Referat frå rotarymøte
15.01.2020:
Forretningsanalytiker ved Ekornes Fabrikker,
Fredrik Ødegård Nilsen heldt eit engasjert og underhaldande foredrag om
likheter og forskjeller i norsk og kinesisk forretningskultur. Greta orienterte
om den planlagte turen til Bogo på Filippinene.
President
Petter ønska ei talrik forsamling vel møtt. Denne gang med 3 gjestar: Jan
Bolstad, Terje Uri og kvelden sin foredragshaldar, Fredrik Ødegård Nilsen.
Applaus til alle saman!
Som vanlig
litt om dagen sin dato: Lauritz og
Laura har namnedag.
I 1812 blei Peder Asbjørnsen født. I 1929 blei
Martin Luther King jr. født.
Presidenten fortalte
om dei to tragiske ras- og flomulykkene i Loen. Denne dato, i 1905, rasa 5000
m3 stein i Loenvatnet og skapte ei flodbølge som tok livet av 61 mennesker. I
1936 kom den andre ulykka: Då raste 870 000 tonn stein frå 500 meters
høgde og skapte ei flodbølge på 40 m høgde. Denne gong omkom 73 mennesker.
Avslutningsvis
refererte presidenten til ein kuriøs artikkel i 1910 i Aftenposten der ein mann
blei dømt til å betale ei saftig bot for å ha dratt ein kar i skjegget under ein
gravferdssermoni. Den forulempa skulle ha pådrege seg hovent ansikt og nedsatt
hørsel.
Rotarysong:
Trubadur
Olav hadde funne fram ein virkelig fin rotarysong: «Hjulets historie». Her blir
engasjement og ideal vektlagt. Med Olav sitt flotte gitarspel, og til tone «John Brown's Body.../ evt. Baby...», (Battle Hymn Of The Republic) lydde sangen flott.
Sekretær Kristin kunne forskynne at Arvid Nordstrand
blir 68 år, 21. januar. Forrige møte var det 24 frammøtte som gav 58,4 %
frammøte. Det er Geir B. og Odd Jostein sin tur for BUAS- besøk.
Orientering frå Greta:
Past
president Greta orienterte om den planlagte turen til Filippinene, med avreise 26.
februar og retur 20. mars. Hovedformålet er å besøke Lola Day Care Center i
Bogo. Som vi alle veit er klubben vår tungt inne med finansiering av denne førskulen.
Lone og May Brit Tynes er drivkreftene bak.
Hjelpebehovet
er stort. M.a. står nye toalett på trappene. Planen er også å besøke det lokale
fengselet, vere med på åpninga av ei guttebarnehjem, og ikkje minst vere på
«graduation» av elevene ved Lola Day Care Center. Vi blir alle oppfordra til å gi diverse leiker,
sko og klær som dei kan ta med. Elles kan ein betale inn penger ved å nytte ein
konto for dette formålet. Det blir heilt sikkert ein veldig spennande tur. Utanom Greta, reiser Olaf E. frå klubben vår. Son til Olaf og syster til
Greta blir også med. Turen koster dei sjølve.
Fredrik Ødegård Nilsen:
Bilde: Fredrik Ødegård Nilsen. Bilde til ve. med mr. Chao og Olav Holst Dyrnes.
Etter
rotarykaffe og gode sveler, fekk Fredrik ordet. Han er tilsett som forretningsutviklar ved Ekornes Fabrikker her
i Sykkylven.
Som vi alle
veit, blei Ekornes kjøpt opp og innlemma i den kinesiske møbelgiganten, QuMei.
QuMei tyder «Fine Kurver» på norsk. Eit
namn som passer godt på eit møbelkonsern.
Litt historie:
Fredrik innleia
med eit lite tilbakeblikk på Ekornes si historie, frå 1934 og til i dag. Frå
produksjon av kurvmøbler, til dagen si drift med ei omsetning på over 3 mrd. Alt
i alt har Ekornes ei sterk historie og sterk møbelkultur. Ekornes er eit globalt
selskap med 4000 utsalg i 43 ulike land.
Det er mange
bedrifter som har «fridd». Dei vil gjerne samarbeide og kjøpe seg inn i konsernet. Dette
har ikkje vore av interesse for Ekornes. Det «friarane» kunne tilby, var/er Ekornes
allereie var sterke på.
Annaleis med
kinesiske QuMei. Dei kunne tilby komplementær kultur og kunnskap. Ekornes har
eit stort internasjonalt salgsnett, medan Qu Mei ikkje har dette. Til gjengjeld
har dei eit stort distribusjonsnett i Kina. Dette er ein marknad som er
vanskeleg for Ekornes å nå tak i. Qu Mei kjøpte så opp ekornes-aksjane, og hausten
2018 blei eigarskapet formelt overført til det kinesiske selskapet.
Positive verknader:
No er det
gått over eit år, og Fredrik ser allereie positive effekter. IMG har større
volum enn før. Når det gjeld Stressless, vil det ta lenger tid før den heilt
store salgsauken. Men med dei mange nye distribusjonskanalene, rekner ein med at dette
vil gå seg til.
Korleis samhandle på tvers av ulik forretningskulturar:
Når to så
ulike forretningskulturar som den kinesiske og norske «støyter» saman,
skulle ein tru at det ville bli ein del utfordringer. Fredrik hadde ein del
refleksjoner som han delte med oss:
Det er 4
ting, som etter, Fredrik si meining, er viktig for å kunne samhandle best mulig:
1. Ein må vere fleksibel: Det må takast høgde for at kinesarane
har andre måter å gjere ting på. Vi har ein tendens til å vere meir fastlåste:
Når vi har bestemt noko, så går vi for det, men her kan det bli endringer
underveis. Så må vi huske på at vi har forskjellige tidsperspektiver.
2. Refleksjonar og
tillit er viktig: Det er viktig å vere tålmodig og bruke tid på å bygge
relasjonar og tillit til kvarandre. I Norge har vi ein flat leiingsstruktur, medan
den kinesiske er meir hierarkisk. Det er viktig å snakke frå «hjartet», noko
som igjen er viktig for den gjensidige tilliten. Visittkort er svært viktig.
Dette fekk Fredrik erfare då han ikkje hadde med seg nok.
3. Alt kan forhandlast om:
Fredrik fortel at ein
aldri vil få eit nei, men det er ikkje heilt sikkert at eit ja er eit ja, slik
vi forstår det.
4. Prøv å tolke alt i
beste meining: Fredrik
fortalte at ein vil oppleve mykje forskjellig, og dersom dette er på tvers av egne idealer og/eller
forventninger, så må ein ta dette med fleksibilitet og godt humør. Ofte kan det
kom forespørsler som ikkje er så lett for ein nordmann å forstå.
Fredrik
fortalte ei historie som viser forskjellen mellom dei to kulturane: Han har pekingand som livrett, og i Beijing blei han tatt med på ein av dei beste
restaurantane. Han bestilte sjølsagt pekingand. Kelneren som med ei saftig and
som han skar opp. Det han la opp på tallerkenen var, i følge Fredrik, skinn og
slintrer, noko vi knapt synes er etande. Det saftige, gode kjøtet trilla
kelneren bort. Fredrik fortalte at han blei lang i maska, men tok det elles med
godt humør. Referent tek seg den fridom å bemerke at av og til kan kanskje
kulturtilpasninga gå begge veier. Hadde kinesarane blitt utsatt for tilsvarande
«fornærmelse» på restaurant i Oslo, hadde dette neppe blitt tatt nådig opp.
Eit veldig
interessant og artig foredrag av Fredrik som blei belønna med sedvanlig gest
frå presidenten.
Så takka han
for det gode frammøte, minte om neste møte og ønska alle vel heim.
Referent
Jarle
15. november 2024
Onsdag 13. november fekk vi besøk av Sykkylven Røde Kors ved Jon Erdal som fortalde om alt det flotte arbeidet dei gjer for bygda både innan omsorg og i hjelpekorpset. Vi fekk eit godt innsyn i det viktige arbeidet dei gjer.
22. oktober 2024
Rotary held fram kampen mot polio –
Rotary-klubber verden over held fram kampen mot polio, og no har innbyggjarane i Stranda og Sykkylven ei unik moglegheit til å bidra. Ved å gi til lokalt Vipps-nummer 134399 kan du bidra.
20. oktober 2024
Hvert bidrag teller i kampen mot polio! Visste du at når du gir penger til Polio plus, tredobles effekten av din gave? For hver krone du gir, matcher Bill og Melinda Gates med to kroner. Sammen kan vi stoppe polio én gang for alle! Vipps til 134399
19. oktober 2024
Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.
17. oktober 2024
«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.
18. mai 2019
President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020
22. januar 2019
Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.
10. februar 2018
Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.
11. januar 2018
Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.