Referat frå rotarymøte
med Presidenten sin time 05.02.2020:
Rotaryven Øyvind Østvik heldt eit interessant
"3- minutt" om gamle rutebåter og ferger. Desse er restaurert og blir
halde i drift av eldsjeler. Presidenten orienterte om saker som hadde blitt
tatt opp på styremøte i forkant. Det var også vinlotteri.
Etter
styremøte ein time i forvegen, ønska president Petter alle vel møtt til rotarymøte
og «Presidenten sin time» med vinlotteri.
Litt om
dagen sin dato: Vi er i februar måned, og romarane knytta namnet «februar» til
renselse.
Agate og
Ågot har namnedag. Ordet kjem av «god».
To årstal:
1911: Tenoren Jussi Bjørling født denne dagen. Han blei ikkje så gamal, døydde
i 1960, men har sett spor etter seg som ein av dei beste tenorane i historia.
1891:
Hammerfest fekk elektrisk gatebelysning som første byen i Norge, og som ein av
dei første i Europa.
Så avslutta
Petter med ei lita historie: Det var ryddesjau i prestegarden og drengen rydda
ei masse flasker i kjelleren. I det han lukta på dei sa presten at dei hadde
avslutta livet sitt. «Ja, då håper eg at presten var oppstemt til det siste»,
svarte drengen.
Rotarysong:
Trubadur
Olav hadde funne fram ei tysk vise frå middelalderen: «Din tanke er fri». Denne
passer godt i rotarysamenhang. Flott sang og flott gitarspel attåt.
Sekretær
kunne opplyse at ved rotarymøte 22. januar var det 27 frammøtte. Det gav pene
67,5 % frammøte. Ved bedriftsbesøk ved Sykkylven Stål var det 18 frammøtte og
det gav 46,15 % frammøte.
Ingen bursdager
komande veke, men Odd Jostein hadde sneke seg «under radaren» i dette høvet.
Han fylte 54 år, 29. januar. Applaus!
"3- minutt":
«3- minutt»
var ved Øyvind: Han fortalte at i sin alder er det ein tendens til å sjå meir
attende enn framover. Slik også med han. Øyvind er opptatt av skipshistorie og
korleis eldre ferjer og passasjerbåter blir tatt vare på. Han samanlikna
Hordaland, der han er i frå, med Møre og Romsdal. I første fylket er 7 til 8
båter blitt restaurert og halde i drift, medan i vårt fylke er det kun eit skip.
For å kunne drifte disse skipa er ein avhengig av offentlig støtte. Stat og
fylkekommune gir økonomiske løyvinger til denne verdifulle maritime historia.
Øyvind avslutta med å vise bilde av, ikkje mindre enn, 10 restaurerte
motorskip, motorferjer og dampskip. Dei ulike bilda blei ledsaga av byggeår og
året for avslutta drift. Veldig interessant foredrag frå vår verdfulle maritime
historie.
Referent gir
her oversikt over skipa og fergene Øyvind viste bilde av:
Orientering ved presidenten:
Etter
rotarykaffe og tekaker, heldt presidenten ei orientering om styremøte og vedtak
her. Som vi veit, reiser Olaf og Greta til Filippinene seinare i månaden. Då
var det spørsmål om kor mykje penger ein skal ta med til Lola Day Care Center.
Styret var ikkje «gnetne» og gjekk inn for 20000 kr, i tillegg til 10000 frå
før og dei pengene som kvar enkelt rotarianar gir individuelt. Men etter
«benkeforslag» om å heve summen til 30000, arrangerte presidenten avstemning.
Det blei fleirtal for det siste beløpet. Dermed blir det 30000 kr + 10000 kr +
det kvar medlem gir. Summen blir forhøya til næraste runde tal. Greta og Olaf
tek sikte på å overrekke ein stor sjekk, både bokstavelig og i antall kroner.
Dette vil skje ved elevane sin «graduation».
Rotarytur:
Dette året
tek ein sikte på rotarytur i staden for årsfest. Planen er 26. april og går til
indre deler av Sunnmøre etter det programmet Bastian la opp for eit par år
sidan.
Medlemsverving:
Når det gjeld medlemsverving, tek ein sikte på at
kvar enkelt klubbmedlem kjem opp med eit forslag til ny medlem i klubben vår.
Vipps:
Til slutt heldt
president Petter eit lite kurs i betaling med Vipps. Etter litt forvirring,
hadde referent inntrykk av at dei fleste beherska dette.
I pausen
hadde det vore vinlotteriet, og dei to flaskene med raud og kvit vin blei
tildelt dei heldige vinnarane.
Som vanleg
avslutta presidenten med å takke for møte, minne om neste møte med fotograf Per
Magne Drotninghaug, og ønska alle vel heim.
Referent
Jarle
15. november 2024
Onsdag 13. november fekk vi besøk av Sykkylven Røde Kors ved Jon Erdal som fortalde om alt det flotte arbeidet dei gjer for bygda både innan omsorg og i hjelpekorpset. Vi fekk eit godt innsyn i det viktige arbeidet dei gjer.
22. oktober 2024
Rotary held fram kampen mot polio –
Rotary-klubber verden over held fram kampen mot polio, og no har innbyggjarane i Stranda og Sykkylven ei unik moglegheit til å bidra. Ved å gi til lokalt Vipps-nummer 134399 kan du bidra.
20. oktober 2024
Hvert bidrag teller i kampen mot polio! Visste du at når du gir penger til Polio plus, tredobles effekten av din gave? For hver krone du gir, matcher Bill og Melinda Gates med to kroner. Sammen kan vi stoppe polio én gang for alle! Vipps til 134399
19. oktober 2024
Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.
17. oktober 2024
«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.
18. mai 2019
President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020
22. januar 2019
Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.
10. februar 2018
Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.
11. januar 2018
Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.