Rotarydugnad i Kyrkjeparken 26. april

Les eit kort resyme og sjå bildekavalkade frå årets dugnad i Kyrkjeparken (26.april 2017)

For Sykkylvsbladet onsdag 26. i veke 17, 2017. Olav Pileberg/ Sykkylven Rotary Klubb. 21.04.2017

 

Kyrkjeparken: Tid for dugnad!

Om nokon skulle undrast på kven og kvifor det kryr av meir eller mindre hardt arbeidande karar og kanskje ei kvinne eller to på uteområdet ved kyrkja i kveld onsdag, kan dei med dette få svaret: Sykkylven Rotary Klubb er på dugnad for å gje området ein «makeover», som det heiter. Dette er ein årviss innsats frå medlemmene i Rotary for å setje parken i god stand til konfirmasjonar, 17. mai og ikkje minst for alle som ferdast i området – kanskje berre for å sjå til borna som leikar på den vakre leikeplassen. Vi gløymer heller ikkje dei mange kyrkjelege handlingar som samlar mykje folk. Alle set vi pris på eit reint og triveleg parkområde midt i sentrum av bygda! I fjor, på nesten same datoen, var det ni grader pluss og gode arbeidsforhold. Uansett vêr og føre i kveld: Rotary følgjer opp sitt motto «Service Above Self» om å gagne andre, til beste for både kyrkja og dei mange i området.

 


 På dette biletet frå i fjor glimrar klubben sine kvinner dessverre med sitt fråver. Vi håper på betre balanse i år, så ikkje likestillingskonsulenten skal få noko å henge seg opp i.


Dugnad i Kyrkjeparken 26. april 2017:

Sykkylven Rotaryklubb hadde sin årlige Dugnad i Kyrkjeparken. Dette for å «shine» opp til konfirmasjonene. Veret såg litt «spøkje» ut på formiddag med nordvest kuling og hagl og sludd. Heldigvis betra veret seg utover dagen og kvelden. Det er referent sin 10. dugnad, og eg kan likevel ikkje huske at har vore så kald vind som denne gangen.

Jobben var som tidligere år å rake parken for kvist og lauv. Dessuten hadde kyrkjeverge Bårnes og dugnadsformann Geir blitt samde om at ein burde få frisert og kutta ned hekken mot vest. Vår eminente turbadur, og dyktige journalist Olav, hadde denne gangen lagt frå seg gitaren og henta redskap med grovere toner, nemlig motorsag. Og Olav viste at han kunne svinge motorsaga like godt som han klimprer på gitarstrengene.  Referent synes hekken blei atskillig luftigere og finere etterpå.

Det var Ole Elling Asbjørnsen, svigerson til våre rotaryvener Martha og Kai Otto  som stilte opp med traktor og henger. Odelsgut Olav på 3 år var sjølsagt med saman med pappa (sjå bilde)

Vi avslutta med matøkt som Karl Johan, fru Lillevik og Buster hadde organisert. I følge dugnadsformannen hadde arbeidsgjengen vore svært effektive. Vi kunne derfor avslutte Dugnaden tidligere enn vanlig, men etter å ha gjort like mykje som ved tidligere Dugnader.

Sjå bildekavalkade frå Dugnaden:










  Referent

Jarle Svindseth


 


 
Sykkylven Røde Kors

15. november 2024

Sykkylven Røde Kors

Onsdag 13. november fekk vi besøk av Sykkylven Røde Kors ved Jon Erdal som fortalde om alt det flotte arbeidet dei gjer for bygda både innan omsorg og i hjelpekorpset. Vi fekk eit godt innsyn i det viktige arbeidet dei gjer.

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

22. oktober 2024

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

Rotary held fram kampen mot polio –
Rotary-klubber verden over held fram kampen mot polio, og no har innbyggjarane i Stranda og Sykkylven ei unik moglegheit til å bidra. Ved å gi til lokalt Vipps-nummer 134399 kan du bidra.

Høyr Bill Gates oppfordre oss til å bidra til Polioaksjonen

20. oktober 2024

Høyr Bill Gates oppfordre oss til å bidra til Polioaksjonen

Hvert bidrag teller i kampen mot polio! Visste du at når du gir penger til Polio plus, tredobles effekten av din gave? For hver krone du gir, matcher Bill og Melinda Gates med to kroner. Sammen kan vi stoppe polio én gang for alle! Vipps til 134399

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

19. oktober 2024

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.

Anita gir polio et ansikt

17. oktober 2024

Anita gir polio et ansikt

«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.

Presidenten sin time

18. mai 2019

Presidenten sin time

President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

22. januar 2019

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

10. februar 2018

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS