Referat frå Rotarymøte 03.05.2020:
Ordfører og rotaryven, Odd Jostein orienterte
om stoda i kommunen i utfordrande korona-tider. Rotaryven, Geir L heldt 3
minutt med ei kort orientering om Stokke Industri som er eit
investeringsselskap.
Denne gang
var det Greta som leia møtet. Ingen gjester, men solid oppmøte: Dei fleste var
sikkert spente på kva vår rotaryven og ordfører, Odd Jostein hadde å
rapportere.
Som vanlig
litt om dagen sin dato: Månaden juni,
som vi er inne i, har namnet frå den romerske gudinnen, Juno som var beskytter
for kvinner og det kvinnelige.
Rasmus og
Rakel har namnedag.
Ein bursdag: Vår koselige og folkelige TV- kokk,
Ingrid Espelid blei født i 1924.
Til sist ein
liten rapport om koronasituasjonen: Greta sin konklusjon er at vi helsemessig har kome godt frå det samanlikna med andre land (les: Sverige). Til no er det ca.
8500 smitta og 237 dødsfall. Men den nedstenginga av samfunnet, som måtte til, har kosta både menneskelig og økonomisk. Det har kome godt med at vi har penger
på bok, slik at staten, til ein viss grad, har kompensert økonomiske tap hjå selskap
og bedrifter. Ca. 1/3 av dei som har søkt om støtte har fått avslag.
Kva rotarysong passer bedre som kommentar
til overstående enn ?: «Vi vandrer med freidig mot» av sjølvaste Henrik
Ibsen. Tydelig at denne songen kunne vi
godt, og enda bedre blei det med trubadur Olav sitt flotte gitarspel.
Sekretær hadde meldt avbud, men Greta kunne
opplyse at Rolf fyller år 9. juni. Applaus! Det var elles litt forvirring om
forrige gang sitt oppmøte. Det høgaste oppmøte var 44, det lavaste var 14. Men
Greta landa til slutt på 19, noko referent synes kan stemme. Om
oppmøte-prosenten blir riktig er vanskeleg å sei, men Greta meinte denne var 44.
Olav fekk
ordet og viste fram ein ståltermos som han hadde funne i Kyrkjeparken etter
dugnaden i beg. av mai. Han etterlyste ein eiger, og dersom denne ikkje meldte
seg, var han litt i uvisse om kva han skulle gjere.
Bilde:Termos funne av Olav. Er veldig spesiell, fordi den trosser gravitasjonskrafta.
3-minutt om investeringsselskapet
Stokke Industri AS.
3- minutt
var ved Geir L.: Han er ansatt som partner i Stokke Industri AS. Dette er eit
selskap som m.a. investerer i industri
og eigedomsprosjekt. Eigenkapitalen er på 2,4 mrd. kroner. Gjennomsnittlig
avkastning er på 4 – 6 %. No, når rentene er praktisk talt lik null, er det meir
aktuelt enn nokon gong å investere i slike fond som Stokke og Geir
administrerer.
Geir fortalte noko ganske interessant: Korleis vil aksjemarked reagere på situasjonen som korona-krisa har skapt? Han skisserte eit V- forløp, eit W-
forløp eller eit L- forløp. Det beste scenariet er logiske sett V, der
aksjemarknaden går ned og så opp igjen til gamle høgder. Ved W skjer dette to
ganger, medan ved L, vil bli som på 30- talet, der aksjemarknaden er ganske
laber over lengre periode. Vi håper sjølsagt på V og ikkje L. Aktuelt 3- minutt
frå Geir.
Orientering ved rotaryven og ordfører
Odd Jostein:
Bilde: Bilde frå eit tidligere møte med ordfører og rotaryven, Odd Jostein.
Etter rotarykaffe og gode sjokoladekaker, var det ordfører og vår rotary-ven, Odd Jostein som fekk ordet. Han fortalte at han naturleg nok hadde hatt det svært travelt i samband med koronapandemien og avstengningen av samfunnet. Heldigvis hadde administrasjon tatt grep, og når krisa kom, var ein i forkant av problema. Dermed slapp ein å kalle inn formannskap og kommunestyret til avgjerder som det hasta med: 850 elever skulle på nett. 300 tilsette i kommunen likeså. Eit helsesenter, som ikkje hadde PC som fungerte på dette området, måtte bli tildelt adekvat utstyr. Trass i ei mengde utfordringer, konkluderte Odd Jostein med det heile hadde fungert greit.
Stor pågang frå media:
Men uansett,
så var det ikkje til å unngå at arbeidsløysa og mengda permitteringer i kommunen
blei høg. I kjølvatnet av dette, var det stor pågang frå media, frå NRK- tv
til ymse aviser. Dette tok sjølsagt både tid og mentale krefter. I samband med krisa i arbeidslivet var
Sykkylven Næringsutvikling ein god støttespelar, og samarbeidet med næringslivet
var godt.
Omstillingsprosjekt:
At Sykkylven
har eit ensidig næringsliv, gjer oss
veldig sårbare når ei krise kjem. Faktisk er det berre Årdal som er meir
sårbar. Dette gjer neste punkt på Odd Jostein si orientering svært aktuell,
nemlig eit såkalla Omstillingsprosjekt. Det er sendt søknad til Molde om støtte
til dette. Åsne Follstad har kompentanse og er svært involvert i dette. Men Odd
Jostein understreker at det ikkje berre er nye verksemder som det blir
oppmuntra til, men også at eksisterende blir støtta. Målet er sjølsagt å få til
ein så robust næringsstruktur som råd.
Elles gjer
referent det lett for seg sjøl og nemner berre kort det som Odd Jostein
fortalte i resten av orienteringa:
-
Halde hjula i gang ved å sette i gang forskjellige prosjekt rundt om i kommunen.
-
Prosjekt vei til Sørstranda skule. Ny vei og
masse infrastruktur som må ordnast.
-
Sykkylven
nr. 1 i fylket som trafikksikker
kommune.
-
Ny fyringsteknologi ved BUAS. Stor suksess med dette ved
Storhallen. Får «grønne lån».
-
Avslutningsfase når det gjeld parkeringsplasser,
avfallsbrønner og ferdigstilling av asfalt på Fjellsætra. Også fiber og ny
skiltplan og fartsgrenser.
-
Idedugnad på kaiområdet. Rema 1000 har vore i
kontakt med kommunen som interessent.
-
«Gule områder» for tomter i sentrum.
-
Auremarka: Forprosjekt. Kontakt med
Nordfjordeid som har erfaring med liknande prosjekt.
-
Sentrumskulen der massiv tre skal inngå i sjølve
bygget. Det er ikkje berre eit skuleprosjekt, men også eit hall- og
kulturskuleprosjekt. Antyda kostnad: 260 mill.
-
Elles
oppsamling til slutt med
velferdsteknologi, cruisekai, samarbeid med andre kommuner ang. flyplass og
«Smart City». Også tenke regionsutvikling.
Etter
orienteringa var det mange spørsmål. Eit av dei var korleis det går med
tunnelen Hole – Engeseth. Her meiner Odd Jostein at prosjektet har gått igjennom byråkratiet, og at iverksetting ikkje
nødvendigvis treng å ta så lang tid.
Ei veldig
grei orientering av Odd Jostein. Klubben er heldig som har ordføreren som
medlem.
Greta minte om
at ved neste møte er det Olaf og ho sjøl som vil orientere om besøket til Lola
Day Care Center.
Tilslutt
ønska Greta oss vel heim.
Referent Jarle
15. november 2024
Onsdag 13. november fekk vi besøk av Sykkylven Røde Kors ved Jon Erdal som fortalde om alt det flotte arbeidet dei gjer for bygda både innan omsorg og i hjelpekorpset. Vi fekk eit godt innsyn i det viktige arbeidet dei gjer.
22. oktober 2024
Rotary held fram kampen mot polio –
Rotary-klubber verden over held fram kampen mot polio, og no har innbyggjarane i Stranda og Sykkylven ei unik moglegheit til å bidra. Ved å gi til lokalt Vipps-nummer 134399 kan du bidra.
20. oktober 2024
Hvert bidrag teller i kampen mot polio! Visste du at når du gir penger til Polio plus, tredobles effekten av din gave? For hver krone du gir, matcher Bill og Melinda Gates med to kroner. Sammen kan vi stoppe polio én gang for alle! Vipps til 134399
19. oktober 2024
Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.
17. oktober 2024
«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.
18. mai 2019
President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020
22. januar 2019
Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.
10. februar 2018
Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.
11. januar 2018
Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.