Referat frå rotarymøte
13.05.2020:
Første gang
sidan stengninga av Norge, 12. mars, var det ordinært møte i SRK. Ikkje nok med
det: Vi heldt møte i «gamle-lokala» våre, Sparebanksalen. Ein dugnadsgjeng hadde på førehand lagt ypperlig til rette med å sjaue bord og stoler og sette
på varme. Matkomiteen sørga for kaffi og sveler innpakka i serviett.
Visepresident
Knut Jarle leia møtet: Han ønska alle vel møtt, spesielt kvelden sin gjest,
Svein Aure, som ville orientere om Sjøfronten i Haugbukta og planane her.
Applaus!
Først litt
om dagen sin dato: 1856: Første buekorps stifta i Bergen. 1945: Kronprins Olav
kjem tilbake til Oslo frå England under STOR jubel. Bursdager til to artister:
Stevie Wonder, født 1950 og Alexander Rybak, født i 1986.
Ord for
dagen etter den svenske skodespelar, Ingrid Bergmann: «Alder er som å klatre
opp eit fjell, ein blir andpusten underveis, men får bedre utsikt på toppen».
Trubadur
Olav hadde funne ein rettelig 17. mai song: «Mellom bakkar og berg», av Ivar
Aasen. Fin trening før 17.mai.
Visepresidenten
ramsa opp dei som hadde hatt bursdag sidan forrige møte: Det var Bastian,
Arild, Peder, Steinar K., Almar, Trygve og Jan(?) . Olaf fyller år 14.05 og
Roald 15 mai. Referent fekk ikkje med seg alder, men den kan neppe vere så høg
på nokon av dei.
Sjøfronten:
Etter
rotarykaffe, og som vanlig gode sveler, var det tid for orientering ved Svein
Aure. Som mange veit, er det blitt fylt opp med masse og stein i Haugbukta.
Planen er no å bygge butikk på hovedplan og leiligheter i 3. etasjer.
Arealet for butikken (Spar) blir heile 1500
m2. Så er det planlagt 3 etasjer med 8 leiligheter i kvar etasje: Den største
130 m2, den minste 67 m2. Planløysinga er lik for alle etasjer.
Svein fortel
at adkomsten ikkje er heilt ideell,
men pga. rundkøyringa er farta på trafikken ikkje så høg. Dermed skulle det
vere overkommelig å krysse veien heilskinna. Elles er det gangvei gjennom
miljøtunnelen.Det er planlagt grøntareal framføre mot sjøen. Sjøl om det kan
vere ei utfordring, vil ein forsøke å få til ein gangsti på innsida av dagen
sitt rekkverk.
Parkering:
Det er
planlagt 145 parkeringsplasser, og inngangen til butikken blir frå nord. Til
dei som bur i leilighetene er det planlagt Carport i bakkant.
Høgda på
bygget blir på 15 meter, og er innenfor gjeldande reguleringsplan. Grunnforholda
på Aure er litt usikker, så Svein veit ikkje om det må pælast eller om ei
betongplate på ½ m vil gjere nytte som stabilisering.
Pris:
Svein
antyder ein pris på 50000 – 54000 kr. pr. m2 for leilighetene.
Dersom alt
går etter planen, vil det fysiske arbeide bli satt i gang i byrjinga av jan.,
febr. neste år.
Veldig grei og nøktern orientering av Svein. Han minner om at det kun er ei skisse som blei presentert og ikkje det endelige resultatet.
Mange spørsmål i etterkant: M.a. spurte Helge
om det kunne vere ein ide å sette av areal for felles sosial samrøre. Svein
fortalte at ein hadde vore inne på tanken, men foreløpig er ikkje fellesareal
med i planløysinga.
Avslutningsvis
blei foredragsholderen belønna med sedvanlig fint innpakka ost.
Så runda
visepresident Knut Jarle av møtet og minte om neste møte om 14 dager. Fri
onsdag før Kristi Himmelfarts dag.
Her er Svein sin presentasjon om Sjøfronten (Det kan ta litt tid før dei enkelte bilda kjem fram)
Referent
Jarle
15. november 2024
Onsdag 13. november fekk vi besøk av Sykkylven Røde Kors ved Jon Erdal som fortalde om alt det flotte arbeidet dei gjer for bygda både innan omsorg og i hjelpekorpset. Vi fekk eit godt innsyn i det viktige arbeidet dei gjer.
22. oktober 2024
Rotary held fram kampen mot polio –
Rotary-klubber verden over held fram kampen mot polio, og no har innbyggjarane i Stranda og Sykkylven ei unik moglegheit til å bidra. Ved å gi til lokalt Vipps-nummer 134399 kan du bidra.
20. oktober 2024
Hvert bidrag teller i kampen mot polio! Visste du at når du gir penger til Polio plus, tredobles effekten av din gave? For hver krone du gir, matcher Bill og Melinda Gates med to kroner. Sammen kan vi stoppe polio én gang for alle! Vipps til 134399
19. oktober 2024
Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.
17. oktober 2024
«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.
18. mai 2019
President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020
22. januar 2019
Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.
10. februar 2018
Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.
11. januar 2018
Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.