Karl Ekornes og Blakstad Gård.

Les kva Karl Ekornes fortel om Blakstad Gård som han har omdanna til besøksgard.

Referat frå Rotarymøte i SRK 7. juni 2017:

Denne kvelden var det «past-president" Hallstein som leia møtet. Både president og visepresident hadde ikkje høve til å vere til stades. Men Hallstein er ein røynd programleier, så kvelden blei leia på ein aldeles utmerket måte.

Han begynte med å ønske kvelden sin gjest vel møtt: Karl Ekornes. Han ville etter kaffi halde foredrag om ein gard han hadde tatt over og restaurert,  Blakstad Gård eller Tollagarden.

Som vanlig ved møta hos oss, nemnte Hallstein noko at det som hadde skjedd denne dagen:

7. juni 1905 erklærte Norge seg uavhengig av Sverige. Dette var ikkje svenskene videre enig i, men seinere ut på hausten, blei det underteikna ein avtale der landa var to adskilte og uavhengige rike.

7. juni i 1940 forlet kong Haakon og kronprins Olav, Tromsø, og dreg i eksil til London og Storbritannia.

7. juni 1945 kjem kong Haakon tilbake, til ellevill jubel frå sine landsmenn her i Norge.

7. juni 1948 får kong Haakon kongeskipet «Norge» i gåve av det norske folk som takk for innsatsen under krigen.

3- minutt var denne gang ved Olaf Ellingsen. Han fortalte om eit familieprosjekt som gjekk ut på å samle kunnskap om sine næreste slektninger i nær fortid. Bakgrunn er at Olaf sin far  var med på å organisere ei avdeling av Milorg under krigen. Dette skjedde i huset hans i Nedre Strandgate, og uten at etterkommerne  har fått vite om det. Far snakka heller ikkje så mykje om dette etter krigen. Viktig kunnskapen var i ferd med å gå tapt.

Olaf si datter er journalist, og med den yrkesbakgrunn er  ho ein kvalifisert pådriver til å samle kunnskap om dette tema, og om familiehistorie generelt. Bror til Olaf, Gunnar er lektor og svært skrivefør, og han bidreg med sitt.

Ved ein familiesamling på Sjusjøen, blei det delt ut 50 spørsmål som barn og barnebarn hadde laga til om nær slekt i nær fortid. I det heile meiner Olaf at det er viktig å snakke med barn og barnebarn om kva ein sjøl har opplevd, slik at viktig kunnskap ikkje går tapt.

Ein god ide for oss alle.

 

Når det gjeld bursdager så fyller Rolf Hjellegjerde 75 år på fredag, 9. juni. SRK gratulerer J

Når det gjeld BUAS – besøk, er det Steinar og Arvid som står for tur.

Pga av at vi måtte slutte 10 min. før tida, pga. gospelkonsert i kyrkja, og pga. at trubadur Olav ikkje var tilstades, blei kveldens rotarysong kutta ut.

Blakstad før

Etter rotary – kaffi, var det Karl Ekornes sin tur. Han innleia med å fortelle at dersom nokon trudde at han er son til Jens Petter Ekornes, så hadde dei heilt rett i det. Han er yngste sonen. Videre fortalte han at han og kona alltid har drøymt om å busette seg på ein gard. Då Blakstad gård blei til salgs, slo dei til. Dette er ein stor gard, der det har budd folk heilt tilbake til vikingtida. Bygningene var gamle og til dels svært forfalne; våningshuset frå midten av 1800- talet og løa frå begynnelsen av 1900. Men eldst er likevel stabburet. Dette er frå 1700- talet.

Sjøl om bygningsmassen var til dels svært forfalne, ønska Karl og kona å bevare mest mulig slik bygningene var originalt. Eit stort, krevende og dyrt restaureringarbeid blei sett i gang. Våningshuset er no restaurert i mest mulig autentisk stil. Løa er under utbedring. Stabbur og naust er det ikkje begynt på enda, men er med i planene. Tunet og markene er oppgradert og stelt.

Det å drive gard er ikkje det ein blir rikast av. Karl forstod tidlig at dersom det heile skulle gå rundt økonomisk, måtte ein satse på utvida drift. Garden er blitt etablert som besøksgard med 150 dyr fordelt på alt frå f.eks. griser, sauer, geiter, via katter og kaniner til  høns og kalkuner. Garden er lett tilgjengelig frå veien, og inne i fjøsen er det er mest mulig funksjonell løsning, slik at det skal vere lett tilgang for publikum.

Det er kafe, og i løa kan det arrangeres tilstelninger med opptil 80 til 90 beøkende. I kjelleren kan ein ta i mot opptil 15 besøkende. Karl fortalte at frå 31. aug. til 16. okt i fjor, hadde det vore innom 600 besøkende. Noko som sjølsagt er svært lovende.

 

Fleire økonomiske bein å stå på er planlagt gardskjøkken med eigne produkt frå garden og salg av lokale handverksprodukt . Det er god tilgang frå sjøen, og her er det planlagt båtutleige.

Hovedinntektskilda, så vidt referent forstår, vil likevel vere sauehald. Det er planlagt drift med 300 sauer, som vil gå på garden sitt store beite i Tudalen.

Det er  søkt om økonomiske midler frå Innovation Norge, slik at mest mulig av det som er planlagt, kan bli gjennomført.

Dersom det går etter planen, skal det etter 3 år bli omsatt for 6 mill. kroner, med 5 til 10 årsverk. Ein håper på eit overskot på 15 % eller meir.

Det overordna målet er at ved å drive Blakstad Gard, får bygda ein sårt tiltrengt attraksjon. I tillegg, også bli ein kompetanseinstitusjon for gardsdrift slik det blei praktisert i tidligere tider.

Eit flott og interessant foredrag av Karl. Det er tydelig at grunderånda i Ekornesfamilien slett ikkje er borte. Sykkylven Rotaryklubb ønsker all mulig hell og lykke videre i drifta av Blakstad Gård.

 

 

Til slutt overrakte Hallstein litt søt forfriskning som takk. Deretter minte han om neste møte der utvekslingsstudent Daniel vil fortelle om sitt opphald her i Sykkylven. Dei 3 vertsfamiliene er bedt inn, og det vil bli ekstra matservering. Altså mange gode grunner til å møte opp. Så ønska Hallstein oss vel heim.

 

Referent Jarle Svindseth

 




 
Sykkylven Røde Kors

15. november 2024

Sykkylven Røde Kors

Onsdag 13. november fekk vi besøk av Sykkylven Røde Kors ved Jon Erdal som fortalde om alt det flotte arbeidet dei gjer for bygda både innan omsorg og i hjelpekorpset. Vi fekk eit godt innsyn i det viktige arbeidet dei gjer.

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

22. oktober 2024

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

Rotary held fram kampen mot polio –
Rotary-klubber verden over held fram kampen mot polio, og no har innbyggjarane i Stranda og Sykkylven ei unik moglegheit til å bidra. Ved å gi til lokalt Vipps-nummer 134399 kan du bidra.

Høyr Bill Gates oppfordre oss til å bidra til Polioaksjonen

20. oktober 2024

Høyr Bill Gates oppfordre oss til å bidra til Polioaksjonen

Hvert bidrag teller i kampen mot polio! Visste du at når du gir penger til Polio plus, tredobles effekten av din gave? For hver krone du gir, matcher Bill og Melinda Gates med to kroner. Sammen kan vi stoppe polio én gang for alle! Vipps til 134399

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

19. oktober 2024

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.

Anita gir polio et ansikt

17. oktober 2024

Anita gir polio et ansikt

«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.

Presidenten sin time

18. mai 2019

Presidenten sin time

President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

22. januar 2019

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

10. februar 2018

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS