Referat frå Rotarymøte i SRK 08.03.2017:
President Steven ønska vel møtt til Rotarymøte på sjølve
kvinnedagen 8. mars. Denne blei offisielt erklært som internasjonal kvinnedag
av FN i 1975. I tillegg til kvinnedag, nemnte Steven nokre andre hendinger
denne datoen: I 1872 blei IOGT i Norge stifta. I 1918 blei dei første tilfelle
av spanskesyke oppdaga. I 1950 avfyrte Sovjet sin første atombombe. Sport: I
1971 beseira Joe Frasier sjølvaste Muhammed Ali i den første av 3 legendariske
boksekamper. Dagbladet kom i 1995 som første avis i Norge ut med nettutgave.
Som Rotarysang hadde trubadur Olav valgt ein rettelig
vintersong: «D;er kvitt og fritt og blankt». Forfatter er Sturla Brørs (neppe
langrennsløperen). Denne vinteren har vel vore slik at sangen ikkje har passa
heilt. Med Olav sitt flotte gitarspel lydde sangen riktig fint og friskt.
Sekretær Knut Henning forkynte at det er Ingjerd og Jan Kåre
sin tur til BUAS- besøk. Så var det 3 bursdager: Knut Henning sjøl blir 44 år.
Karl Ramstad blir 30 år eldre, altså 74 år 14. mars. Og til sist, men ikkje
minst, blir vår nye rotarymedlem, Sindre Stuen 40 år i morgen, 9. mars. Sjølsagt
måtte vi synge bursdagssang til jubilanten.
Frammøte under Presidenten sin time forrige gang var
overraskende bra: 29 frammøtte og habile 73 % frammøtte.
3- minutt var denne gong ved Olav Utgård. I møbelindustrien
i Sykkylven har det i alle år vore noko som blir kalla vårknipa. Då har det
gjerne vore lite å gjere, og ikkje sjelden har fabrikkane måtte ty til permisjoner.
For å prøve å kome dette i forkjøpet, har ein ved Formfin Møbler lansert
eit nytt konsept, møbler som følger
kunden ut av stua. Ein satser på sofamøblement til utebruk. Matriale er
aluminium, stål og plast som tåler vær og vind. Kvaliteten elles er slik at
møblene må kunne stå ute over vinteren. Ein samarbeider med Hageland, ein kjede
som Olav vurderer som seriøs og grei å samarbeide med. I morgon, 9. mars blir
det presselansering. Vi ønsker Olav og Formfin lykke til og håper ein med dette
unngår vårknipa.
Etter Rotarykaffien var det vårt nye medlem, Steinar Klokk
sin tur til å halde sitt ego/yrkesforedrag. Ved hjelp av prosjektor tok Steinar
oss med på ein vandring i livet sitt, og kva som har gjort at han er blitt den
han er.
Steinar innleia med å fortelle at han er fødd 7. mai 1968, og
foreldra er Bjørg og Øyvind Klokk. Mor Bjørg er frå Bremanger, medan far
Øyvind var frå Ramstaddal. Dessverre døydde far i 1981. Steinar hadde og ei
multihandicappa søster, Ann Helen, som døydde i 1986.
Steinar gifta seg med Janne, og dei har saman datter Helene, fødd 4. juni 1996. Han har også to for lengst vaksne «bonusbarn», Veronica og
Mads.
I samband med at mor Bjørg er frå Bremanger, fortalte
Steinar, at dersom han, saman Janne, vil slappe av og finne roa, er Berle på øya
Bremangerlandet, deira lille oase.
Så gjekk Steinar
kronologisk gjennom milepæler i sitt liv. Som nemnt født i 1968. Begynte på
Ullavik skule i 1975. Blei speider i 1977. Dreiv elles på med fotball. Far døydde
i 1981. Dreg likevel på skuletur til Runde same dag. Sommerjobb ved Møre Trafo
som ein av dei yngste nokon sinne. Deltok også same å på speiderlandsleir i
Åsnes med 18000 deltakarere. Mor starta hjelpepleierutdanning i Volda og besta
må trå til og hjelpe.
Skule- og utdanning: Gjekk Almen ved Sykkylven Videregående.
Hadde så planer om å bli kaptein i sjøfart, men dette skulle det ikkje bli noko
av. Etter militærtjeneste og sommerjobb ved Jarnes Barnehage, kom han som
einaste sunnmøring inn som student ved Eik føreskuleutdanning i Tønsberg. Siste
året var han studentrådleder, og fikk æra av å halde opningstale då 3. skuleår skulle innleiast. Tilbake i Sykkylven, jobba han i flere barnehager. Ei tid hadde
han også jobb ved skulekontoret. Dette karakteriserer han som ein kjekk
periode.
Når det gjaldt fritidsaktiviteter, heldt han på med fotball
fram til 2010. Men det er innen speiderrørsla Steinar er mest kjent. Han har
etter kvart avansert i gradene og har hatt og har verv både regionalt og
innenfor landsstyret i Speiderforbundet SST.
Siste åra har Steinar vore styrer ved Vikedalen Barnehage.
Han fortalte at 2. juledag 2006 tok det til å brenne i denne barnehagen.
Tilslutt var den totalt nedbrent. Då var gode råd dyre. Men ved hjelp av ein
fantastisk innsats frå barnehagepersonalet, fekk dei tatt i bruk Speiderhytta til ny barnehage var bygd opp att. Sjøl om det er synd at arbeidsplassen brenn
ned, seier Steinar at dette var ei oppleving han ikkje ville ha vore foruten.
2016 var eit bra år. Då fekk han Rotary si utmerking Paul
Harris for sin innsats for speiderne i Sykkylven. Sykkylven Rotaryklubb fekk
også gleda av å ta i mot han som nytt medlem. Same året fekk Vikedalen
Barnehage IA- utmerking som beste barnehage i Møre og Romsdal. Som tidlegere
nemnt blei han valgt inn i Landsstyret til Speiderforbundet.
Dette er noko av det Steinar meiner har forma han til den
personen han er: trygg, inspirert, utradisjonell og lyst til å lære meir.
Eit flott ego/yrkesforedrag av Steinar. Sjølsagt måtte han
svare på spørsmål etter foredraget, slik at vi gjekk 10 minutt over tida.
Så takka presidenten, Steinar, for det flotte foredraget, minte om
neste onsdag sitt møte ved Torunn Kjemphol sitt galleri 2K, og ønska til slutt
alle vel heim.
Referent Jarle Svindseth
15. november 2024
Onsdag 13. november fekk vi besøk av Sykkylven Røde Kors ved Jon Erdal som fortalde om alt det flotte arbeidet dei gjer for bygda både innan omsorg og i hjelpekorpset. Vi fekk eit godt innsyn i det viktige arbeidet dei gjer.
22. oktober 2024
Rotary held fram kampen mot polio –
Rotary-klubber verden over held fram kampen mot polio, og no har innbyggjarane i Stranda og Sykkylven ei unik moglegheit til å bidra. Ved å gi til lokalt Vipps-nummer 134399 kan du bidra.
20. oktober 2024
Hvert bidrag teller i kampen mot polio! Visste du at når du gir penger til Polio plus, tredobles effekten av din gave? For hver krone du gir, matcher Bill og Melinda Gates med to kroner. Sammen kan vi stoppe polio én gang for alle! Vipps til 134399
19. oktober 2024
Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.
17. oktober 2024
«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.
18. mai 2019
President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020
22. januar 2019
Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.
10. februar 2018
Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.
11. januar 2018
Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.