Referat frå rotarymøte
04.03.2020:
Designer Runa Klock vitja Sykkylven Rotaryklubb
og fortalte om bærekraftig design. Ho har utdanning frå Kunsthøgskulen i Oslo
og har skreve mastergrad om "Bærekraftig design". Vi fekk besøk av
"Fole flinke damer" som håpa å få inspirasjon av Runa. Rotaryven
Asbjørn heldt 3 minutt om auka krav til industrien om merksemd på miljø og
bærekraft.
Møtestad var
Kyrkjekjellaren, og president Petter ønska, som vanleg, alle vel møtt. Denne
gangen var det 4 gjestar: 3 frå «Flole
flinke damer»: Anett Fet, Ann Marie Andreassen og Emte Aure. Og ikkje minst, kvelden sin foredragshaldar, Runa Klock. Applaus til alle saman!!!!
Som vanleg,
litt om dagen sin dato: To
bursdager: Henrik Sjøfareren frå Portugal f. 1394. Blei etter måten ein gamal
mann: Døydde i 1460, 66 år gamal. Så til våre dager og ei heilt anna «bransje»:
Den norske jazzmusiker, Jan Garbarek f. 1947.
Folkeforbundet
blei grunnlagt denne dato i 1920. Hovedsete i Geneve. Blei offisielt lagt ned
18/4 1946, og FN blei grunnlagt med hovedsete i New York.
Medisin:
Første nyretransplantasjon blei utført i Boston i 1954.
Ord for
dagen: «Kan ein vere glad for lite, har ein mykje å vere fornøgd med»
Rotarysong:
Trubadur
Olav glimra fortsatt med sitt fråver. Då var det berre å forsette å synge fleire
vers av «Mellom bakkar og berg». Vi nøgde oss med eit vers.
Sekretær kunne opplyse om at ved forrige møte
var 25 frammøtte som gav 61,54 %.
Bursdager:
Nils Arve fyller 64 år i dag, 4. mars. Knut Henning og Sindre har bursdager
høvedsvis 9. og 10. mars, men referent fekk ikkje med seg kor gamle dei er.
Kanskje kan nokon gi referent eit hint om dette? Uansett, trur referent, at dei
dreg ned gjennomsnittsalderen i Klubben.
Hallgeir og
Hallstein står for tur til BUAS- besøk.
3-minutt:
Asbjørn
Riksheim helt kvelden sitt 3- minutt: Han innleia med at temaet for foredraget
hans er det samme som for Runa, nemlig bærekraft.
Asbjørn er
med i leiinga i to fabrikker, L.P. Riksheim her i Sykkylven og Norwegian Wood i
Litauen. Den første firmaet produserer, så vidt referent forstår, deler til
møbelindustrien og Litauen produserer trapper. Her blir trappedelene behandla
med ein spesiell tørkeprosess som gjer at kvaliteten blir ekstra god.
Asbjørn
fortel at kundane meir og meir etterspør miljø- og bærekraft. Eit eksempel på
dette er Hilding Jensen i Svelvik som er ein stor kunde. Utan å vere miljømedvetne, vil ein tape i konkurransen i framtida. Fabrikken
i Sykkylven er opptekne av miljø, medan Litauen ikkje veit kva det er.
Interessant
å høyre at vi går mot andre tider i utvikling og produksjon.
Ymse:
President
Petter opplyste at situasjonen med lokala i Sparebankbygget fortsatt er
uavklart. Innan ein månad veit ein kanskje meir.
Elles har
referent lyst til å minne om at Greta og Olaf er i Bogo på Filippinene. Les
meir om opphaldet deira ved å gå inn på facebooksida til Lola Day Care Center.
Designer Runa Klock: «Berekraftig
design og utvikling».
Etter kyrkjekaffe,
med kraftige sjokoladekaker, var det Runa Klock sin tur som kvelden sin
foredragshaldar: Ho fortalte at ho har namnet sitt frå Ramstaddal, men bur no
på Sjøholt.
Bilde: Runa Klock.
Utdanning:
Ho er utdanna ved Kunsthøgskulen i Oslo der hos studerte møbeldesign og interiør arkitektur, og har ein mastergrad i bærekraftig
design». Ho har også grunder-utdanning frå Universitetet i Oslo og Berkeley i
San Fransisco, USA.
Inspirasjon frå naturen:
Runa viste
oss ei rekke bilete frå designa produkt der ho har henta inspirasjon frå
naturen. Eksempel er eit bord som lett kan demonteres og blir flatpakka.
Modellen til dette er to røtter som krysser kvarandre. Likeeins modell frå
vannliljer som har gitt modell til runde, flate skjermer med lys. Dei er festa i taket
og gjer at lyden i lokalet blir bedre,
og at ein samstundes føler at det er lavere under taket.
Bilde: Til ve. skjerm etter inspirasjon frå vannliljer og hø. Bokari-kurver: (Bilda er frå internett og er nytta etter tillating frå Runa).
Designvettregler:
Runa viste oss eit bilde med designvettregler for
bruk av ulike materiale og råvarer. Ei kort oppsummering er at materiala skal
vere resirkulerte, lette å separere, resirkulerbare, fornybare, kortreiste og
kreve lite energi i produksjonen. Det gjeld å finne alternativ til miljøskadelige
stoff og materiale som samsvarer med forventa levetid. Til sist: Kva verdi
signaliserer materialet? Samstundes må omsyn til transport og heile
livssyklusen til produktet være med i designprosessen.
Jacobprisen:
Runa har fått Jacobprisen for god design. Grunngjevinga
for dette er at ho er visjonær, har brei utdanning og beveger seg lett mellom
ulike kategorier og materiale, med stor respekt for tradisjoner og håndverk.
Til sist, men ikkje minst, legg juryen vekt på at ho veksler mellom
forskjellige roller som grunder, strateg, designer, oppfinner, stadutvikler og
markedsfører. «Runa Klock er en visjonær
og grensesprengende fagutøver som demonstrerer designfagets potensial som en
driver i samfunnsutviklingen,» står det i juryen si begrunning.
«Epleslang»:
Det siste har ho bevist gjennom prosjekt som «Epleslang» i
Oslo. Ho er ein av gründerane bak ei verksemd som dreg rundt til private hager
i Oslo og haustar eple som ellers ville råtne. Då dei byrja i 2013, blei det
plukka 7000 kg eple. I 2019 blei det plukka 45000 kg som blir pressa til
eplemost. Identiteten utvikla for Epleslang har fått «Hederspris for god
design».
Runa har
hatt samarbeid med Botsfengselet i Oslo og hotellet «The Thief» når det gjeld
produktutvikling og design, uten at referent kan gå i detalj om dette.
Ellers er ho
inne i prosjekt som Moving Mamas og Retour.
Prosjekt i Pakistan:
Avslutningsvis
vil referent nemne eit prosjekt i Sultan Town i Pakistan. Ein norsk-pakistaner ved
Yawar Bokari starta ein fabrikk som laga golvtepper av filleryer. Saman med
fabrikken, bygde han ein skule som barna til dei ansatte fekk gå på. Han døydde
dessverre i 2012, og fabrikken blei lagt ned. Borna forsvant frå skulen. Sjøl
om denne var gratis, måtte elevane slutte for å hjelpe foreldra med nok
inntekter til familien.
Runa blei
spurt om ho kunne hjelpe til å få fabrikken på beina igjen. Saman med sonen og dattera
til Yawar, Amar og Laila, tok ho fatt på dette arbeidet. Så vidt referent forstår, går
dette heilt fint. Fabrikken går bra og barna er tilbake på skulen. Det er 300
ansatte, av desse er 100 kvinner. (Sjå bilde av Bokari-kurver over)
Det er også
bygd eit vannrenseanlegg med gratis vatn til heile byen.
Men Runa jobber i lokalmiljøet hos oss også. Ho har siste to åra arbeidd som
tettstadutviklar for Sjøholt sentrum, i Ørskog kommune, men er no tilbake i
freelancelivet.
Eit
interessant foredrag, der mange blei både engasjerte og inspirerte. Kanskje
også dei «Fole flinke damene» som sikkert kan få tips av Runa når det gjeld
sentrum her i Sykkylven.
Litt på
overtid overrakte presidenten ein velfortjent gest til Runa.(Sjå bilde over:)
Bilde: Runa nr. 2 frå ve. saman med dei "fole flinke damene". Hø.: President Petter flankert av 4 flotte damer.
Så takka han
for oppmøtet og minte om «Presidenten sin time» som sannsynligvis også blir i
Kyrkjekjelleren.
Referent
Jarle
15. november 2024
Onsdag 13. november fekk vi besøk av Sykkylven Røde Kors ved Jon Erdal som fortalde om alt det flotte arbeidet dei gjer for bygda både innan omsorg og i hjelpekorpset. Vi fekk eit godt innsyn i det viktige arbeidet dei gjer.
22. oktober 2024
Rotary held fram kampen mot polio –
Rotary-klubber verden over held fram kampen mot polio, og no har innbyggjarane i Stranda og Sykkylven ei unik moglegheit til å bidra. Ved å gi til lokalt Vipps-nummer 134399 kan du bidra.
20. oktober 2024
Hvert bidrag teller i kampen mot polio! Visste du at når du gir penger til Polio plus, tredobles effekten av din gave? For hver krone du gir, matcher Bill og Melinda Gates med to kroner. Sammen kan vi stoppe polio én gang for alle! Vipps til 134399
19. oktober 2024
Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.
17. oktober 2024
«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.
18. mai 2019
President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020
22. januar 2019
Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.
10. februar 2018
Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.
11. januar 2018
Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.