Simulatorsenteret ved NTNU i Ålesund

Les om Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Simulatorsenteret i Ålesund 12. oktober 2016.

Rotarybesøk ved NTNU - Simulatorsenter 12.10.2016:

Sykkylven Rotaryklubb besøkte 12. oktober Simulatorsenteret ved NTNU i Ålesund. Det var berre 14 i Klubben som møtte opp, men aldri så galt at det ikkje er godt for noko: Då blei det bedre høve for oss frammøtte til å prøve dei ulike simulatorene.

                                              

Bilde: Arnt Myrheim - Holm med studentar

Studie Program Manager Arnt Myrheim-Holm innleia med ei orientering generelt om NTNU (Norsk Teknisk -  Naturfaglige Universitet),  og studiet i Nautikk spesielt. Han fortalte at ved NTNU Ålesund er det 2300 studenter og 260 ansatte. Det er også mange innleide undervisningskrefter. Det er tett kontakt med næringslivet.

Arnt underviser i Nautikk. Dette er eit fag der ein tek sikte på å utdanne skipsførarar/styrmenn. Det er eit 3 årig studium som gir bachelorgrad, men det er også høve til å ta mastergrad i maritim ledelse og evt. doktergrad. Halvparten av studentene kjem frå 2- årig fagskule, og den andre halvparten kjem frå Videregåande Skule.

Simulatorsenteret blei opna i 1999. Så vidt referent forstår, er det 5 simulatorrom og dei har sunnmørsnamn: Ulstein, Giske, Haram, Herøy og Sula. Alle typer skip kan simuleres.

Lærerkreftene er folk som har vore sjøkapteiner, plattformsjefer og i det heile tatt folk frå praktiske yrker. Ikkje så mange teoretikere som ved mange andre studium.

I følge Arnt, er dei skipsførerene som blir utdanna i Nautikk ved NTNU mykje bedre kvalifisert til å vere styrmenn enn tidlegare. kulen. Dette pga. mykje praktisk trening med simulatorene.

Søknadene til Nautikkstudiet har gått ned siste året pga. oljekrisa. Likevel rekner ein med at studiet har livets rett komande år, sjøl om kanskje det vil bli fleire autonome skip enn i dag.

Neste år rekner Senteret å flytte over til NMK (Norsk Maritimt Kompetansesenter) på andre sida av Borgundvegen.

Så var det vår tur til å prøve dei ulike simulatorene. Som nemnt er det 5 forskjellige rom- og skipssimulatorer å velge i mellom. Den som referent  var med på å styre, var ein simulator som skulle etterlikne ein tysk korvett. Og her gjekk det unna. Full fart var heile 54 knop, altså over 100 km/t. Det var mange som måtte sette sjøbein pga. at det heile blei veldig livaktig. Ein virkelig følte virkelig at ein var ute på «bøljan den blå». Dei fleste fikk prøve å styre korvetten. Referent fikk ta ein tur forbi Alnes Fyr og i retning Runde. Det var spesielt artig å svinge frå side til side. Eg blei ustø, men heldigvis ikkje sjøsjuk. Idet heile var dette ei flott leike for store gutter. Det var eit lite antiklimaks då det heile stoppa opp, angiveleg pga. at det gjekk ei sikring.

Pr

Bilde: President Steven prøver seg som styrmann, medan Olav synes det heile går svært så bra.


Bilde: Reknar at dette blir noko å fortelle klassekameratar når han kjem heim til Bela Horisonte og Brasil.

Ved sidan av denne korvetten, kunne ein også få prøve seg å  styre supertankarer som det langsomaste og hurtigbåt som det raskaste.

Etter å ha testa desse simulatorene kan ein god forstå at dei som er utdanna her er bedre i stand til å føre båter enn styrmenn frå  dei gamle sjømannskolene.

Dei som ikkje møtte opp på NTNU og simulatorsenteret kan berre angre seg. Stor takk til Programkomiteen ved Gretha som ordna dette besøket for oss.

 

Referent  Jarle Svindseth

 


 
Sykkylven Røde Kors

15. november 2024

Sykkylven Røde Kors

Onsdag 13. november fekk vi besøk av Sykkylven Røde Kors ved Jon Erdal som fortalde om alt det flotte arbeidet dei gjer for bygda både innan omsorg og i hjelpekorpset. Vi fekk eit godt innsyn i det viktige arbeidet dei gjer.

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

22. oktober 2024

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

Rotary held fram kampen mot polio –
Rotary-klubber verden over held fram kampen mot polio, og no har innbyggjarane i Stranda og Sykkylven ei unik moglegheit til å bidra. Ved å gi til lokalt Vipps-nummer 134399 kan du bidra.

Høyr Bill Gates oppfordre oss til å bidra til Polioaksjonen

20. oktober 2024

Høyr Bill Gates oppfordre oss til å bidra til Polioaksjonen

Hvert bidrag teller i kampen mot polio! Visste du at når du gir penger til Polio plus, tredobles effekten av din gave? For hver krone du gir, matcher Bill og Melinda Gates med to kroner. Sammen kan vi stoppe polio én gang for alle! Vipps til 134399

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

19. oktober 2024

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.

Anita gir polio et ansikt

17. oktober 2024

Anita gir polio et ansikt

«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.

Presidenten sin time

18. mai 2019

Presidenten sin time

President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

22. januar 2019

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

10. februar 2018

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS