Referat frå
bedriftsbesøk ved Sykkylven Stål 29.01.2020:
Sykkylven Rotaryklubb var, 29. januar, på
bedriftsbesøk hos Sykkylven Stål på Vikøyra. Først fekk vi orientering av adm.
dir. Karl Inge Rekdal. Fabrikksjef Lars M. Skog demonstrerte så stålramme til kvilestol.
Til slutt fekk vi omvisning i sjølve fabrikklokala.
Onsdag 29. januar var Sykkylven Rotaryklubb
på bedriftsbesøk ved Sykkylven Stål på Vikøyra. Adm. dir. Karl Inge Rekdal og
fabrikksjef Lars M. Skog som tok vel i mot oss. Etter ein kaffekopp og noko å
bite i, innleia Karl Inge med å fortelle at han kjente godt til Rotary, han
hadde sjøl vore medlem tidlegare.
Han tok eit kort tilbakeblikk: I 2003 gjekk
bedrifta Sykkylven Stålindustri konkurs. Namnet blei å endra til Sykkylven stål
og starta opp på nytt. I 2004 blei Karl Inge tilsatt som adm. dir. I 2009
kjøpte han og fabrikksjef Lars M. Skog majoriteten av aksjane.
Bilde: Adm. dir. Karl Inge Rekdal held foredrag til lydhøyre rotarianarar.
Drifta har gått opp og ned. Dei har merka
finanskrise og oljekrise. Hjellegjerde møbelfabrikk, som var ein stor kunde,
gjekk konkurs.Det fekk også negativ effekt på omsetninga. Trass utfordringer,
har bedrifta gått med overskot sidan 2012.
Produksjonen tidligere var m.a. rørdeler
til møbelindustrien. Denne var også største kunden. No er det eit breiare
kundegrunnlag, der maritim sektor utgjer mykje av omsetninga. Kongsberg Maritime
i Brattvåg er ein viktig kunde i så måte. Maskin- og rørdeler er, så vidt
referent forstår, ein viktig del av salget her.
Elles blir det levert stålrammer til
«Pullmannbed» i skip. Til skuleverket er det rammer til pulter, stoler og
garderober.I det heile er det eit vidt spekter av kunder.
Sykkylven Stål si sterke side er, etter
Karl Inge si meining, at bedrifta er flink til å utvikle nye ting og finne opp
ting som kan patenteres. Då må ein ligge i teten reint teknologisk. For å kunne
konkurrere prismessig er det investert tungt i roboter. Vi hadde ikkje hatt
industri i Norge utan desse, fortel han. I det heile er målet å få Sykkylven
Stål så høgt opp i verdikjeda som råd. I tillegg til konkurransedyktig pris, må god kvaliteten vere
god, og produkta må bli levert med maksimal presisjon og nøyaktighet. Det siste
er svært etterspurt i maritim sektor.
I dag må bedriftene vere miljøbevisste. For
å kome i betraktning ved utdeling av
oppdrag er dette heilt nødvendig. Sykkylven Stål er m.a. såkalla
ISO-sertifisert.
Karl Inge fortel at han har hatt ei rekke
tillitsverv i Norsk Industri og NHO. Det
som er ei hjartesak for han, kan illustrerast med Inge Ulstein sine ord:
«Samarbeide der ein kan – konkurrere der ein må». For å møte den tøffe
konkurransen internasjonal, meiner Karl Inge at vi ikkje har noko valg. Mottoet
til Ulstein blir altfor ofte neglisjert.
Det kan nemnast at Sykkylven Stål har ein omsetning på ca. 60
million og har 40 tilsette.
Fabrikksjef Lars M. Skog fekk så ordet og
demonstrerte for oss eit patentert rammeverk til ein kvilestol med glidende
fotstøtte. Sjå bilde under!
Siste halvdel av møtet blei vi vist rundt i
fabrikklokala. Referent går ikkje i detalj når det gjeld dei ulike maskinene.
Berre illustrerer turen rundt i lokala med bilder.
Bilde: Fabrikksjef Lars M. Skog viser oss rundt i lokala. Sprøyterobot (?)til hø.
Bilde: Lars Skog og Karl Inge Rekdal er entusiastiske og engasjerte bedriftsleiarar.
Som ein god tidlegare rotarianer, minte
Karl Inge så om at klokka hadde passert 20 og dermed var omvisninga over. Det
hadde han lært, at når det gjeld å overhalde møtetida er Rotary nærast
«katolsk».
Bilde: Fabrikksjef Lars M. Skog, president Petter og adm.dir. Karl Inge Rekdal.
President Petter takka for eit svært
interessant besøk, og for at Karl Inge og Lars M. hadde gjort seg mykje flid i å
gjere besøket ved Sykkylven Stål så interessant som råd.
Referent Jarle
15. november 2024
Onsdag 13. november fekk vi besøk av Sykkylven Røde Kors ved Jon Erdal som fortalde om alt det flotte arbeidet dei gjer for bygda både innan omsorg og i hjelpekorpset. Vi fekk eit godt innsyn i det viktige arbeidet dei gjer.
22. oktober 2024
Rotary held fram kampen mot polio –
Rotary-klubber verden over held fram kampen mot polio, og no har innbyggjarane i Stranda og Sykkylven ei unik moglegheit til å bidra. Ved å gi til lokalt Vipps-nummer 134399 kan du bidra.
20. oktober 2024
Hvert bidrag teller i kampen mot polio! Visste du at når du gir penger til Polio plus, tredobles effekten av din gave? For hver krone du gir, matcher Bill og Melinda Gates med to kroner. Sammen kan vi stoppe polio én gang for alle! Vipps til 134399
19. oktober 2024
Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.
17. oktober 2024
«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.
18. mai 2019
President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020
22. januar 2019
Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.
10. februar 2018
Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.
11. januar 2018
Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.