Før møtet med gjestene frå Rotaryklubbane i Stranda og Sykkylven, hadde guvernøren hatt møte med styra i dei to klubbane.
Presidenten i Sykkylven Rotary Klubb, Knut Vik ønskte guvernør og gjester velkommen til fellesmøtet.
Møtet starta som vanlig med song, Denne gangen med Rotarysongen av Henrik Straumsheim
Før Guvernør Roald Fiksdal talte til møtedeltakarane, fekk vi servert gryterett, dessert og kaffi.
Guvernøren innleia med å gi ros for det gode arbeidet som vert gjort i begge klubbane og fekk fram det som bind oss saman. Han trakk fram valspråket til den nye verdspresidenten, Holder Knasch: «Rotary opens Opportunities» og viste vidare mellom anna til «The Four Questions», som er det moralske kompass for alle Rotarianarar rundt om i verda. Han orienterte om korleis Rotary er bygd opp med Rotary International som har hovudkontoret i Chicago Rotary Foundation som er ein eigen organisasjon; desse to «avdelingane» er eigd og styrt av medlemmane. Europakontoret ligg i Zürich. Vidare minna guverøren oss på at Rotary er verdas største yrkesbasserte humanitære organisasjon (t.d. Poliopluss)
Det er i alt om lag 1,2 mill. medlemmar rundt om i verda i heile 539 distrikt, 6 av dei er i Noreg. Vidare; 3600 klubbar på verdsbasis, 278 klubbar i Noreg og 50 i vårt distrikt. I Noreg er det i alt 10 000 medlemmar, av desse er knapt 1700 i vårt distrikt (2305).
Det som elles særpregar Rotary er rotasjonsprinsippet, - ein blir t.d. valt som guvernør eller president for eit år og så er ein tilbake som medlem etter det. Det er heller ikkje noko spesielle ritualar i organisasjonen.
Medlemstalet har vore stabilt over fleire år, først og fremst takka være auke i Østen. I den samanhengen kom han inn på skilnaden i kultur i t.d. Rotary i India og her hos oss. Fellesnemnaren er likevel at ein skal være stolt av å vere ein del av Rotaryfamilien, men at vi kanskje har litt å lære der(?) Vi er kanskje for beskjedne og for smålåtne!
Fleire klubbar har blitt lagt ned og ein har no sett ned ein komité for å prøve å få i gang aktiviteten igjen , evt starte nye kubbar. Mange klubbar slit og med å rekruttere nye medlemmar og ein held no på med å utarbeide velkomstpakkar for nye medlemmar.
Rortary står veldig sterkt i «den tredje verden», mykje p.g.a. at den vestlege delen av organisasjonen har bidrege mykje med prosjekt som har løyst utfordringar for folk i desse områda.
Vårt medlemsskap opnar muligheiter; - for oss som medlemmar, for klubben, for lokalmiljøet, for prosjekt ut i verda. Klubben åleine eller saman med andre klubbar kan ein hjelpe til med å gjere store ting lokalt, nasjonalt og globalt. (slik som desse to klubbane gjer). Ein bør likevel vurdere om ein er flink nok til å informere/ fortelje om det klubben gjer: Det er sjølvsagt kjekt å være med i kubben, men Rorary er så mykje meir enn ein triveleg møteplass og det må vi få fram på ein betre måte!
Greta Herje, assisterande guvernør for Søre Sunnmøre, har drege i gang presidentforum der dei sju presidentane i vårt område kan møtast og diskutere ting dei har behov for å snakke om. Dette er kanskje spesielt viktig no, fordi mykje av dei tradisjonelle samlingane ikkje har blitt gjennomført p.g.a. pandemien. Mykje har blitt avlyst og noko er flytta, - m.a. Distrikskonferansen som no er planlagt gjennomført i Geiranger i mai 2021.
- Distriktet er og veldig opptatt med å hjelpe klubbane i arbeidet med nye prosjekt.
- Ein har og som mål å få minst fem utvekslingsstudentar inn og ut kvart år. Rotary har eit av dei billigaste og tryggaste programma som finst.
- Klubbane skal sette seg i alt 25 mål som dei skal prøve å gjennomføre og så evaluere kor langt ein kjem i løpet av Rotaryåret.
- Sist år var Sykkylven Rotaryklubb ein av dei tre kubbane i vårt distrikt som klarte å gjennomføre alle dei oppsette måla (sist år var det meir enn 25 mål) Klubben vil få tildelt diplom for godt arbeid. (Sjå bilete)
- Ein bør og sette av tid til å tenke gjennom spørsmål som; - kva er det som gjer at medlemmar kjem/ ikkje kjem på møta? Korleis skal vi sjå ut om 5 år, korleis skal vi kome dit?
- Vi skal velje våre medlemmar med omhug, men det finnast ikkje noko bestemt alder for å bli medlem i klubben og ein skal heller ikkje legge for stor vekt på yrkesbakgrunnen til dei som er aktuelle som nye medlemmar. Det viktigaste er å finne tak i «gode folk». Det bør heller ikkje vere noko i vegen for at sambuarar eller ektefeller er medlemmer i same klubb
- Ein bør sjå etter gode prosjekt i samarbeid med andre klubbar.
- Eit mål er at alle klubbar gjev minst 1500 US $ årleg til Polio+ (Poliodagen er 24. okt., - det same som FN-dagen) Om det er lokale markeringar denne dagen, bør Rotary stille med ein stand for å orientere om arbeidet mot polio evt, selje «poliopins»
- Ver open for nye idear og engasjement frå nye medlemmar (størst fråfall frå medlemmar som har vore med eit/ to år)
- Ta godt vare på dei som dreg det tyngste lasset og ta kontakt med dei som møter sjeldan eller ikkje i det heile tatt, slik at dei føler at dei er ein del av fellesskapet.
- Fire viktige mål: - vi skal auke vår innflytelse, vi skal nå ut til fleire, vi skal auke engasjementet hos medlemmane og auke vår tilpassingsevne.
- Forny vedtektene om nødvendig
- Ha fokus på langsiktig tenking (3-årsplan?, med delmål som skal evaluerast)
Tema for Distrikskonferanse: TILHØRIGHET.
KONFERANSE/ CONVENTION TIL NESTE ÅR: (Juni 2021 På Taiwan). https://convention.rotary.org/en/taipei
Oppmoding til klubbane: Vurder om den er noko aktuelle kandidatar som kan stille på som Guvernør. Forslag må meldast før 1.nov. og Sykkylven Rotary klubb med distriktsguvernør Roald Fiksdal
15. november 2024
Onsdag 13. november fekk vi besøk av Sykkylven Røde Kors ved Jon Erdal som fortalde om alt det flotte arbeidet dei gjer for bygda både innan omsorg og i hjelpekorpset. Vi fekk eit godt innsyn i det viktige arbeidet dei gjer.
22. oktober 2024
Rotary held fram kampen mot polio –
Rotary-klubber verden over held fram kampen mot polio, og no har innbyggjarane i Stranda og Sykkylven ei unik moglegheit til å bidra. Ved å gi til lokalt Vipps-nummer 134399 kan du bidra.
20. oktober 2024
Hvert bidrag teller i kampen mot polio! Visste du at når du gir penger til Polio plus, tredobles effekten av din gave? For hver krone du gir, matcher Bill og Melinda Gates med to kroner. Sammen kan vi stoppe polio én gang for alle! Vipps til 134399
19. oktober 2024
Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.
17. oktober 2024
«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.
18. mai 2019
President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020
22. januar 2019
Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.
10. februar 2018
Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.
11. januar 2018
Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.