President Roger Kornberg ynskte velkomen til Rotaryvener og gjestar Kjellbjørn Tusvik og Steinar Asbjørnsen
Han refererte så til ein del hendingar frå historia på denne datoen:
1941: Angrepet på Pearl Harbor under 2. verdskrigen
1993: INF-avtalen mellom USA og Sovjetunionen. President Donald Trump trekte for øvrig USA ut av denne avtalen i 2019
Frå populærmusikk-verda:
The Eagles gav ut skiva og hiten Hotel California i 1976
Beatles -medlemen John Lennon vart drept på denne dagen i 1980.
Den finske komponisten Jean Sibelius vart fødd på denne dagen i 1865.
Den norske forfattaren Bjørnstjerne Bjørnson vart fødd på denne dagen i 1832.
Namnedag: Marion, Marlene og Morgan.
Sekretær Kristin fekk ordet og refererte frammøtet på forrige møtet 1. desember, nemleg 18 personar , som gir ein frammøteprosent på 40
Fødselsdager i Rotaryklubben: Knut Vollstad fyller 83 år 11. desember.
President Roger opplyste at på grunn av strengare Korona-reglar må vi avlyse julemøtet 15. desember.
Vi song Julekveldsvisa av Alf Prøysen
3-minutt
Dagens 3- minutt var ved Bastian Weiberg-Aurdal;
I dag har eg tenkt å ta opp eit tema som opptek meg veldig mykje både som bonde og som tilsett i Felleskjøpet, nemleg dei skyhøge prisane på mineralgjødsel.
Sidan i vår og fram til september har prisane omtrent dobla seg på rein Nitrogengjødsel, og Felleskjøpet stoppa salget av den - NPK-gjødsla har no også etterkvart meir enn dobla seg i pris.
Landbruket er som kjent ei politisk næring – vi har årlege jordbruksoppgjer der Budsjettnemnda for jordbruket legg opp forutsetningar for prisar på produkt og innsatsfaktorar for den komande perioden, og forhandlingar mellom Staten og interesseorganisasjonane Bondelaget og Småbrukarlaget, der Stortinget til slutt gjer eit endeleg vedtak om ein Jordbruksavtale.
Etter at prisane på gjødsel auka så mykje utover sommaren, vart det grunnlag for reforhandlingar mellom Staten og landbruksorganisasjonane, og det vart bevilga vel ein halv milliard i neste års Statsbudsjett, som kompensasjon for kraftig prisauke på handelsgjødsel og byggevarer.
Men etter dette, så har vi fått endå ei kraftig auke i prisane på gjødsel som medfører at bonden må betale ca 50% meir enn det som vart kompensert for i Statsbudsjettet.
Sjølv om vi har ein norsk gjødselprodusent i Yara, så er det eit børsnotert selskap som er opptatt av økonomisk profitt, og for øvrig berre 10 % av produksjonen deira går til å dekke det norske gjødselmarkedet, så her får ikkje den norske bonden noko ekstra.
Årsakene til desse høge prisane er fleire:
Prisen på matvarer har auka sterkt i det siste året
· Tørke i nordvestlige område i Nord-Amerika
· Lågare avlingar enn forventa i Brasil, Russland og Ukraina
· Låge lager av korn rundt om i verda
· Covid-19 pandemien har ført til tregheit i logistikk og forsyningskjeder
Dette har ført til at bøndene i dei store landbrukslanda nemnt ovanfor ser at matvarene stig i pris, og dei aukar produksjonen og tek i bruk mer marginale nye areal som igjen fører til auka etterspørsel etter gjødsel
Auka råvareprisar
Prisen på naturgass har auka kolossalt, som igjen har gjort at ammoniakkprisane har skote i veret - ammoniakk trengs for å produsere gjødsel
· Kina har hatt ein enorm appetitt på landbruksråvarer i heile 2020 og 2021
· For å bygge oppatt svineproduksjonen etter den afrikanske svinepesten i 2018/2019
· Auka importen av landbruksråvarer med 58% i første kvartal i år samanlikna med 1. kvartal i 2020
· Stor etterspørsel etter soya, mais og kveite gir auka prisar i store produsentland som USA og Brasil, som sår og planter så store areal som mogleg
· Som igjen fører til tilsvarande auke i etterspørselen etter gjødsel og betydeleg større enn det marknadsaktørane såg for seg,
· Med låge lagerbeholdningar inn mot våronna og begrensa muligheiter for å auke produksjonskapasiteten, førte til at gjødselprisane auka så mykje at matvareprisane i verda vart dei høgaste sidan 2011
Dette viser at beredskap er særdeles viktig og vi er svært sårbare i verda med for små reservar av kornråvarer og også råvarer til mellom anna gjødselproduksjon. Viss det skjer naturkatastrofer eller reduserte avlingar samtidig fleire stader på kloden, kan det fort få slike dramatiske utslag som dette !
Kjellbjørn Tusvik fekk ordet; Han ville fortelje om historia til Cylindra-fabrikken som han etablerte i 1989. Han har i lang tid emna på eit bokprosjekt om historia til Cylindra, og han har mellom anna 450 presseklipp som han har prøvd å systematisere. Han kalla foredraget «Cylindra – en annerledes skap(elses) beretning».
Det heile starta i ein bøkkeverkstad på ein liten stad i Romsdal – dei produserte tønner som vart brukt til lagring og transport av fisk. Fagfolka ser at marknaden forsvinn og spør seg sjølv; er dette slutten på den gamle handtverket ?
«Nei», seier Peter Opsvik, ein kreativ designer frå Stranda. Han gir det gamle handverket nytt liv, med den same teknikken – med stavar som settast saman for å gi den runde forma. «Sylinderen er som eit lerret utan horisontale begrensingar» – han ser muligheiter for funksjonelle objekt, bord, stolar og skap – han teiknar i grenselandet mellom møbel og skulptur. Eit behov – eit livsgrunnlag – rom for inspirasjon og tankespel
I dag er handverket flytta til Sykkylven – like ved sjøkanten i Tusvika, og med den idylliske Storfjorden som nabo, fortsetter forteljinga.
Cylindra, ein kunstverkstad med galleri, ein fabrikk, men også ei forteljing om ei samansmelting av tradisjon og kreativitet, eit dynamisk namn som blir til ein spanande invitasjon – til vandring – mellom klokskap og kunnskap - ,menneske frå alle kulturar let seg villeg begeistre av desse objekta som så lett lokker fram smilet – og som du aldre gløymer.
Han fortalde vidare om ei spanande reise frå tidleg 1990-talet og fram til i dag, og her tek eg med berre eit lite utval;
-samarbeid med Ekornes i USA i 1991 som varte berre ei kort stund
- han fekk innsatsprisen til SNU ( Sykkylven næringsutvikling ) i 1992
- utstilling i World Trade Building I Tokyo I 1996, der redaktøren for Design News i Tokyo skreiv at «Cylindra-objekta til Peter Opsvik vil eg samanlikne med eit litterært mesterverk»
- i 1997 valde han å stille ut i New York ICFF – International Contemporary Furniture Fair
- I 2000 fekk dei besøk frå 5 finske aviser, med store oppslag i avisene i Finland. «Jeg arbeider her fordi jeg bor her», svarer Kjellbjørn Tusvik
- i 2005 – Eva Joly opnar Tusvik-utstillinga
- i 2006 – dei opna Furniture-guiding for turistar som kom innom Sykkylven
- I 2010 – Opsvik-kveld I galleriet
- i 2012 – besøk av Rotary-ungdomar frå 11 land
- 2015 – Møbelkraft opna av næringsminister Monica Meland
- i 2016 – arbeidet med «Designvegen» heldt fram
Frå 2017 har dei gjort ein del oppussingsarbeid med kjøkken, toalett og nytt varmeanlegg
Sist sommar vart det arrangert møbelvandring i Møbelmuseet, Berlihuset og Cylindra for turistar.
Utstillinga «Power of Art» I Shanghai, Kina, var aktuell å delta på, men vart avlyst på grunn av Korona.
Ja, dette var berre eit lite utdrag av det Kjellbjørn Tusvik og Cylindra har vore gjennom på dei 32 åra sidan bedrifta vart starta i 1989
Bastian Weiberg-Aurdal
15. november 2024
Onsdag 13. november fekk vi besøk av Sykkylven Røde Kors ved Jon Erdal som fortalde om alt det flotte arbeidet dei gjer for bygda både innan omsorg og i hjelpekorpset. Vi fekk eit godt innsyn i det viktige arbeidet dei gjer.
22. oktober 2024
Rotary held fram kampen mot polio –
Rotary-klubber verden over held fram kampen mot polio, og no har innbyggjarane i Stranda og Sykkylven ei unik moglegheit til å bidra. Ved å gi til lokalt Vipps-nummer 134399 kan du bidra.
20. oktober 2024
Hvert bidrag teller i kampen mot polio! Visste du at når du gir penger til Polio plus, tredobles effekten av din gave? For hver krone du gir, matcher Bill og Melinda Gates med to kroner. Sammen kan vi stoppe polio én gang for alle! Vipps til 134399
19. oktober 2024
Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.
17. oktober 2024
«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.
18. mai 2019
President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020
22. januar 2019
Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.
10. februar 2018
Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.
11. januar 2018
Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.