Rotarymøte 18.12.2019: Julemøte:

Rotarymøte 18.12.2019: Julemøte:

18. desember blei det halde julemøte i Sykkylven Rotatyklubb. Borgar Tynes blei tatt opp som nytt medlem, og Trygve kom med synspunkt på at Jesus blei født med store odds mot seg. Ove fortalte meir om rotarybesøk i Spania.

President Petter ønska vel møtt til julemøte, og siste rotarymøte i 2019. 3 gjester blei ønska velkomne: Torill Lillebø Nerland og Audun Nerland. Torill er frå Sykkylven og har budd på Vestnes saman med Audun. Ho er tidlegare medlem i klubben vår. Ho og Audun har no flytta tilbake til Sykkylven. Vi som har levd ei stund og er sportsinteresserte, veit at Audun var elitelangrennsløper på 1970- talet.

Så var det Borgar Tynes som, når han går frå dette møte, ikkje lenger er gjest, men medlem i Sykkylven Rotaryklubb. Applaus til alle tre!

«Juleoratoriet».

Ikkje noko julemøte i SRK utan J.S. Bach sitt «Juleoriatoriet». Trubadur Olav viste ei mektig framføring frå Frauenkirche i Dresden. Oriatoriet inneheld 6 kantater. Vi fikk høyre deler av 1. kantate: «Jauchzet – frohlocket», meint å bli framført 1. juledag. 

Opptak av nytt medlem.

Eit av høgdepunkta i rotarysamværet er opptak av nytt medlem; denne gang Borgar Tynes. Rolf, som er fadder, held ein kort presentasjon, og deretter delte president Petter ut rotarynåla. Vi ynskjer Borgar velkomen i Sykkylven Rotaryklubb!!


Bilde ve.: Borgar blir tatt opp som medlem. Hø.: Rolf, Borgar og president Petter.

Før sekretær fekk ordet, song vi Jakob Sande sin nydelige: «Det lyser i stille grender», med trubadur Olav ved pianoet.

Sekretær.

Sekretær kunne opplyse at forrige gang var 18 frammøtte. Det ga stusselige 45 % frammøte. Det er Per Ringdal og Kristin sjøl som står for tur til BUAS- besøk.

Trygve: Tankevekkande juleevangelium.


Trygve Ebbesvik held eit tankevekkande innslag om det utrulege juleevangeliet. Vi har vår tidsrekning etter Jesu sin fødsel. Trygve fortalte at det blei bomma ein del på fødetidspunktet. Sannsynligvis blei Jesus født 7 år tidlegare enn rekna med.

Det var spådd at ein konge skulle bli født. Det var nærliggende å tru at dette ville skje i pomp og prakt på eit flott slott. I staden blei Jesus født under så kummerlige kår som tenkast kan, med alle odds mot seg. Født av ei tenåringsmor som påstod at dette var ein jomfrufødsel. I den jødiske kulturen blei det ikkje tatt nådig opp med barn  født utanfor ekteskap.

Tankevekkande er det også at dei første som blei vitne til det lille barnet, var ein flokk gjetarar. Desse hadde ikkje det beste ryktet på seg.

I denne tida herska ein despot som heitte Herodes. Han kunne tenkast å stå det lille barn etter livet. Referent tillet seg å legge til, at i følge Matteusevangeliet, måtte Maria og Josef flykte med det lille barnet til Egypt. Dei flytta tilbake då Herodes var død.

Juleevangeliet fortel om 3 vise menn som gjekk etter ei ledestjerne (Betlehemsstjerna). Trygve kom med synspunkt på kva fenomen dette var. Kunne det vere ein komet? Kunne det vere ein supernova?  Eller var dette fenomenet at Jupiter og Saturn hadde gått saman og stråla såpass sterkt at dei kasta skygge på jorda? Astronomar kan «spole» tilbake stjernebilde, og nettopp dette skjedde år 7 før vår tidsrekning.

Trygve konkluderte med at juleevangeliet inneheld ei rekke utrulige hendinger som virkelig utfordrer tanken vår.

Julemåltid med koldtbord og dessert/kaffe.

Matkomiteen hadde gjort ein fenomenal jobb: Koldtbord med spekemat, laks, eggerøre, og ikkje minst, kortreiste karbonader frå Velledalen. Til dessert var det moltekrem, kromkaker og Strandabakelse. Og sjølsagt kaffe. Det skulle ikkje vere nødvendig å gå svolten frå dette møtet. Sjå bilder!




Ove: Besøk hos rotaryklubb i Spania.

På tampen ville Ove dele med oss si oppleving frå rotarymøte i Benalmedia/Torremolinos. Det gjekk føre seg på ein golfklubb, og Ove orienterte seg fram til denne klubben sin restaurant. Her fann han eit bord med rotaryvimpel. Det var dekt på til 6 personer. Kl. 14:30 dukk ein rotaryanar opp og Ove kom i prat med han. Etter kvart kom det fleire, og til slutt var 9 rundt bordet. Presidenten fortalte om vannrensings - prosjekt i Nepal og Spania. Det blei også utveksla vimplar, sjøl om Ove ikkje kunne kvittere med nokon frå vår klubb. Ikkje overraskende, var maten svært bra. Alt i alt eit triveleg møte.

Bomtur.

Neste møte var planlagt til Fungerola RK, men her gjorde Ove bomtur. Rotaryklubben hadde ikkje hatt møte ved det aktuelle hotellet på 8 til 9 år. Men aldri så gale at det ikkje er godt for noko: 14 km spasertur og 20 000 steg. Sjøl om Ove var litt harm like etterpå, tok ikkje bomturen frå han lysta til å besøke andre klubber.

Ove konkluderte at å vere rotarymedlem og besøke andre klubber, både innlands og utanlands,  gjer at ein kjem nærare inn på folk enn ein ellers ville ha gjort. Alle har som felles mål: «Service above self» eller på norsk: «Gagne andre». Dette gjer det heile svært meiningsfullt.

Bør vi ta opp igjen dugnad ved Haugneset?

Geir B fekk ordet, og minte klubben om at Haugneset Vel har fått støtte, både økonomisk og ved dugnader, tidligere. Kanskje kan det vere ein ide å ta dette opp igjen? Han minte om at det  ikkje er usannsynlig at mange av oss vil kunne ha nytte av områda rundt BUAS i framtida. Han sendte rundt eit foto som tydelig dokumenterte klubben sine dugnader i tidligere tider.


Tradisjonen tru avslutta vi med: «Deilig er jorden». President Petter minte om første møtet over nyttår, 8/1 -20 og ønska alle ei riktig God Jul.

 Referent

Jarle 







 
Sykkylven Røde Kors

15. november 2024

Sykkylven Røde Kors

Onsdag 13. november fekk vi besøk av Sykkylven Røde Kors ved Jon Erdal som fortalde om alt det flotte arbeidet dei gjer for bygda både innan omsorg og i hjelpekorpset. Vi fekk eit godt innsyn i det viktige arbeidet dei gjer.

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

22. oktober 2024

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

Rotary held fram kampen mot polio –
Rotary-klubber verden over held fram kampen mot polio, og no har innbyggjarane i Stranda og Sykkylven ei unik moglegheit til å bidra. Ved å gi til lokalt Vipps-nummer 134399 kan du bidra.

Høyr Bill Gates oppfordre oss til å bidra til Polioaksjonen

20. oktober 2024

Høyr Bill Gates oppfordre oss til å bidra til Polioaksjonen

Hvert bidrag teller i kampen mot polio! Visste du at når du gir penger til Polio plus, tredobles effekten av din gave? For hver krone du gir, matcher Bill og Melinda Gates med to kroner. Sammen kan vi stoppe polio én gang for alle! Vipps til 134399

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

19. oktober 2024

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.

Anita gir polio et ansikt

17. oktober 2024

Anita gir polio et ansikt

«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.

Presidenten sin time

18. mai 2019

Presidenten sin time

President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

22. januar 2019

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

10. februar 2018

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS