Grunderbedrifta GRIFF Aviation i Sykkylven.

Les kva Svein Even Blakstad hadde å fortelle om GRIFF ved møte i SRK.


Referat frå Rotarymøte 25.05.2018:

President Bastian ønska vel møtt og spesielt til kvelden sine to gjester: Roald Mork og kvelden sin foredragshaldar, Svein Even Blakstad:

Først litt oppdatering om noko av det som har hendt denne datoen opp igjennom historia:

1840: Den russiske komponisten Pjotr Tsjaikovskij født.

1917: Den amerikanske jazzsangerinna, Ella Fitzgerald født.

1940: Den amerikanske skuespiller, Al Pacino Født.

1974: Organisasjonen «Fremtiden i våre hender» stifta.

Trubadur Olav såg berre ein mulighet for Rotarysong siden det nærma seg mai: «Kom mai du skjønne milde». Melodi av sjølvaste Mozart.

Sekretær forkynte at det er  Olav E. og Jan F. sin tur til BUAS – besøk. Frammøte forrige gang var 26 som gav habile 70 % frammøte.

Steinar  Klokk heldt 3 minutt om Godleiksveka. Ei gjeng idealister i Kyrkja tromma sammen 60 til 70 organisasjoner her i Sykkylven. Det blei danna ei styringsgruppe som skulle finne ut kva ein kunne glede folk med i staden for å krangle med kvarandre.

Som eksempel på dette hadde ein gjeng delt ut kaffe og boller i ferjekøa. Noko som blei  svært godt tatt i mot.

Ei oppfølging er planlagt neste år med dagskonferanse. Sykkylven, opplyste Steinar er den første kommunen i landet som har med seg heile organisasjonslivet i kommunen.

Etter rotarykaffi var det Svein Even Blakstad sin tur for foredrag om bedrifta Griff Aviation. Dei held til i lokaler ved Vikøyra, og er litt av ei grunderbedrift. Dei utvikler og produserer droner med stor løftekapasitet, noko som er meint å erstatte helikopter.

Prototypen er Griff 135 som løfter lett 30 kg og med ein totalvekt på opptil 135 kg.

Svein Even understreka at det er viktig at dronen er lett handterbar. Den skal ikkje vere større enn at ein skal kunne frakte den i bil, og den skal kunne monteres og gjøres klar til bruk på eit minutt. Den skal vere logisk og intuitiv å bruke.

Det skal ikkje omsettes droner til våpenformål.

Områder der ein tenker seg dronen brukt er militært (?) – jordbruk – energi (vindmøller) – maritimt område.

Korleis er så markedsutsiktene? Dei burde vere gode, etter Svein Even si meining. Så vidt referent forstår, kan vel tilgangen på nok kapital vere ei begrensning.

 GRIFF Aviation er ei virkelige kunnskapsbedrift her i Sykkylven som er verdensledende innen sitt felt.

Sykkylven Rotary ønsker dei all mulig hell og lykke !

Det formidla også president Bastian og takka av med den sedvanlige flott innpakka osten.


Så minte han om neste «møte» som er dugnad i Kyrkeparken. Vi møtes kl 18:00.

Referent

 Jarle Svindseth

 


 
Velferdsteknologi ved komunalsjef Eli Otterlei

18. februar 2017

Velferdsteknologi ved komunalsjef Eli Otterlei

Les referat frå kommunalsjef Eli Otterlei sitt flotte og grundig foredrag om velferdsteknologi

Arne Hanssen orienterer om den planlagte Designvegen.

3. februar 2017

Arne Hanssen orienterer om den planlagte Designvegen.

Les referat frå Rotarymøte 1. februar der m.a. Arne Hanssen fortalte om korleis han tenker seg den planlagte Designvegen.

Les referat frå Rotarymøte 25. januar:

3. februar 2017

Les referat frå Rotarymøte 25. januar:

Rotarymøte 25. januar der bl. a. Kjell Welle fortalte oss litt om teknikken bak dei forskjellige radiosignala.

Bedriftsbesøk ved Peterson Emballasje

26. januar 2017

Bedriftsbesøk ved Peterson Emballasje

Les Olav sitt referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Peterson Fabrikker her i Sykkylven

Politimester Ingar Bøen:

14. januar 2017

Politimester Ingar Bøen:

Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.

22. desember 2016

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.

Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.

Lars P. Riksheim Treindustrier

1. november 2016

Lars P. Riksheim Treindustrier

Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016

Verda sin poliodag 24. oktober

23. oktober 2016

Verda sin poliodag 24. oktober

Sjå og les korleis SRK valgte å markere denne dagen.

Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK

22. oktober 2016

Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK

Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.

Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven

22. august 2016

Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven

Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Klubbens møter denne måneden

MØTEFRI pga TUR 26.MAI

2024-05-22 19:00 - 20:00

Rotarytur Nordøyane

2024-05-26 08:00 - 21:00

LINDA AURDAL WALES EGO-FOREDRAG

2024-05-29 19:00 - 20:00

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS