President Roger helsa velkomen til Petter Harald Sætre og vår eigen Petter Velle, som vil fortelje og det nystarta firmaet deira NEO Sykkylven AS, og ellers til gjesten Jan Steinar Bolstad.
Ellers på denne datoen nemnte han fylgjande frå historia:
20. oktober 1814 gjekk Norge i union med Sverige, og den varte som kjent fram til 1905.
20. oktober 1973 vart eit kjent kulturbygg opna, nemleg Operahuset, hovudlandemerket i Sydney Australia – det var 11 år seinare enn planlagt, og ikkje nok med det, kostnadsoverskridinga var 14 gonger meir enn budsjettet !
Det var for øvrig den danske arkitekten Jørn Utzon som teikna dette bygget.
20.oktober i 1910 vart skipet RMS Olympic sjøsett – det var i drift i 25 år i transatlantisk skipsfart
Namnedag 20. oktober: Henrik, Henrikke og Heine
Fødselsdag 20. oktober 1939 har den første kvinnelege biskopen, Rosemarie Køhn.
Deretter fekk sekretær Kristin ordet, og ho kunne fortelje at frammøtet på forrige møtet 13. oktober var på 63, 8%
Bursdager i klubben i komande veke; Per Ringdal blir 74 år og Øyvind Østvik blir 79 år, begge den 16. oktober
Olav introduserte songen Gladsang og akkopagnerte som vanleg til den på gitar – vi song 3 vers av denne.
Dagens 3- minutt var ved Steinar Nordmo, og han var i det poetiske hjørnet - sa han var blitt inspirert av Henrik Straumsheim som var tema på 3- minutt-innlegget til Knut Vollstad, på det forrige Rotarymøtet. Han hadde laga ein historikk, på rim, av Pandemien;
PANDEMIEN
Den 12. mars i totusen og tjue
En dag vi husker med gru
Den dagen blei landet snudd heilt på hue
Vi visst ikkje ka vi sku tru
En pest som kom fra en by bort i Kina
Var nådd heilt til Norge i nord
Vi blei både redd og forfær og forbina
Og usikkerheita va stor
No stengte dem landet, vi måtte vær hjemme
Og ingen kunn reise på tur
Det blei også slutt med å hilse og klemme
Ikkje rart at så mange blei sur
Vi lurte jo på kor leng det sku vare
Var vel slutt ut på våren en gang
Men det viste seg snart at dette var bare
En start på en lengre farang
Og dagane gikk og uker blei måna
Og pesten den spredde seg fort
Og mange blei sjuk mens vårsnøen bråna
Og vi holdt oss i hver vår kohort
Om sommaren blei det litt lettare tider
For smitten den minka jo litt
Og vi håpa jo på at vi kanskje omsider
Fikk leve og puste litt fritt
Men høsten den kom med mørkare skya
Og landet blei stengt ned igjen
For smitten den auka i bygd og i bya
Den inntok hver einaste grend
Og vi blei jo eksperta på avstand og maske
Det lærte vi litt etter litt
Vi har også lært oss å rense og vaske
Og få bort all virus med sprit
Og vinteren kom med snøslaps og kulde
Man fikk lyst til å rase og grine
Det hadd ikkje blitt slik vi håpte det skulle
No må dem få til en vaksine
Og jula den kom og vaksinen var laga
No måtte vel all ting bli bra
Vi såg fram til vårsol og lysare daga
Vi følte oss lette og glad
Men igjen så gikk tida, vi syns det blei lenge
Før samfunnet kunn åpnes opp
No følte vi verkelig vi kunne trenge
Litt lette for sjel og for kropp
En ny sommer gikk, og så var vi der
At de sa at det verste er over
Eg vil ikkje framstå som skeptisk og sær
Men no håp er det blir slik de lover
At vi slepp det med meter og masker igjen
To ord vi neppe vil glemme
Og no kan vi møte hver eneste venn
For no kan man hilse og klemme
Steinar Nordmo
Hovudforedraget på dagens møte var frå det nystarta firmaet NEO Sykkylven AS, som er eigd av Petter Harald Sætre og Petter Velle, frå respektive Greip samdrift og Jogarden på Velle
NEO står for Nitrogen Enriched Organic Fertilizer. NEO Sykkylven AS har som mål å produsere gjødsel ved å behandle husdyrgjødsla slik at den blir meir effektiv - den vil doble nitrogeninnhaldet i gjødsla, og forsøk har vist at den gjennomsnittlege avlingsauken er 41% i forhold til ubehandla husdyrgjødsel.
Firmaet N2 Applied har nemleg funne ein metode for å auke nitrogeninnhaldet og stoppe metan- og ammoniakkutsleppet frå flytande husdyrgjødsel, og dei har no plassert ut ein pilot i Jogarden på Velle. Der skal dei behandle gjødsla frå Jogarden og frå Greip samdrift.
Dette er den einaste piloten i Norge, men firmaet har også pilotar plassert ut i andre land, og målet for firmaet til slutt er å få utstyret i kommersiell produksjon.
Petter Velle fekk ideen til dette på ein fagkonferanse på Giske for 2 år sidan, i regi av Bondelaget, der ein representant frå firmaet N2 Applied kom med ein «teaser» om dette temaet som vil kunne få stor nytte for landbruket framover. Han tok kontakt med dei i etterkant og viste si interesse for temaet.
I fjor deltok firmaet igjen på Giskekonferansen, der dei heldt eit foredrag om temaet, og i samband med dette besøket fekk dei til ein avtale om å plassere ut ein pilot i Sykkylven – for å teste ut utstyret og måle resultat.
Utstyret er plassert i ein container som står attmed fjøsen i Jogarden og det blir fjernstyrt av folka i firmaet N2 Applied.
Før gjødsla blir behandla, så går den gjennom ein seperator, der tørrstoffet i gjødsla blir skilt ifrå, og den flytande delen går gjennom ei foredling og blir til slutt NEO-gjødsel. Til dette trengs det energi i form av elektrisk kraft, og det kjøper ein frå kraftselskapet Velle Kraft AS, som Petter Velle er deleigar i. Økonomien i prosjektet er sjølvsagt avhengig av prisen på energi og her er det meininga å køyre anlegget når alternativ bruk av straumen er låg.
Den faste delen av gjødsla, tørrstoffet, inneheld mykje fosfor og kan brukast til jordforbetring, eller det blir så tørt, at den kan brukast til strø under dyra.
Det skal bli spennande å sjå korleis dette prosjektet utviklar seg !
Her er nokre av plansjane som vart vist i foredraget:
15. november 2024
Onsdag 13. november fekk vi besøk av Sykkylven Røde Kors ved Jon Erdal som fortalde om alt det flotte arbeidet dei gjer for bygda både innan omsorg og i hjelpekorpset. Vi fekk eit godt innsyn i det viktige arbeidet dei gjer.
22. oktober 2024
Rotary held fram kampen mot polio –
Rotary-klubber verden over held fram kampen mot polio, og no har innbyggjarane i Stranda og Sykkylven ei unik moglegheit til å bidra. Ved å gi til lokalt Vipps-nummer 134399 kan du bidra.
20. oktober 2024
Hvert bidrag teller i kampen mot polio! Visste du at når du gir penger til Polio plus, tredobles effekten av din gave? For hver krone du gir, matcher Bill og Melinda Gates med to kroner. Sammen kan vi stoppe polio én gang for alle! Vipps til 134399
19. oktober 2024
Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.
17. oktober 2024
«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.
18. mai 2019
President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020
22. januar 2019
Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.
10. februar 2018
Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.
11. januar 2018
Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.