

Anita gir polio et ansikt

17. oktober 2024

Anita gir polio et ansikt

«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.

Presidenten sin time

18. mai 2019

Presidenten sin time

President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

22. januar 2019

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

10. februar 2018

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS