Klubbmøte den 09 september 2020

Referat                                                                                                       Sykkylven Rotaryklubb

9.sept 2020  Møteleiar: President Knut Jarle

Namnedag: Trygve, Tyra og Trym.  Utleia frå uredd på norrønt.

Dagen i dag 9.sept: 1020 - slaget ved Svolder, 1896 – Fram-medaljen inn stifta til minne om Fritjof Nansen, 1981 – Norge slo England 2-1 på Wembley, 1982 – Norge slo San Marino 10-0.

Info presidenten: Neste møte, 16.sept, er guvernørbesøk og intercitymøte på Promenaden på Ikornnes kl 19.00, påmelding på liste eller mail til Knut Jarle, kr 300,- pr pers (innkrev seinare).  Møblane i sparebank-salen er ikkje ein del av huset og er donert vekk, styret/president følger opp.

Dagens song v/OlavP: Pengegaloppen av Vidar Sandbeck (i vinden på Ønskekonserten på 60-talet)

3-Minutt: Geir Brekke - arveoppgjer. Geir kom med ei tydeleg oppfordring: REIS HEIM OG RYDD OPP! For det er viktig å ordne opp på førehand, slik bordet er reint når vi går ut av tida. Tenk igjennom og gjer det skikkeleg, for har ein ikkje gjort det så fører det ofte til strid blant etterlatte om pengar, eigedomar, osb. Det er kvar enkelt i salen sitt ansvar å gjere dette snarast – uansett alder!

Rotarykaffi: God eplekake og fin drøs rundt borda.

Dagens program: Åsne Folstad frå SNU – Sykkylven Næringsutvikling.


Åsne orienterte om at SNU er eigd av bedriftene i Sykkylven og Sykkylven kommune. SNU har ansvaret for næringsdelen i strategisk næringsplan for Sykkylven kommune.

Fokus no er eit omstillingsprosjekt slik Sykkylven kan bli omstillingskommune. Bakgrunnen er lite/ingen satsing på næringsfond og at Sykkylven har eit svært einsarta næringsliv.  Samen med Årdal er vi botnen ifht sårbart næringsliv. Prosjektet er eit samarbeid mellom kommune og næringsliv, med støtte frå fylkeskommune og Innovasjon Norge. Målet er å sikre eksisterande og skape nye arbeidsplassar, skape eit robust og variert næringsliv og utvikle samarbeidet mellom kommune og næringsliv. I mars og april var et stort mediafokus på konsekvensen av Covid-19 for næringslivet i Sykkylven. Dette var god hjelp i søknadsprosessen. Sjølv om det allereie no går godt for det meste i Sykkylven er det viktig å tenke omstilling mens ein har god styringsfart. Blir prosjektet godkjent vil det det utløyse store offentlege midlar i inntil 6 år framover. I så fall vil det bli tilsett ein  person som skal drive prosjekt i samarbeid med alle involverte aktørar. Som ein del av søknaden skal det neste veke arrangerast eit «innspelsmøte». God forankring er eit suksesskriterie!

SNU driv og med grunderrettleiing og Hoppid, bedriftsrådgjeving, forvaltar kommunalt næringsfond som 1.linje, kopling mot fylkeskommune, fylkesmann, Innovasjon Norge og SIVA.  SNU er også  administrasjon for Sykkylven Reiselivsforum, der fokus no er m.a. felles marknadsføring og utvikling.

Åsne Folstad siterte også Leon C Megginson: «Det er ikke den sterkeste som overlever, heller ikke den mest intelligente. Det er den som er mest tilpasningsdyktig til endring».


Meir info om SNU finn du på www.skaprglede.no  Gjer deg også kjent på www.sykkylven.com

Det var mange innspel frå salen, der ein m.a. diskuterte at det viktig å tenke kva som tiltrekk seg yngre folk;  Automasjon og digitalisering, satsing på reiseliv, grunderutvikling (der Åsne viste til kva ein har fått til i Førde med utviklingsfelleskap og Reodorklubb, osb) og ikkje minst tilgjengelege sentrumsboliger.

Åsne Folstad avslutta med å presisere at vi har eit aktivt nærlingsliv i Sykkylven som teknologisk er langt framme og med mange attraktive arbeidsplassar.  Men det er for einsarta. Målet er å bli meir robust!

Takk til Åsne for eit interessant og informativt foredrag som skapte engasjement!

  Referent: Hallstein Lillevik


 
Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

9. juli 2015

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS