Medlemsmøter 26 febr 20025

President Nils Arve Kjemphol ønska alle velkomne til møte. 


Agenda:
Allsong.

Kunngjeringar frå sekretæren gjekk ut.

3.minutt ved Olaf Ellingsen

Tema: Janne Strømmen leder for Global Marketing og kategori i Ekornes . Foredraget gjekk ut. 


Allsong: Kom mai med blad og blomar. 


3 minutt ved Olaf Ellingsen:


President gjest og rotary venner. No er  det 65 år sidan han gjekk ut som elev frå Ålesund offentleg høgare allmennskule også kalt Latinskulen. Han blei sist sommer kontakta av Harald Grytten. Han fekk spørsmål  om han kunne  skrive nokre linje om skulen til boka som Grytten og Kjell Skorgevik held på med. Dette svarte han ja til. Han tenkte han kunne by litt på seg sjølv og fortelle litt om kva som skjedde for 65 år sidan. 


Olaf blei født 14 05 1941. Fyrste møte med Latinskulen var då han var liten og far hans sprang med han i armane opp til tilfluktsrommet i skulen sin nedre del mot  Kirkegata. Han vaks opp eit steinkast frå Latinskulen i Nedre Strandgate 11 i Ålesund.


Etter 7 år på Aspøy folkeskule bestemte han seg for å ta realskulen. Av 30 medelever på Aspøy folkeskule var det mange  som drog på sjøen. Nokre valgte praktisk arbeid, andre  tok utdannelse som handelsskule og noke anna. I 1955 måtte ein søke om å få gå på realskulen. Olaf søkte og kom inn. Etter  3 år tok han eksamen og fekk meget  tilfredstillande som hovedkarakter. 


Olaf sin eksamen var god nok når han søkte på gymnaset. Fordi Olaf sine evner innanfor matematikk ikkje var over gjennomsnittet valgte han engelsklinje. Han likte språk godt. I klassa var det ei handfull med gutar og mange  jenter. Då han seinare tok teknisk utdanning  og blei ingeniør hadde han stor glede av sine språkkunnskapar både i forretningslivet og privat.


Olaf fortalte at hans 6 år på Latinskulen var ei sorglaus tid. Det var kort veg frå der han budde og opp til skulen. Han var innom både baker Blindheim og baker Nilsen på skulevegen.  Det han likte best var alle gode lærarane. Dei hadde solid akademisk utdanning som lektorer,  adjunkter og han synes han lærte mykje.  I gymnastikk hadde dei  Karl Slinning og hans linjegymnastikk. Olaf hadde  seinare høgaste strids teneste  i forsvaret og kom inn i Garden. 


Rektor var Emil Voldseth ein snill, hyggelig og god rektor som hadde skreve gode lærebøker. Han ga Olaf ein fin attest på engelsk uttale den gong han hadde planer om å søke seg inn på universitetet.  Då Voldseth gjekk av som rektor i 1965 var hans bror Gunnar russepresident. Han holdt ein fin tale i byen sine  fine lokaler frimurerlosjen. Rektoren blei hylla  etter 36 år i skulen der av 14 år som rektor. Rektor fekk eit flott sølvfat av ordførar Dagfinn Flem sammen med gode ord. 


Lektor Strømsheim var klasseforstander i gymnas klassen. Han var dyktig mild og litt streng. Han blei seinare ordførar i Ålesund. Steinar Kiran hadde dei i engelsk på realskolen og lektor Rørvik på gymnaset. I musikk hadde dei organist og komponist Edvin Solheim. I religion underviste Rolf Lein  og Nordervall. Spesielt godt husker han lektor Hansen som hadde en innfødt uttale og tysk og fransk. Knut Myrseth anerkjent maler lærte dei teikning. Nokon  nemt ingen gløymt. 



Latinskulen var ikkje berre læring men mange andre aktivitetar. Olaf huska godt eit foredrag av Trygve Gran. Han var den første som flaug over Nordsjøen.Noko anna var studentsaker ved Brage. Der var det mange gode foredrag og diskusjoner .Det var også Drage teater med Gjengangaren og Den Spanske flue.Det blei også arrangert Drage Ball der ein kunne invitere personar utanfor skulen. 



Latinskulen var med i programmet  American Filservice. Det gjekk ut på at skulen kunne sende elevar til USA, og tilsvarande å ta i mot amerikanske studentar. Mange av Latinskulen sine elevar hadde glede av eit skule år i statene. 


6 års gode ungdomsår blei krone med  russetur og feiring. Dei gjekk i 17 mai tog, og drog seinare på tur til Copenhagen og Hamburg som russen pleide å reise til. Det var ein snill og veloppdragen gjeng og gode vener. 


I Copenhagen køyrde de rundt i buss. Det var Fredrik Øvrevoll som var bussjåfør.I Copenhagen køyrde dei rundt i Mercedes.Kor dei hadde pengane frå har han lurt på seinare. 


I Hamburg hadde dei fine dager. Dei besøkte Planton Blomen og den syndige Reperbanen og andre attraksjoner. På Reperbanen besøkte dei ein øl restaurant i Silgertal med liter krus med øl  og orkester. På Reperbanen gjekk han innom ei pante sjappe for sjøfolk. Der låg ei avlang pappeske med ei 70- 80 tyske jernkors til salgs. Han tenke at dette var  ei kasse kassert med blekk skrammel frå krigen. 


Det var ein god og vellykka russetur og med Fredrik bak rattet kom dei trygt heim til avslutning    Latinskulenpå etter ein vellukka tur.


Som ein god venn sa nyleg. Latinskulen var ein god møteplass for unge fra by og land som Olaf er samd i. 


Det var elvar fra mange stader rundt byen som gjekk på denne skulen. 


Takk for merksemda. 



Presidenten informerte om at Sunnmøre Friluftsråd og Rotaryklubbane har inngått ein avtale om rydding i Strandsonene. Dersom klubben bidreg med rydding vil Handels og Miljøfondet betale pengar til klubbane for jobben mellom kr 5000 - 6000.  Meininga er at klubbane skal utføre ein slik ryddeaksjon årleg. Det blei sett fram forslag om ryddedag onsdag 07.mai.2025. 


Presidenten vil kome tilbake med endeleg svar i saka.


Skrivar


Steven Blindheim









 
RYLA seminar Ålesund

30. april 2025

RYLA seminar Ålesund

Referat fra RYLA seminar i Ålesund

Kyrkjepark og Rotary-dugnad

26. april 2025

Kyrkjepark og Rotary-dugnad

Det nærmar seg både konfirmasjon og 17. mai, og tradisjonen tru stiller Sykkylven Rotary Klubb (SRK) opp med vårpuss i området ved kyrkja.

Medlemsmøter hos LK Hjelle 26 mars 2025

27. mars 2025

Medlemsmøter hos LK Hjelle 26 mars 2025

Bedriftsbesøket hos L. K. Hjelle Møbelfabrikk var frå starten av samling i møterom bak dei store og spennande glasflatene i arkitekturen som ein kunne sjå frå utsida. CEO dei siste fem åra, Jens Peter Brunstad, ønska velkommen til oss 23 frammøtte og pres

Besøk av Lene Trude Solheim frå NHO

13. desember 2024

Besøk av Lene Trude Solheim frå NHO

Lene besøkte oss med foredraget: Næringslivets perspektiv - for utvikling og vekst. Vi fekk eit godt innblikk i kva NHO driv med og om næringslivets utfordringar i Møre og Romsdal.

Sykkylven Røde Kors

15. november 2024

Sykkylven Røde Kors

Onsdag 13. november fekk vi besøk av Sykkylven Røde Kors ved Jon Erdal som fortalde om alt det flotte arbeidet dei gjer for bygda både innan omsorg og i hjelpekorpset. Vi fekk eit godt innsyn i det viktige arbeidet dei gjer.

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

22. oktober 2024

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

Rotary held fram kampen mot polio –
Rotary-klubber verden over held fram kampen mot polio, og no har innbyggjarane i Stranda og Sykkylven ei unik moglegheit til å bidra. Ved å gi til lokalt Vipps-nummer 134399 kan du bidra.

Høyr Bill Gates oppfordre oss til å bidra til Polioaksjonen

20. oktober 2024

Høyr Bill Gates oppfordre oss til å bidra til Polioaksjonen

Hvert bidrag teller i kampen mot polio! Visste du at når du gir penger til Polio plus, tredobles effekten av din gave? For hver krone du gir, matcher Bill og Melinda Gates med to kroner. Sammen kan vi stoppe polio én gang for alle! Vipps til 134399

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

19. oktober 2024

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.

Anita gir polio et ansikt

17. oktober 2024

Anita gir polio et ansikt

«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.

Presidenten sin time

18. mai 2019

Presidenten sin time

President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020