SRK besøker Hundeidvik Idrettspark.

Les og sjå bilder frå SRK sitt besøk i Hundeidvik Idrettspark. 


Referat frå SRK sitt besøk ved Hundeidvik Arena 21.06.2017:

Denne gangen hadde rotarianerne ved SRK tatt turen til Hundeidvik Arena. Vi blei  tatt godt i mot av Ronny Utgård, som er litt av ei eldsjel i Hundeidvik. Det vanligvis så gode humør vårt blei ikkje dårligere då vi såg at Ronny hadde diska opp med noko som likna eit sunnmørsk kakebord. Kakene og kaffien smakte fortreffelig.

Bilde: Ronny stilte med sunnmørsk kakebord:

Etter matøkta, begynte Ronny på si orientering. Han innleia med å fortelle om Hundeidvik si stolthet, Fotballfestivalen. Den begynte i 2008 med 44 fotballag. I 2017 var det 126 fotballag med over 1000 spelarar. Han kalkulerte med at det i alt hadde vore 5000 besøkende. Fotballen blei supplert med ymse andre aktiviteter, f.eks. barnas bondegård, hoppeslott, ATV osv. I alt 108 frivillige var i aksjon, og det er vel mesteparten av innbyggerne i Hundeidvik. Som ein liten, men viktig kuriositet, nemte han at det ikkje hadde vore styggever av betydning under turneringa disse åra. I det heile tatt har turneringa vore med på å sette Hundeidvik på kartet.


Bilde: Ronny heldt ei flott og informativ orientering:

Siste åra har det vore ein draum og eit ønske å få til ein ny idrettshall i Sykkylven. Kvar var sjansen størst for å få til ein slik? Det måtte bli i Hundeidvik, der dugnadsånda er svært sterk. Ønsket var ein hall med  kunstgrasbane. Dessuten skulle hallen inneholde bueskytingsarena, squashrom, klatrevegg, buldrerom og trimrom. Det siste må kome til etter kvart.. Eit veldig viktig moment, var at hallen skulle vere tilgjengelig for uorganisert aktivitet gjennom heile døgnet og heile året.

Innleiingsvis var hallen ikkje planlagt så stor, men den blei større og større etter kvart som planlegginga gjekk framover. Til slutt hadde var det ikkje meir areal å ta av, og då begrensa størrelsen seg sjøl.

Men det å bygge ein stor idrettshall viste seg å ikkje vere så enkelt som Ronny og co trudde.

Grunnarbeidet blei meir komplisert. Grunnforholda måtte sjekkes, og i  staden for ein 60 cm ringmur, måtte det støypast ein atskillig kraftigere.

Stålhallen blei produsert i Polen og levert av eit svensk firma. Og her begynte dei første virkelig komplikasjonene. Arbeiderne, som sette opp stålelementa, hadde forlatt arbeidsplassen uten å avstive elementa. Så kom det kraftig sørvest vind som røska i dei, med det resultat at festa i grunnmuren blei delvis ødelagt. Kven hadde så ansvaret for dette? Etter mykje viderverdigheter fikk Idrettslaget tilkjent erstatning frå Gjensidige, som igjen stilte regress mot det svenske firmaet.

Under ein storm seinere på året, begynte takplatene å løsne. Då var gode råd dyre. Men ved hjelp av ein lift og ei gravemaskin, fekk ein slått stropper rundt platene og festa dei på den måten.

Å få lagt ned sjølve kunstgraset var heller ikkje ukomplisert. I følge Ronny, var det ein kar frå England som skulle besørge dette. Verdens kjekkeste kar, men også verdens mest upålitelige. Men etter masse viderverdigheter, kom også dette på plass.

Dei profesjonelle, som  imponerte  mest, var det franske arbeidslaget som satte opp klatreveggen. Fagfolk til fingerspissene. Men også her gjekk ting ikkje heilt etter planen. Eit mål i taket stemte ikkje, og dermed var monteringa gjort vanskelig. Men også dette løyste Ronny og co. slik at arbeiderene fekk fullført oppsettet.

Så er det store spørsmålet: Kva med økonomien ? Referent går ikkje inn i detaljer her, men hallen var budsjettert til 10, 2 mill. og enda med ein pris på i underkant av 10 mill. For å få spelemidler måtte hallen defineres som klatrehall. Det gav 2,5 mill. i spelemidler. Egenkapitalen var 2,9 mill kr, og lån utgjorde 1, 3 mill. Dugnad for 736.200 kr. Sponsorer: 1,14 mill.kr kr og momskompensasjon 1.694 mill. kr.

Heile tida blei det køyrt streng økonomisk disiplin.

Idrettslaget fekk også mykje gratis utstyr eller til sterkt redusert pris. Stoler i hallen kjem frå Fredrikstad. Det var knirk i desse, slik at Fredrikstad  ikkje ville ha dei. Men det ville Hundeidvik gjerne.

Squashbana kjem frå Stamina på Moa. Dersom golvet blei henta, var dette gratis.

Kjøkkenet blei påspandert av Hundeidvik Vel.

I alt blei det utført 6000 dugnadstimer berre med snekring.

Næringslivet var meir enn villig til å stille med reklameskilt i Hallen. Og Ronny kan ikkje få fullrost  Formfin nok, med Olav Utgård i spissen, for all hjelp og støtte.

Det er planlagt eit byggesteg 2 med  godt utstyrt treningsrom som er kalkulert til 1.2 mill kr. Her kan foreldre sykle på trimsykkel eller gå/løpe på tredemølle, og samstundes sjå ned på treningsbana. Dermed kan dei følge med sine håpefulle og samstundes få trim.

Ronny understreker sterkt at dette er ein lavterskelhall som er åpen 7/24. Her kan i prinsippet alle kome å trene, klatre, spele squash eller kva det måtte vere.  

Hallen har til no vore svært godt besøkt med over 3000 kvar månad. Det har kun vore eit uhell. Ronny beskreiv kva som hadde skjedd med ein kar som absolutt skulle ha tak i ein squashball som hadde enda i taket. Vedkomende la så mykje energi og «kreativitet» i å få ned denne, at fleire takplater blei ødelagte. Ronny var naturlignok lite blid då han konfronterte  karen med ugjerninga.  

Så vidt referent forstår har no Hundeidvik Idrettslag og Arena verdier for 56 mill. kr og med ei gjeld på berre 1,3 mill.

Referent er utrulig imponert over arbeidet og dugnaden Hundeidvik Idrettslag og Ronny har gjort og fortsatt gjer.

Ronny avslutta orienteringa med følgende visdomsord: «Skaperglede symboliserer kreativ kraft og pågangsmot med grunnlag i eit ønske om å kunne skape glede for andre».

Etter den flotte orienteringa, blei vi vist inn i sjølve hallen. Der blei vi imponert over den 12,5 m høge klatreveggen som er den nest høgaste på Sunnmøre. Referent såg ingen rotarianere som prøvde seg på den, men siden hallen er åpen nesten døgnet rundt for alle, kan vi kanskje prøve oss ved eit anna høve.

Bilde: Odd Jostein vurderer om han skal prøve seg i klatreveggen:

Sykkylven Rotaryklubb takker Ronny hjarteleg for den flotte serveringa, den flotte orienteringa og  omvisninga i den flotte hallen. Lykke til videre!

 

Referent

Jarle Svindseth



 
Sykkylven Røde Kors

15. november 2024

Sykkylven Røde Kors

Onsdag 13. november fekk vi besøk av Sykkylven Røde Kors ved Jon Erdal som fortalde om alt det flotte arbeidet dei gjer for bygda både innan omsorg og i hjelpekorpset. Vi fekk eit godt innsyn i det viktige arbeidet dei gjer.

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

22. oktober 2024

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

Rotary held fram kampen mot polio –
Rotary-klubber verden over held fram kampen mot polio, og no har innbyggjarane i Stranda og Sykkylven ei unik moglegheit til å bidra. Ved å gi til lokalt Vipps-nummer 134399 kan du bidra.

Høyr Bill Gates oppfordre oss til å bidra til Polioaksjonen

20. oktober 2024

Høyr Bill Gates oppfordre oss til å bidra til Polioaksjonen

Hvert bidrag teller i kampen mot polio! Visste du at når du gir penger til Polio plus, tredobles effekten av din gave? For hver krone du gir, matcher Bill og Melinda Gates med to kroner. Sammen kan vi stoppe polio én gang for alle! Vipps til 134399

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

19. oktober 2024

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.

Anita gir polio et ansikt

17. oktober 2024

Anita gir polio et ansikt

«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.

Presidenten sin time

18. mai 2019

Presidenten sin time

President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

22. januar 2019

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

10. februar 2018

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS