Rotarymøte 24.06.2020 med presidentskifte:

Rotarymøte 24.06.2020 med president-skifte og vinlotteri:

Så var tida kome for siste møtet i SRK for rotaryåret 2020/2021:
President Petter overrakte presidentkjedet til komande president, Knut Jarle. Elles blei komiteleiarane som slutta, takka av med kvar sin blomsterbukett
.

Som president i SRK for siste gang, ønska Petter alle vel møtt. Ingen gjester denne gang. Som vanlig litt om dagen sin dato: To bursdager: Langrennsstjerne Ivar Formo, født 1951. Omkom i ei tragisk drukningsulykke, 26. desember 2006. Sopransanger («cross-over») av verdensformat, Sissel Kyrkjebøe f. 1969. I 1893 var Fridtjof Nansen sin båt «Fram» klar for polarekspedisjon. Norsk Rikskringkasting (NRK) blei ved lov vedtatt oppretta i 1933. Første sending 1. juli samme år. Og når vi er inne på radio: Reiseradioen starta sine sendinger 24. juni  1963.

Rotarysong:

Ved presidentskifte passa det godt å synge Henrik Straumsheim sin rotarysong: «Midt i alt som kan kløyve og skilje…» Melodien  er velkjente «Mellom bakkar og berg».

Sekretær kunne opplyse at det ved friluftsmøte ved Fetvatnet var frammøte 14.  Dette ga beskjedne 34,15 % frammøte.

Elles er det drøssevis med bursdager fram til neste møte, 19. august. Referent fekk ikkje med seg alle, men av runde år fyller Torill Lillebø Neerland 70 år, 3. juli. Ove Straumsheim fyller 80 år, 25. juli. Gratulerer så mykjeJ

3- minutt var ved Roger Kornberg: Han fortalte at han er styreformann i noko så flott som «Brannkasse Varig Forsikring Sykkylven Gjensidige». Dei fleste bruker vel berre Gjensidige Forsikring. Her i Sykkylven er den delt i to: Ein lokal del som omfatter brannforsikring, og ein del som er som eit agentur for det nasjonale forsikringsselskapet, Gjensidige. Det siste omfatter forsikringer i vid forstand, f.eks. bilforsikringer. Brannforsikring gjeld berre i Sykkylven.

Det er 4 ansatte (veldig flinke), og i fjor hadde dei ei omsetning på 65 mill. Av dette utgjorde brannforsikring 10 mill. og andre (f.eks. bilforsikring) 55 mill.

Skadeutbetaling samme år var på 36 mill., der brann utgjorde 3 mill.

Det ligg i namnet, Gjensidige at det er kundene som eig i selskapet. Derfor blir det betalt utbytte til kvar enkelt forsikringstaker. Gjensidige synes det er viktig å støtte opp om frivillig arbeid i lokalmiljøet, og betaler ut mellom ein halv og ein mill. til dette.

Strukturert og oversiktlig orientering av Roger.

Ymse frå president Petter: Han fortalte at han hadde sendt eit brev til Sykkylven Sparebank og takka for at vi har fått bruke lokala gratis Roser dei for alltid å ha vore greie å samarbeide med. Ny eigar av Sparebankbygget er Sykkylven Kommune.

Sidan det var siste rotarykaffe i dette året, hadde matkomiteen samla seg til dugnad og baka marsjipankake og bløtkake. Referent åt eit stort stykke av den siste, og det smakte heilt fortreffelig.


Presidentskifte:

Så følte vi alle på høgtid då president Petter takka for seg. Først ei lita oppsummering: Han fortalte han fekk ein «flying start» i august med «Summercamp» og besøk av 12 fantastisk kjekke ungdommer frå 11 ulike land. Sjå bilda under:


Rotaryåret følte han elles hadde blitt delt i to, før og etter koronapandemien. Dette førte til ein heilt spesiell situasjon, ikkje berre for oss, men for heile landet (heile verda).

Han oppsummerte dei tre satsingsområda, rekruttering, meir synlig lokalt og meir aktivt sosialt liv innad i klubben. Ein del av dette hadde nok blitt hemma av pandemien.

Polioaksjonen, denne gang i sentrum, er eit ledd i større synlighet. Petter gjekk langt i å antyde at ein vil fortsette med dette i sentrum komande haust.


Prosjekta elles har gått for seg som tenkt og planlagt. Det er blitt gitt mange pengegaver, noko som gjer at vi får eit lite underskot dette året. Men det er ikkje større enn at vi fint kan leve med det.

Presidenten etterlyste meir engasjement mellom medlemmene. Her tenkte han på telefonstafetten som blei satt i gang under koronaperioden. Kor den har stoppa, veit han ikkje, men mykje tyder vel på at dette skjedde relativt tidlig.

Avslutningsvis las han Henrik Straumsheim sitt dikt, «Ro stilt langs med landet». Dette diktet står oppslått ved Lisjesanden ved Fetvatnet.

Så reiste alle seg til høgtidelig president-skifte. Petter overrakte presidentkjeda til Knut Jarle, som no er den nye presidenten i SRK. Som vanlig blei det utveksla blomsterbuketter. Frå avtroppende til nye, så frå den nye til avtroppende. Dei komiteleiarane som gjekk, av blei også takka  med kvar sin blomsterbukett.   


Bilde: Ny president Knut Jarle Vik:


Bilde: Frå ve. Olaf Ellingsen, Jarle Svindseth, President Petter og Greta Herje. (no AG):

Den nye presidenten, Knut Jarle tok så ordet og fortalte litt om korleis han vil legge opp det nye rotaryåret: Ingen «palassrevolusjon», men konsolidering av eksisterande prosjekt.

Guvenørbesøket denne gang blir her i Sykkylven. Han fortalte også at han ville gå i samtale med kommunen om møtelokala i det nye året.

Då Trygve måtte sei frå seg visepresidentjobben, har president Knut Jarle skaffa ei solid erstatning, Roger Kornberg. ApplausJ.

Over til meir internasjonal Rotary: Mottoet for rotaryåret 2020/2021 er: «Rotary opens opportunities». Den nye verdenspresidenten er tysk og heiter Holger Knaack.

Avslutningsvis minte president Knut Jarle om første møtet over ferien, 19 august. Så blei vi alle ønska god sommer og kva passa bedre enn så å synge Kårstein Blindheim sin rotarysong.


Bilde: Ny president i SRK, Knut Jarle. 

Dette er siste referatet frå meg. I august går eg over til ein meir matnyttig komite, Servering.

Eg vil takke for meg og mine 3 år som CICO. Eg håper at medlemmane har hatt glede og nytte av referata. Eg vil sjølsagt stå til disposisjon i opplæring av ny CICO, og gi råd og vink dersom det er ønskelig.

Så vil PR/info ønske alle ein riktig god sommerJ

 

Referent Jarle

 

 







 
Sykkylven Røde Kors

15. november 2024

Sykkylven Røde Kors

Onsdag 13. november fekk vi besøk av Sykkylven Røde Kors ved Jon Erdal som fortalde om alt det flotte arbeidet dei gjer for bygda både innan omsorg og i hjelpekorpset. Vi fekk eit godt innsyn i det viktige arbeidet dei gjer.

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

22. oktober 2024

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

Rotary held fram kampen mot polio –
Rotary-klubber verden over held fram kampen mot polio, og no har innbyggjarane i Stranda og Sykkylven ei unik moglegheit til å bidra. Ved å gi til lokalt Vipps-nummer 134399 kan du bidra.

Høyr Bill Gates oppfordre oss til å bidra til Polioaksjonen

20. oktober 2024

Høyr Bill Gates oppfordre oss til å bidra til Polioaksjonen

Hvert bidrag teller i kampen mot polio! Visste du at når du gir penger til Polio plus, tredobles effekten av din gave? For hver krone du gir, matcher Bill og Melinda Gates med to kroner. Sammen kan vi stoppe polio én gang for alle! Vipps til 134399

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

19. oktober 2024

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.

Anita gir polio et ansikt

17. oktober 2024

Anita gir polio et ansikt

«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.

Presidenten sin time

18. mai 2019

Presidenten sin time

President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

22. januar 2019

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

10. februar 2018

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS