Møtereferat 13 desember 2023 med besøk Skaparlinken

Sykkylven Rotaryklubb møtereferat onsdag 13.desember 2023 

President Knut Henning Aursnes opna møtet på vanleg måte. 

Allsong: denne kvelden song vi «Julekveldsvise» av Alf Prøysen 

Sekretær Steinar Klokk refererte frå forrige møte der det var 65% frammøtte. 

85-års-jubilant Knut Vollstad fekk overrekt ei blomsterhelsing av president Knut Henning Aursnes 

3-minutt 

fekk Kristin Grebstad ordet og ville snakke om utfordringar i skulen i dag; 

Det blir snakka mykje om å skape robuste born som kan takle  utfordringar som dei møter gjennom livet-  dei skal skape eit positivt sjølvbilde og kunne ta ansvarlege livsval 

Mange foreldre ser berre sitt eige born og skal ha tilpassa undervisninga til dette. 

Ho nemnte også eit TV-program, Snøfall, om ei mor som har kreft – dette har fått mykje kritikk av sjåarar fordi dei meiner at det blir for mykje negativt som borna ikkje toler 

Så det store spørsmålet er om vi skaper robuste born når vi heile tida skal tilpasse i alle retningar og «sy pute under armane» på dei. 

Ho kom også inn på det med språkbruk i sosiale media, der mange vaksne står fram som dårlege rollemodellar for den oppveksande generasjonen. 

I det heile blir mangel på grensesetting blant foreldra eit stadig aukande problem som skaper utfordringar i skulen, 

Så forflytta vi oss 2 etasjer opp  til «Skaparlinken», der vi fekk orientering av Åsne Folstad som er dagleg leiar i Sykkylven næringsutvikling AS 

Ho orienterte om næringsstrategien til kommunen, og prosjekt som har blitt arbeida med den siste tida og planar framover.   

Her er plansjeserien som ho viste på møtet – dessverre fekk ho for lite tid til å snakke om alt, men eg legg ved heile foredraget som ei PDF-fil; (klikk på linken) 

Referent 

Bastian Weiberg-Aurdal 





 
President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

7. juli 2016

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

4. juli 2016

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

27. juni 2016

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.

Gardsbesøk

28. mai 2016

Gardsbesøk

Gardsbesøk 25. mai hosBastian

Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.