For SYKKYLVSBLADET,
14.des. 2016, Olav Pileberg.
Ekornes ASA i fokus på ope møte i Rotary
Konsernsjef Olav Holst-Dyrnes besøkte 60 år unge Sykkylven Rotaryklubb sist
onsdag. Han kommuniserte eit framtidsretta foredrag med engasjement og
substans.
Første gang Olav
Holst-Dyrnes besøkte Sykkylven Rotaryklubb, skreiv vi september 2014. Då var han nytilsett som konsernsjef (CEO = Chief Executive Officer) i Ekornnes ASA.
Etter to år som sjef hadde han denne gangen ein vesentleg større meny å servere
frå, til dei rundt 35 som kom til det opne møtet. Lat det vere sagt:
Holst-Dyrnes er ikkje den som lyt famle etter orda når han vil nå inn til folk.
Direkte frå metropolen Paris til vårt vesle møtelokale i Sparebanken Møre: Olav
serverte på strak arm og ståande fot det sykkylvingar og folk flest i
kongeriket ønskjer å høyre; bodskapen om ei bedrift som er likvid og går godt,
og som ønskjer å vere i forkant av alle utfordringane som ein krevjande marknad
i den vide verda byd på. Sofaproduksjonen på Hareid og ved Vestlandske her på
Aure vert samordna og samlokalisert til J. E. Ekornes avdeling Aure. I samband
med dette vert Vestlandske-fabrikken i desse dagar tilpassa og modernisert
etter dei nye behova.
Ekornes
– ei nøkkelbedrift
Objektivt og ein realitet: Ekornes er ei
nøkkelbedrift for Sykkylven, og Sykkylven er heilt avgjerande for Ekornes som
bedrift. Fall i marginar (lønsemd) frå 2010 skapte mørke skyer på ein elles
godvers-blå marknads-himmel, og førte til at diverse lampar tok til å blinke –
først oransje, og så raudt. Oppkjøp av IMG (Internasjonal Møbel Gruppe) i 2014,
fekk som verknad at dei mørke skyene lysna noko, men berre tilsynelatande.
Valutamekanismar drog i positiv lei, medan lønsemda var heilt nede i 9,5
prosent i 2015, «mot normalt» fram mot 20 prosent. No vart det definitivt
jakt-tid; tid for å jakte på årsakene til dei dårlege tala.
Prosjekt
Ekornes 2020: Jaktvåpen og lækjemiddel
Kvifor er situasjonen som han er, og kva
kan vi gjere for å snu trenden? Er det marknaden si skuld, med lågare sal? Nei.
Både frå Europa og USA tikka det inn stabilitet eller auke i salet. Kan det
vere konkurrentane våre i inn og utland som tek innersvingen på oss? Nei.
Ekornes ASA og IMG låg i toppen på skalaen som viser lønsemda i globale
møbelbedrifter i 2010 – før oppkjøpet i 2014. Fem år seinare, i 2015, låg
framleis IMG og eit kinesisk selskap på topp, medan Ekornes var halvvegs i kneståande.
Konsernet hadde tapt omsetning i ein marknad som hadde auka, og det hadde tapt
marginar i høve til konkurrentane sine. Kva med kostnadene i konsernet? Her såg
det ut til å vere noko å hente, fram mot ei lønsemd på 15 prosent eller meir
som er målet. Ved utgangen av året 2016 får ein fasitsvaret, om bedrifta har
greidd å kutte kostnadene, etter målsettinga med 150 millionar kutta kroner. Totalt
sett er målsettinga at Ekornes ASA skal vekse. Prosjekt Ekornes 2020 er
verktøyet som legg strategien for å nå målsettingane. Kontroll og kopling
mellom produksjon og produktutvikling er ein nøkkelfaktor. I dei meir enn 3500
butikkane som sel Ekornes produkt, skal bodskapen forenklast, og det skal vere
enkelt og lettvint å vere kunde; i Asia, Europa, USA. Det er forhandla fram
omplassering eller sluttavtalar med ein del tilsette, både i administrasjonen
og produksjonen. I alle deler av konsernet er det sett i verk såkalla
LEAN-tiltak, der gode forslag til forbetring vert applaudert. Nye og meir
effektive løysingar innan logistikk medfører overgang frå land til
sjø-transport. Dei store båtane ved fabrikken på Ikornnes vert å sjå oftare. Fokus
på IT og digitalisering har frå før vore stort, og i vår vart det tilsett eigen
direktør for denne avdelinga. Bruk av robotar i produksjonen ligg heilt i
verdstoppen. Saum-robotane som vart «sette i arbeid» sist vinter er utvikla i
samarbeid med Amatec i Sykkylven, og er tilnærma unike på kloden. Marginane er
vonleg på veg oppover; 15,3 prosent var talet for 3. kvartal i år. Nyleg kunne
vi lese i avisene om at Radisson Blu Plaza Oslo vil få nesten 700 Stressless i
samband med oppussing av hotellet. Kontrakten er inngått mellom Ekornes
Contract og Wenaas Hotels ASA. Vi trur
bestemt at kunden og brukarane blir fornøgd!
Etter
foredraget
Etter foredraget på 40 minutt vart det
opna for spørsmål og kommentarar frå salen. President Steven Blindheim styrte
køen med stø peikefinger, men 15 minutt på overtid verka det som at publikum
var nøgde, ein god del klokare enn ved møtestart. Steven nytta også høvet til å
informere om Sykkylven Rotaryklubb, som med sine 47 medlemmer er ein av dei
større i vårt Rotary Distrikt 2305.
…………………….
CEO Olav Holst-Dyrnes styrer Ekornes
ASA-skuta med stø hand i ein krevjande, verdsvid marknad. Han fekk gode ord og
stor takk frå president Steven Blindheim i Sykkylven Rotaryklubb.
15. november 2024
Onsdag 13. november fekk vi besøk av Sykkylven Røde Kors ved Jon Erdal som fortalde om alt det flotte arbeidet dei gjer for bygda både innan omsorg og i hjelpekorpset. Vi fekk eit godt innsyn i det viktige arbeidet dei gjer.
22. oktober 2024
Rotary held fram kampen mot polio –
Rotary-klubber verden over held fram kampen mot polio, og no har innbyggjarane i Stranda og Sykkylven ei unik moglegheit til å bidra. Ved å gi til lokalt Vipps-nummer 134399 kan du bidra.
20. oktober 2024
Hvert bidrag teller i kampen mot polio! Visste du at når du gir penger til Polio plus, tredobles effekten av din gave? For hver krone du gir, matcher Bill og Melinda Gates med to kroner. Sammen kan vi stoppe polio én gang for alle! Vipps til 134399
19. oktober 2024
Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.
17. oktober 2024
«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.
18. mai 2019
President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020
22. januar 2019
Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.
10. februar 2018
Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.
11. januar 2018
Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.