Rotarymøte 10.06.2020: Greta og Olaf.

Referat frå rotarymøte 10.06.2020:

Greta og Olaf viste bilder og fortalte frå sitt fantastiske opphald ved Lola Day Care Center på øya Cebu. Dei delte ut i alt 64000 kr til May Britt og Lone, som gjer ein fantastisk og uegennyttig innsats med førskulen og prosjekt Filippinene.

President Petter var tilbake i president-embedet og ønska alle vel møtt. Det var såpass mange gjester at referent ikkje hugsar namna. Men hovedgjestene, for å kalle dei det, var May Britt Tynes og Lone Tynes Anderson. Stor applaus!

Som vanlig litt om dagen sin dato: Ingolf og Ingunn har namnedag. Norske operastjerne, Åse Nordmo Løvberg, født i 1913. Lokal dikter, Arnold Eidslott, født 1926.

I 1940 kapitulerte Norge i krigen mot Tyskland. Kongen og Kronprinsen kom til London. Italia erklærte krig mot dei allierte.

Dersom ein tek med overstående, i tillegg til situasjonen i verda i dag, passa det  godt med :«Draumen om fred» som rotarysong. Alltid like aktuell sang (dessverre).

Sekretær kunne forkynne at det ved forrige møte var 27 frammøtte. Dette ga pene 66,2 % frammøte.

Då Greta og Olaf sitt innslag var berekna å vare litt lenger enn vanlig foredragstid, hoppa vi over 3-minutt og gjekk rett på rotarykaffe og rundstykker.

Tur til Lola Day Care Center:


Greta og Olav hadde rigga seg til med mange lysbilder. Dei veksla mellom å kommentere dei ulike hendingene og bilda.

Foredraget var delt i 3: Først vitjing hos rotaryklubben i Bogo. Så besøk ved Lola Day Care Center. Til slutt bilder frå området rundt og frå ferieopphaldet.

Vitjing i Bogo Rotaryklubb: Her blei Greta og Olaf godt mottatt. Det er møte ein gong i veka. Denne gongen var det eit sosialt møte der ein av medlemmene feira sin 60- års dag.

Så gjekk turen til hovedmålet, Lola Day Care Center, saman med May Britt og Lone.

Som vi veit er Lola Day Care Center ein førskule for dei fattigste av dei fattige barna. Skulen er så velrenomert at også rike familier forsøker å få barna sine inn. Men her er leiinga ubestikkelig.

Vi fekk sjå bilder og video frå flaggheising, undervisningssituasjon og korleis barna leika seg i friminutta. Utdeling av ryggsekker og T-skjorter frå Tine var sjølsagt svært populært.

Vi fekk sjå foreldre som deltok i dugnad med matlaging.

Det var veldig høgtidelig då det var som ein eksamensfest med utdeling av vitnemål.


Bilde frå eksamensfest:

Utdeling av sjekk frå Sykkylven Rotaryklubb:

Ikkje mindre høgtidelig var det då Greta heldt tale og tildelte May Britt ein sjekk  til drifta av skulen. Referent husker ikkje beløpet, men trur det var 40000 kr.

Pga. koronapandemien blei avslutningsseremonien amputert. I staden for eit festmåltid på skulen, fekk barna og foreldre med seg matpakke heim.

Ein litt kuriøs ting opplevde våre folk då dei besøkte to slumområde. Det var veldig skittent i og rundt «hyttene», men ut  kom likevel brudepar der kjolen til bruda var kvit som snø. Korleis ho fikk til dette, undra Greta seg svært på.

Sterke bilder frå det lokale fengselet:

Bilder frå Bogo City Gail gjorde inntrykk. Her var fangane innesperra som i noko som likna «bur». 28 personer i kvart «bur», av og til også fleire. Våre folk hadde med seg hygieneartikler  for 10000 kroner som vart delt ut. Sjølsagt svært populært. Fangane lager til forskjellige produkt. Greta sendte rundt korger som  eksempel på dette.


Bilde: Dette er korger som fanger ved Bogo City Gail har laga.

Ferie i «paradis»:

Men om det var stusselig i slummen og i Bogo fengsel, så såg ferieopphaldet fint og idyllisk ut.   Bl.a. reiste dei med ei «ferje» til ei øy. Her blei det soling og bading som høyrer til når ein er på ferie i «syd-østen».  I alt 6 dager i «paradis».

Heim i hui og hast:

På grunn av den aukande Koronapandemien blei avslutninga på turen ikkje som planlagt. Det var berre å kome seg heim før ein blei koronafast.  Heldigvis fekk våre folk bukka om flybilletten, og reisa gjekk greit. Det gjorde det for Lone og May Britt også, men dei måtte betale ein klekkelig sum for heimreisa.

Greta og Olaf oppsummerte det heileat det hadde vore ein fantastisk tur som promoterte SRK på ein flott måte. Alt i alt blei det delt ut 64000 kr. Dei nytta også høvet til å takke May Britt og Lone for eit flott opplegg og ein fantastisk innsats med Prosjekt Filippinene.

Referent tek seg den fridom å takke Greta og Olaf for å ha representert klubben vår på ein framifrå måte ved å foreta denne reisa.


Bilde: President Petter med Lone May Britt, Olaf og Greta.

Etter ein sedvanlig spørrerunde, runda president Petter av møtet og opplyste  at neste onsdag blir spasertur i det fri, nærare bestemt ved Fetvatnet.

NB! Greta og Olaf vil skrive artikkel i Sykkylvsbladet om opphaldet. Dette vil vere grundigere enn referatet over.

Referent

Jarle

.

 
Sykkylven Røde Kors

15. november 2024

Sykkylven Røde Kors

Onsdag 13. november fekk vi besøk av Sykkylven Røde Kors ved Jon Erdal som fortalde om alt det flotte arbeidet dei gjer for bygda både innan omsorg og i hjelpekorpset. Vi fekk eit godt innsyn i det viktige arbeidet dei gjer.

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

22. oktober 2024

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

Rotary held fram kampen mot polio –
Rotary-klubber verden over held fram kampen mot polio, og no har innbyggjarane i Stranda og Sykkylven ei unik moglegheit til å bidra. Ved å gi til lokalt Vipps-nummer 134399 kan du bidra.

Høyr Bill Gates oppfordre oss til å bidra til Polioaksjonen

20. oktober 2024

Høyr Bill Gates oppfordre oss til å bidra til Polioaksjonen

Hvert bidrag teller i kampen mot polio! Visste du at når du gir penger til Polio plus, tredobles effekten av din gave? For hver krone du gir, matcher Bill og Melinda Gates med to kroner. Sammen kan vi stoppe polio én gang for alle! Vipps til 134399

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

19. oktober 2024

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.

Anita gir polio et ansikt

17. oktober 2024

Anita gir polio et ansikt

«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.

Presidenten sin time

18. mai 2019

Presidenten sin time

President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

22. januar 2019

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

10. februar 2018

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS