Referat frå Rotarymøte
29.03.2017:
President Steven ønska alle vel møtt til Rotarymøte 29.
mars. Han nevnte noko av det som har skjedd denne datoen: I 1973 forlet det
siste amerikanske soldatene Vietnam. I
1981 blir London Maraton avvikla for første gang. I 2004 blir Bulgaria,
Estland, Latvia, Litauen, Romania, Slovenia og Slovakia medlem av NATO. Irland
blir det første landet, i 2004, som innfører totalforbud mot røyking i
restauranter, barer og på arbeidsplasser. I 2006 er det total solformørkelse
over deler av Afrika og Europa. Den var også godt synlig i Tyrkia.
I samband med at det begynner å bli vår og landskapet rundt
oss blir vakrere og vakrere, hadde trubadur Olav funne fram den flotte sangen
«Vestland» av Tore Ørjasæter.
Sekretær hadde meldt avbud, og dermed ikkje noko å berette
frå det hald.
3- minutt var ved Hallgeir Lade. Ved tidligere 3- minutt
hadde han snakka om fjellturer. Slik også denne gang. Han fortalte om besøk på verdens
farligste fjellsti som ligg i Malaga i Spania: "El Camino Del Rey". Opprinnelig
var denne stien ein tilførselsveg til eit kraftverk. Så vidt referent forstod,
var den hogd inn i fjellsida. Naturlig nok kunne ein slik sti ikke bli særlig
brei. Etter kvart forfalt den, og det var
berre våghalser som torde ferdast der. I 2005 blei den stengd, men 10 år
seinere blei den restaurert og tatt i bruk på nytt. Denne gang opna for
turister. Sidan opninga, har stien hatt besøk av 600 turister pr. dag. For ein
relativ beskjeden sum av kr. 20 mill. kroner, som restaureringa av stien kosta,
har ein altså fått ein flott og lønnsom turistattraksjon. Hallgeir stiller så følgende retoriske
spørsmål: «Kva kunne ein ikkje få til her i Sykkylven for halve summen»? F.eks
fjellturer og toppturer av ulik vanskegrad. I Hjørundfjordområdet har ein fått
til noko av denne ideen: F.eks. er det
blitt organisert turer til fjellet Saxa.
Ikkje mindre enn 8000 mennesker har besøkt fjelltoppen årlig. Etter
Hallgeir si meining, ville det vere klokere å satse på fjellturisme med den
fjellheimen vi har, i staden for Designvegen. Eit 3- minutt til ettertanke frå
Hallgeir.
Så var det Rotarykaffi.
Under denne, kom kvelden sin foredragsholder, Fredrik Støyva
Emblem på besøk. Etter å ha rigga seg til med prosjektør og drikke ein kopp kaffi, starta han på sitt foredrag om
Ålesund Kunnskapspark, forkorta til ÅKP. Dette er eit innovasjonsselskap som
gir rådgivning når det gjeld nettopp innovasjon og nyetableringer. Samstundes
fasiliterer dei landets mest komplette inkubatorsystem («rugekasse for
grundere»), og ein rekke andre nasjonale og internasjonale prosjekt. Dei har
kontorer i Brattvåg, Ulsteinvik og hovedkontor i Ålesund. I Ålesund har dei
lokaler ved NTNU.
Fredrik understreka veldig sterkt at framtida vår ligg på
havet. Berre 2 % av maten til jordas befolkning kjem herfra. Skal ein ha
sjanse til å føde ei stadig voksende befolkning, må ein øke matuttaket frå
havet. I tillegg til mat, treng verda også meir energi og mineraler, noko som
ein også kan få frå havet.
For å få til dette, treng ein skip og skipsbygging, bl.a.
fiskebåter, som kan forvalte fiskeressursene på ein bærekraftig måte. Videre
treng ein skip, plattformer og utstyr til å ta opp gass og olje frå havbotn.
Sjøl om dette har vore nede i ein kraftig «downperiode», rekner ein likevel med
at verda treng utstyr til å ta opp disse
ressursene. Til sist er det i dag mangel på mineraler i verda. Her er det uante
ressurser på havbotn. Det gjenstår berre å få dette opp. Her er potensiale
stort for produksjon av relevante skip og utstyr. Fredrik nevnte også
straumproduksjon til havs i form av vindmølleparker. Alt i alt er potensiale
stort for både produksjon og drift i framtida på havet.
Den maritime klynga her på Sunnmøre har vore unik i evnen
til å omstille seg. Då botn ramla under både produksjon og drift av
supplyfartøy, har skipsverfta kome opp med produksjon av forskjellige
spesialfartøy, ferjer, hurtigruter med meir. Som overfor nevnt, er det stort
potensiale i produksjon av fartøy til fiske, energi og mineraler. Kanskje er vi
berre heilt i starten i utnytting av dette potensiale. I den maritime klynga,
var det før oljeprisfallet, sysselsatt 22 500 arbeiderer. No er dette tallet
ned i 16 000 – 17 000. Men dette
kan fort snu seg, slik at ein får bruk for mykje arbeidskraft.
Fredrik kan ikkje få lovprist nok at Høgskulen i Ålesund no
er komen under NTNU, og dermed er på universitetsnivå. Dette gir eit heilt anna
potensiale og muligheter til utdanning, og ikkje minst forskning. No kan ein ta
doktorgrad, medan ein ved ein høgskule er på Bachelornivå. Dei økonomiske musklene
vil sjølsagt være atskillig sterkere. Fredrik gir mykje av æra for NTNU Ålesund til
den Maritime klynga her på Sunnmøre. Dei har vore pådrivere for nettopp denne
utdanningsinstitusjonen. I det heile er det eit unikt samarbeid mellom næringslivet
på Sunnmøre og akademia i Trondheim.
Klynga med bygninger, der NTNU held til, blir kalla Campus
Ålesund. Eit nytt bygg er under oppføring, og ÅKP vil flytte inn i 3. etasje
her. Saman med SIVA, NTNU i Ålesund og Offshore Simulator Senter blir Blue Innovation
Areana danna. Her vil bedrifter, som vil
satse på utnytting av ressurser i havrommet, kunne søke ekspertise, råd og
veiledning.
Eit svært framtidsretta foredrag av Fredrik. Ein moral
referent trekker ut, er at det ikkje er nødvendig å «grave seg ned» sjøl om
tidene er dårlige, med f.eks. lav oljepris. Det gjeld å sjå potensiale i dei
forskjellige områda, denne gangen uante muligheter som ligg i havrelatert virksomhet.
Foredraget til Fredrik viser at det er berre er fantasien og kreativiteten som
setter grenser for mulighetene i framtida.
Etter fleire spørsmål frå salen, takka president Steven foredragsholderen
og overrakte han ein søt liten gest som Fredrik kan bruke til hjerneføde. Videre
takka Steven for frammøte og ønska alle vel heim. Neste møte er Presidenten sin
time.
Referent
Jarle Svindseth
15. november 2024
Onsdag 13. november fekk vi besøk av Sykkylven Røde Kors ved Jon Erdal som fortalde om alt det flotte arbeidet dei gjer for bygda både innan omsorg og i hjelpekorpset. Vi fekk eit godt innsyn i det viktige arbeidet dei gjer.
22. oktober 2024
Rotary held fram kampen mot polio –
Rotary-klubber verden over held fram kampen mot polio, og no har innbyggjarane i Stranda og Sykkylven ei unik moglegheit til å bidra. Ved å gi til lokalt Vipps-nummer 134399 kan du bidra.
20. oktober 2024
Hvert bidrag teller i kampen mot polio! Visste du at når du gir penger til Polio plus, tredobles effekten av din gave? For hver krone du gir, matcher Bill og Melinda Gates med to kroner. Sammen kan vi stoppe polio én gang for alle! Vipps til 134399
19. oktober 2024
Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.
17. oktober 2024
«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.
18. mai 2019
President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020
22. januar 2019
Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.
10. februar 2018
Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.
11. januar 2018
Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.