1889, Thomas Edison viser levande bilde for første gong. 1928, Chiang Kai-shek blir president i Kina.
1973, Jom kippur-krigen begynner. 1981, Den egyptiske presidenten Anwar Sadat blir myrda.
1875, Den første trikketuren (med hest) i Oslo. 2007, Landanlegg Nyhamna på Aukra for Ormen Lange.
Namnedag: Målfrid, Møyfrid
Song for dagen var: «Det er lauvfallstid», og presidenten fortalde at frammøte for forrige møte var 55,56%.
3-minutt var ved Petter Velle, og hans tema var «Organdonasjon». Han har særleg kjennskap til dette grunna sjukdom i nær familie. I Norge står pr. i dag 4-500 menneske på vent for organdonasjon, som kan vere einaste utveg ved alvorleg sjukdom. Organ frå 1 persom kan redde 7 liv, og aktuelle organ er hjarte, lever, bukspyttkjertel, lunge og nyre. Einaste organ som kan transplanterast få levande er faktisk nyre, og det må vere frå familiemedlem. Det er ingen aldergrense for organdonasjon, personar på 90 år kan vere aktuelle givarar. Nærståande personar må bekrefte standpunkt om donasjon. Petter har sjølv meldt seg som donor.
Dagens foredragshaldar var Roger Hofseth, som etablerte firma åleine i 2001. I 2004 tilsette han ein person, kjøpte eit nedlagt meieri i Vanylven og satsa særleg på foredling av laks. I dag går faktisk 87% av laks uforedla ut av landet. Hofset-gruppen står imidlertid for ½-parten av all foredling av laks i Norge, der 95% går til eksport. Hofseth-gruppen består i dag av fleire firma. Talet på tilsette er 530 personar, og omsetninga er ca. 5 milliardar. I 2020 foredla dei 60 000 tonn laks. Gruppa starta med foredling og kjøpte seg deretter inn i oppdrett. Dei har 3 foredlinganlegg og 5 oppdrettslokalitetar. Selskapet kjem no med oppdrettsandelen til Sykkylven kommune. Dei kjøper rogn, produserer smolt i Tafjord, set ut fisk i Storfjorden, fraktar fisken pr. båt til Ålesund og slaktar der. 90% av fisken blir utnytta. Alle fiskeprodukt er godkjende ASE, strengaste kvaitetskontroll, og Global Gap, mærenes kvalitet. Hofseth er i dag Norges største lakseforedlar, kjøper 5 ½ % av all laks produsert i Norge, og har eigen oppdrett av ca. 15.000 tonn pr.år. All eksport går som butikk-klare varer. Gruppa har kontor i USA, Sverige, Hamburg, Portugal, Kina osv. 75% av eksporten går til kjedebutikkar, 20% til restaurant og 5% til matkasser. Avskjær går til fabrikk i Misund, som prosesserer råstoffet til kalsium, protein og olje. Produkt herifrå har fått legegodkjenning i USA som helseprodukt for anemi, for dei som er blodfattige.
Hofseth-gruppen kjøpte i 2016 oppdrettsfirmaet Fjordlaks Aqua i for 1 milliard, og har no investert for tilsvarande. Målet er å etablere landbasert oppdrett, som er konsesjonsfritt, og som opnar for slike investeringar. Dei har derfor kjøpt ei nedlagt olivingruve i Røbbervika (Raudbergvika) og starta prosjektering av landbasert oppdrettsanlegg for realisering i løpet av 10 år. Dette skal kunne produsere 100.000 tonn pr. år. I parentes kan nemnast at først i landet med landbasert oppdrett, var Brødr. Vik, Sykkylven. Sjøvatnet i Storfjorden idéelt for oppdrett, med tanke på inn- og utstrøyming, temperaturar etc. Det betyr at ein kan produsere oppdrettslaks billegare på land i Røbbervika enn i sjøen. Oppdrett er kraftkrevjande, men her er store kraftmengder i form av overskotskraft frå Tafjord på natt. Lakseslam (avføring) frå laks kan også generere energi. Ein eigen laksstamme for landbasert oppdrett kan skaffast, avtale om foring er på plass, Ålesundsfirma skal bygge ut. Med mykje grøn energi får ein eit lavt karbonutslepp. I samarbeid med Flakk-gruppen er det plan om å byggje Hydrogenanlegg på Hellesylt, så alle firmaets båtar kan gå på grøn energi. Om dette prosjektet kan realiserast, dreier det seg om ein byggekostnad på 15 milliardar i løpet av 8-10 år, og kan gi 3-400 arbeidsplassar i regionen.
Referent: Odd Holen
3. mai 2016
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
24. februar 2016
I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no
20. oktober 2015
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
9. juli 2015
Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten
21. mars 2015
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.