Referat
frå Rotarymøte i Sykkylven Rotaryklubb 01.02.2017:
Så nemnte Steven noko av det som hadde skjedd denne datoen: Mellom
anna at Trygve Lie blei i 1946 utnemnt til FN sin første Generalsekretær, og at
Henry Rinnan blei henretta denne datoen i 1947. Til noko hyggeligere i 1962:
Første tog ankom Bodø og Nordlandsbanen blei derved fullført.
Trubadur Olav hadde som vanlig funne ein song som matcha
dagens tema: «Kjenn ditt land» av O. Strøm. Olav hadde fått skifta ein streng
på gitaren sin, stemt den opp, og både sang og gitarspill lydde flott.
Sekretær Knut Henning var tilbake etter to gangers møtepause,
og meddelte at Oddbjørn Ramstad og Asbjørn Riksheim står for tur til
BUAS-besøk. Frammøte både 18. januar og 25. januar var på 62 %.
Geir Løseth heldt 3- minuttforedrag: Han tok for seg eit
svært så aktuelt tema, nemlig korleis få opp folketallet i Sykkylven. Siste åra
har dette stagnert. Geir sin ambisjon er 15 nye par som etablerer seg i
Sykkylven årlig. Dette vil gi som effekt at det kanskje blir bygd 10 nye
boliger. Så nemnte han eit par fordeler som bygda vår har: sentral beliggenhet
og flott natur. Kva kan vi så gjere? Geir foreslo følgende: Etablere
arbeidsplasser, gjerne kompetansearbeidsplasser. Legge til rette for boligbygging sentrumsnært.
Barnehage og skule må også ligge sentralt. Det må bli lag til rette for
fritidsaktiviteter og kultur. Vi må også vere oss bevisst at vi ligg nært
Ålesund med det tilbud byen kan gi. Til sist men ikkje minst nemnte han
Fjellsæter, og dei muligheter det er for
sport og hytteliv her.
President Steven fortalte at
to veteraner i klubben vår, Erling og Bjarne avslutta sitt medlemskap på
grunn av skrantene helse og høg alder. Vi er no 45 medlemmer i Sykkylven
Rotaryklubb.
Elles refererte han litt frå Styremøtet 25. jan. Bl.a. at
Rotaryturen er planlagt til 21. mai, og at den mest sannsynlig vil gå til indre
Sunnmøre.
Etter Rotarykaffi var det Arne Hanssen sin tur til å
fortelle oss om den planlagte Designvegen. Arne meiner at denne kan bidra til
ei ny næring i Sykkylven. 8 mennesker har danna ei gruppe som skal klekke ut
ideer og planlegge denne. Designvegen er planlagt annaleis enn mange andre
turisttilbud. Ein vil fokusere på eksisterende design langs vegen frå ferjekaia
i Sykkylven, via Stranda til Stryn. I Sykkylven vil ein fokuserer på det vi kan
godt, nemleg møbeldesign. Det blir følgende 3 hovedattraksjoner: Møbelmuseet – L.K. Hjelle – Cylindra. Stranda vil fokusere på mat og Stryn på
klær.
Målet er å bli uavhengig av offentlig støtte, men i ei
oppstartsfase er likevel dette ønskelig.
Ålesund har stor erfaring i turisme, og ein vil dra nytte av
erfaringer og samarbeid her. Det same gjeld også Nordfjord.
Det vil ikkje bli produsert ei einaste papirbrosjyre. Det er
planlagt ei digital plattform som vil gi
info om opplevinger langs Fylkesvei 60. Målgruppe er i første omgang
individuelle besøk, men sjølsagt håper ein at dette seinere kan bli utvida til
reisende i grupper.
Kva kan hindre oss i å nå målsetninga med Designvegen?: Oss
sjølve, meiner Arne. Manglende samarbeid, tilslutning og finansiering kan velte
planen.
Etter kvart håper ein å ansette ein daglig leiar. For å få
til dette må ein samle inn ca. 900 000 kr. årlig. Vedkomende kan gjerne
komme frå ei anna kommune/by enn Sykkylven.
Til slutt fortalte Arne at 25 verksemder i Sykkylven er
blitt tilbudt å slutte seg til som potensiell besøksstad. 24 har sagt ja til
dette for kr. 6000,- i året.
Arne avslutta med å sei at målsetninga ikkje er noko mindre
enn at Designvegen etter kvart skal bli klassifisert som nasjonal turistveg.
Ei entusiastisk og flott presentasjon av Arne.
Han håpa at det ville komme mange spørsmål frå rotarianarane,
og der fikk han sitt ønske oppfylt. Mange engasjerte og skarpsindige spørsmål,
som Arne svarte på så godt han kunne.
På overtid overrakte president Steven han ein velfortjent
oppmerksomhet og ønska han all mulig hell og lykke med Designvegen.
Presidenten minte om neste møte som er Presidenten sin time
og ønska alle vel heim.
Referent Jarle Svindseth
15. november 2024
Onsdag 13. november fekk vi besøk av Sykkylven Røde Kors ved Jon Erdal som fortalde om alt det flotte arbeidet dei gjer for bygda både innan omsorg og i hjelpekorpset. Vi fekk eit godt innsyn i det viktige arbeidet dei gjer.
22. oktober 2024
Rotary held fram kampen mot polio –
Rotary-klubber verden over held fram kampen mot polio, og no har innbyggjarane i Stranda og Sykkylven ei unik moglegheit til å bidra. Ved å gi til lokalt Vipps-nummer 134399 kan du bidra.
20. oktober 2024
Hvert bidrag teller i kampen mot polio! Visste du at når du gir penger til Polio plus, tredobles effekten av din gave? For hver krone du gir, matcher Bill og Melinda Gates med to kroner. Sammen kan vi stoppe polio én gang for alle! Vipps til 134399
19. oktober 2024
Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.
17. oktober 2024
«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.
18. mai 2019
President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020
22. januar 2019
Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.
10. februar 2018
Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.
11. januar 2018
Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.