Rotarymøte 25.09.2019: Petter Lyshol: Om Sykkylven Båthamn

Petter Lyshol heldt eit interessant foredrag om Sykkylven Båthamn, både historikk, stoda i dag, og planer framover. Olaf Ellingsen refererte frå ein artikkel i Sunnmørsposten frå 1926 med tittel: "Etablering og industri"


President Petter ønska alle vel møtt til møtet, og spesielt til ein annan Petter, med etternamn Lyshol. Han ville halde kvelden sitt foredrag om Sykkylven Småbåthamn. I tillegg til Pette,r var også Borgar Tynes gjest hos oss. Applaus for begge!

Så litt om dagen sin dato: Ingvar og Yngvar har namnedag. Namna er avleda av «stridsmenn».

Det passer godt til neste punkt: I 1066 falt Harald Hardråde i Slaget ved Stamford Brigde. Seinere på året vann Wilhelm Erobreren Slaget ved Hastings og tok makta i England.

To fødselsdager: 1954 blei SP-politiker, Odd Roger Enoksen født og i 1965 Høgrepolitiker, Børge Brende.

Vi som har levd ei stund, husker EF- kampen i 1972. Denne datoen var det avstemning om norsk medlemskap.

Sekretær Kristin kunne forkynne at det er Rolf og Knut M sin tur til BUAS- besøk. Ingen bursdager komande veke. Frammøte sist var 28. Med permisjoner og fritak for møteplikt ga det pene 67,37 % frammøte.

«3-minutt»:

«3- minutt» var denne gang ved Olaf E. Han fortalte at dei to bestefedrene hans, Peter Drabløs frå Drabløs og Olaf Ellingsen frå Inderøy gjekk saman og grunnla eit glasmesterfirma i Ålesund.

6. nov. 1926 stod det ein artikkel i Sunnmørsposten med tittel: «Etablering og industri», der journalisten  hadde besøkt firmaet. Han var tydelig imponert over den handverkskunsten det er å lage til glas og speil. Til slutt refererte Olaf, at journalist med følge blei bedt på forfriskninger. Olaf konkluderte med at det var like viktig den gang som no å gjere eit godt inntrykk.

Ymse:

President Petter minte om Stranda Rotary sitt 60- års jubileum, komande laurdag. Det er 6 medlemmer frå SRK som er påmeldt.

Kl. 16, same laurdag blir det møte med guvenør Vigdis Osbak i Sparebanksalen hos oss.

Laurdag blir ein travel dag: I sentrum kl. 11 – 14 er det SRK sin årlige Polioaksjon i samarbeid med Speidarane. Det blir rebusløp med premier. 50 kr i startkontigent, som går til Poliokampen. President Petter refererte til den djerve satsinga som SRK gjorde i 1987. Då blei det bestemt at kvar medlem skulle yte 1000 kr til Polioaksjonen. Målet var 50000 kr. Den 12. februar 1988 var det kome inn kr 52000,-. Referent veit ikkje kva den summen ville bli i dag, men kanskje 3 – dobbelt. Altså ca. 150000,- (?)

Sykkylven Småbåthamn: Historikk, stoda i dag og planer i framtida:


Etter Rotarykaffe og gode rundstykker, fekk Petter Lyshol ordet. Han er styreformann i Sykkylven Småbåthamn. Han delte fordraget sitt i 3. Først litt historikk, der han refererte til eit skriv som Sigbjørn Lyngstad hadde forfatta. Deretter tok han for seg stoda i dag, for til slutt å sei nokre ord om planer i framtida.

Allereie på 1950- talet blei det orda frampå om ikkje Sykkylven burde lage til ei båthamn. Noko som var viktig for tryggleiken til mindre båter. I 1968 blei Jon Welle den første formann i Styret for Småbåthamna. Så fulgte mange år med «krangel» og forhandlinger med kommunen. Tilslutt blei det ei råd, og 1.juni 1976 blei Styret i Sykkylven Småbåthamn konstituert, og det fysiske arbeidet på hamna kunne starte.

Petter tok for seg stoda i dag med 259 partseigere, og der alle plasser er opptatt. Det er likevel 6 partseigere som kan tenke seg å selge. Dersom ein vil kjøpe ein part koster det 48000 kr. Det er gjestehamn og servicebygg med toalett og vaskerom. Dette bygget er ein del av økonomien til Hamna.

Det er 3 opphalingsvogner som båtfolket kan nytte til større båter.

Som ein liten kuriositet, nemnde Petter det første Klubbhuset. Her samler båtfolket seg til sosialt samvær. Den tid far til referent levde, var møte her ein del av det sosiale samvær hans.

Hamna er taksert til 10 mill. kr. Har for øyeblikket 2 mill. i lån, men Petter rekner med at inntjeninga er såpass bra at ein er gjeldfri om 2 til 3 år.

Når hamna er gjeldfri, kan nye investeringer vere aktuelt. For eksempel nemnte Petter at 7 hovedbrygger begynner å bli utslitt og må skiftast. Det er også planer om å montere 4 nye kameraer til overvaking av området.

Sjøl om det i byrjinga var ein del kafs med kommunen og samarbeidet, nemnte Petter at kommunen hadde kjøpt opp området. Sykkylven Småbåthamn hadde så igjen kjøpt området av kommunen. Dette var i alle fall eit flott bidrag frå kommunen.

Eit informativt og interessant foredrag av Petter som blei belønna med sedvanlig gest (kortreist spekepølse).



Bilde over: Her kjem eg frå, fortel Petter:

Etter ein spørsmålsrunde, takka Petter av møtet, minte om all aktivitet på laurdag og ønska alle vel heim.

Referent

Jarle Svindseth


 
Sykkylven Røde Kors

15. november 2024

Sykkylven Røde Kors

Onsdag 13. november fekk vi besøk av Sykkylven Røde Kors ved Jon Erdal som fortalde om alt det flotte arbeidet dei gjer for bygda både innan omsorg og i hjelpekorpset. Vi fekk eit godt innsyn i det viktige arbeidet dei gjer.

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

22. oktober 2024

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

Rotary held fram kampen mot polio –
Rotary-klubber verden over held fram kampen mot polio, og no har innbyggjarane i Stranda og Sykkylven ei unik moglegheit til å bidra. Ved å gi til lokalt Vipps-nummer 134399 kan du bidra.

Høyr Bill Gates oppfordre oss til å bidra til Polioaksjonen

20. oktober 2024

Høyr Bill Gates oppfordre oss til å bidra til Polioaksjonen

Hvert bidrag teller i kampen mot polio! Visste du at når du gir penger til Polio plus, tredobles effekten av din gave? For hver krone du gir, matcher Bill og Melinda Gates med to kroner. Sammen kan vi stoppe polio én gang for alle! Vipps til 134399

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

19. oktober 2024

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.

Anita gir polio et ansikt

17. oktober 2024

Anita gir polio et ansikt

«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.

Presidenten sin time

18. mai 2019

Presidenten sin time

President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

22. januar 2019

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

10. februar 2018

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS