Rotarymøte 12.02.2020: Per Magne Drotninghaug:

Referat frå rotarymøte 12.02.2020:

Rotaryven Kjell Heggdal heldt eit tankevekkende innlegg om medisinen insulin som ikkje er så lett tilgjengelig som den burde. Per Magne Drotninghaug, svært habil hobbyfotograf, viste bilder frå fjellturer og av nordlys. Desse bilda var så flotte at dei kunne ta pusten frå oss.

President Petter ønska alle vel møtt, og spesielt den langveisfarende gjesten, Brigitte Hofer frå Sveits. Dessutan, hobbyfotograf Per Magne Drotninghaug. Applaus!

Så litt om dagens dato: Randi, Ronja og Randulf har namnedag.

To bursdager og årstal: Maler Henrik Sørensen født 1882. Han har dekorert i Oslo Rådhus. Og i 1938 blei forfatter Tor Obrestad født. Han døydde nyleg, 25. januar i år.

Så ei kuriøs sak frå Aftenposten i 1909: Oscar Mathiesen hadde vunne EM på skeiser i Budapest, og premien var  ein stor sølvpokal som vog heile 10 kg. Denne blei liggende i Tollboden i Oslo fordi Oscar ikkje hadde råd til å betale tollen. Summen var heile 150 kr. Men skeisevener visste råd: Dei vendte seg til departementet for bl.a. toll og forklarte situasjonen. Nokre dager etterpå kunne skeiselauparen hente pokalen tollfritt.

Ord for dagen: «Fred kan ikkje sikres med våpen, det må mennesker gjere». Sitatet er av John F. Kennedy.

I sekretær sitt fråver, forkynte presidenten at ved forrige møte var 24 frammøtte som ga 55,8 %. Bursdager: Ein rund dag: Rotaryven Olav Utgård fyller 70 år, 13. feb. Gratulerer ! Vår proffe kasserer, John Henrik fyller 48 år, 16. februar.  For BUAS-besøk er det Rolf og Odd som står for tur.

Rotaryven Kjell H. heldt kvelden sitt 3- minutt: Temaet for innlegget var alvorleg: Nemlig diabetes (sukkersjuke) og medisinen insulin som diabetikere er avhengig av. Ved diabetes 1 er pasienten heilt avhengig av denne. Enkelte med diabetes 2 må også bruke den, men ofte kan den haldast i sjakk med adekvat kosthald. Det er ingen sjølfølge at alle i verda har tilgang til insulin. I USA har det vore ei voldsom prisstigning frå 20 dollar pr. ampulle til 285 dollar. I følge Kjell koster, det kun 5 dollar å framstille dette. Med ein så voldsom kostnad er det begrensa kven som har økonomi til å kjøpe medisinen.

I Mosambique, i Afrika, har eit barn som blir født med diabetes 1 liten sjanse til å leve opp pga. medisinmangel. Dette er eit stort paradoks,  teke omsyn til at i år 2022 er 100 år sidan første pasient blei behandla med insulin.

Tankevekkende og litt dystert 3- minutt av Kjell. Han minte oss på kor heldige vi er her i landet som får tilgang på medisin utan å bli økonomisk ruinert.

Orientering frå presidenten: Som vi veit, er det eigerskifte av lokala vi held til . Coop tek over bygget når Sparebanken flytter til Hjørnegården. President og Past President er i dialog med dei nye eigarane om evt. å fortsette med dagen si ordning. Sjøl om det kanskje er utsikt til ei god løysing på dette, blei det beslutta å gjere ein rydde-dugnad. Alt som er laust i lokala eig SRK, medan det som er fast tilhøyrer banken. Stoler og bord tilhøyrer sjølsagt  banken. 2 timer før ordinært møte var trubadur Olav og presidenten tilstades for å systematisere og rydde vekk/kaste ting som vi ikkje har bruk for i framtida. Til å assistere seg hadde Olav og Petter fått med seg to kraftige bodybuildere.

Fotoframvisning av Per Magne Drotninghaug (bilde under):


Etter rotarykaffe, med kjempegode sveler, fekk Per Magne Drotninghaug ordet og bildet. Han er ein ivrig hobbyfotograf og har spesialisert seg på natur- og fjellbilde. Dessuten har han teke mange fenomenale bilder av nordlyset. Den bildeserien Per Magne viste kunne ta heilt pusten frå oss. Eine fotoet flottere og meir spektakulært enn det andre. Særleg har han tatt mykje bilder frå Velledalsfjella; det er knapt ein topp han ikkje har vore på. Vi som bur i Sykkylven og Sunnmøre er vel ikkje spesielt glad i tåke, men dette fortel Per Magne er heilt ypperlig foto-vær.  Bilda får meir liv og blir nærast «trollske». Det heiter at «over skyene er himmelen alltid blå». Med sine foto kunne Per Magne dokumentere at «over tåka er himmelen alltid blå». Eit bilde referent husker spesielt er der tåka ligg som ein dyne over bygda, medan Gimsdalstiden, Hammersettindane og Urfjellet stikk opp og ligg bada i sol. Sjå bildet under:


NB! Klikk på lenken Per Magne Drotninghaug: Her er masse fenomenale fjellbilder:



Bilder: Er teke frå internett, og eg synes dette er bilder som er typisk for Per Magne sin fotokunst:

Per Magne tek mange bilder i soloppgang og/eller solnedgang,  gjerne med skodde rundt i landskapet. Han vil ha med mennesker på bilda, gjerne på litt avstand. Dette gjer at bilda får ein ekstra dimensjon over seg.

Til sist, men ikkje minst, må referent få lov til å nemne dei fenomenale nordlysbilda med Velledalsfjella som ei ramme for bilda.



Bilder: Fenomenale nordlysbilder frå Per Magne Drotninghaug:

At fotokunsten er digitalisert, skal kanskje Per Magne vere glad for. Han fortalte at han tok 4000 bilder berre på ein fjelltur. Totalt, opplyste han, å ha teke over 400 000 foto.

Under spørsmålsrunden etterpå, blei det foreslått at han kunne dekorere enkelte triste grå betongvegger rundt omkring i bygda med enkelte av sine fenomenale fotografier. Noko han ikkje var heilt framand for.

Som allereie nemnt, tidlegare i referatet, var dette ei fenomenal fotoframvisning. Aldri har referent fått vore med på så mange fjellturer med så lite bruk av fysiske krefter. Velfortjent gest og flaske vin til Per Magne.


Bilde: Velfortjent gest frå president Petter:

Så minte presidenten om at det er vinterferiefri neste onsdag og at vi uansett korleis det går, må vi finne eit anna lokale til møtet den 26. februar.

Så takka han for møtet og ønska alle god vinterferie og vel heim.

 

Referent Jarle




 
Rydding i kirkeparken

2. mai 2026

Rydding i kirkeparken

Dugnad i Kirkeparken

Presentasjon av Høbben

19. april 2026

Presentasjon av Høbben

Onsdag den 15. april fekk klubben besøk frå HØBBEN ungdomsklubb i Ullavika. Hanna, Hedda, Sofie og Kieu presenterte klubben på beste vis til eit lydhøyrt publikum.

9. april 2026

Sykkylven Rotaryklubb inviterte Severin Roald til foredrag. Tema: Kunsten å skape tillit.

Severin Roald som vaks opp i Sykkylven, men som no bur i Oslo.
Gjennom foredraget «Kunsten å skape tillit» ga han fleire nyttige råd til dei frammøtte.
Roald var blant anna innom 10 punkt for korleis ein kan skape tillit.

RYLA seminar Ålesund

30. april 2025

RYLA seminar Ålesund

Referat fra RYLA seminar i Ålesund

Kyrkjepark og Rotary-dugnad

26. april 2025

Kyrkjepark og Rotary-dugnad

Det nærmar seg både konfirmasjon og 17. mai, og tradisjonen tru stiller Sykkylven Rotary Klubb (SRK) opp med vårpuss i området ved kyrkja.

Medlemsmøter hos LK Hjelle 26 mars 2025

27. mars 2025

Medlemsmøter hos LK Hjelle 26 mars 2025

Bedriftsbesøket hos L. K. Hjelle Møbelfabrikk var frå starten av samling i møterom bak dei store og spennande glasflatene i arkitekturen som ein kunne sjå frå utsida. CEO dei siste fem åra, Jens Peter Brunstad, ønska velkommen til oss 23 frammøtte og pres

Besøk av Lene Trude Solheim frå NHO

13. desember 2024

Besøk av Lene Trude Solheim frå NHO

Lene besøkte oss med foredraget: Næringslivets perspektiv - for utvikling og vekst. Vi fekk eit godt innblikk i kva NHO driv med og om næringslivets utfordringar i Møre og Romsdal.

Sykkylven Røde Kors

15. november 2024

Sykkylven Røde Kors

Onsdag 13. november fekk vi besøk av Sykkylven Røde Kors ved Jon Erdal som fortalde om alt det flotte arbeidet dei gjer for bygda både innan omsorg og i hjelpekorpset. Vi fekk eit godt innsyn i det viktige arbeidet dei gjer.

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

22. oktober 2024

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

Rotary held fram kampen mot polio –
Rotary-klubber verden over held fram kampen mot polio, og no har innbyggjarane i Stranda og Sykkylven ei unik moglegheit til å bidra. Ved å gi til lokalt Vipps-nummer 134399 kan du bidra.

Høyr Bill Gates oppfordre oss til å bidra til Polioaksjonen

20. oktober 2024

Høyr Bill Gates oppfordre oss til å bidra til Polioaksjonen

Hvert bidrag teller i kampen mot polio! Visste du at når du gir penger til Polio plus, tredobles effekten av din gave? For hver krone du gir, matcher Bill og Melinda Gates med to kroner. Sammen kan vi stoppe polio én gang for alle! Vipps til 134399