President Roger Kornberg ønskte velkomen, og nemnde nokre tidlegare hendingar på denne dagen 23.mars:
1839, Forkortinga «OK» (oll korrect) for første gang i ei avis; Boston Morning Post. 1933, Den tyske riksdagen gir Adolf Hitler uinnskrenka makt over Tyskland. 1948, 1956, Pakistan blir historiens første islamske republikk. 1978, Den russiske romstasjonen Mir styrtar i Stillehavet ved New Zealand.
Namnedag: Gerda, Gerd
Songen for dette møtet, valt av Odd og Ove, var «Hver dag er en sjelden gave».
Frammøteprosent for bedriftsbesøket på Formfin var iflg. sekretær Kristin Grebstad 69%.
Halgeir Løseths tema for dagens 3-minutt var verdensøkonomien. Vi har hatt stabil vekst etter Berlinmurens fall, men med pandemi og Russlands invasjon i Ukraina er situasjonen usikker. Det er energimangel i Europa, avhengig av russisk gass og olje. Forsvarsbudsjetta vil auke, USA vil krevje minst 2% av NATO-landas BNP. Det er prisstiging i mange land, og veksten i økonomien er høg, 5,5% i USA og 4,5% i Euroland. Verkemiddelet er høgare rente.
Dagens foredragshaldar Torbjørn Emblem starta som økonomisjef i Sykkylven kommune i mai 2021. Hans CV før det, er 14 år som regionansvarleg i Visma-konsernet, økonomisjef i Stordal kommune 1991-2006 og eit par år tilsett i inkasso-selskap i Oslo. Han er oppvaksen på Emblem, og er busett der no.
Han tok ein gjennomgang av kommuneøkonomien for kommunane i Møre og Romsdal 2020,
utarbeidd av Statsforvaltaren (tidl.Fylkesmannen). Kommunane i Møre og Romsdal har generelt høgt gjeldsnivå, og 12 av 26 kommunar har negativt netto driftsresultat. Kommunane tar endringane i folketalet på alvor, og arbeider med omstilling for å møte framtidas auka tenestebehov innan helse og omsorgssektoren. Talet på barn går ned og det må gjerast tilpassingar i oppvekstsektoren. Statsforvaltaren ser at endringar i skolestruktur er vanskelege og skaper engasjement i mange kommunar.
Sykkylven kjem i kategorien middels stor kommune (5.000-10.000 innbyggarar). Økonomisjefen gjennomgjekk vår kommunes inntekter, utgifter og lånegjeld pr. innbyggar, tilsvarande for netto driftsresultat, dessverre negativt, og disposisjonsfond, der vi er på den positive sida. Netto lånegjeld utgjer utgjer 92,4% av brutto driftsinntekter. Så følgde summarisk gjennomgang av avdrag i prosent av brutto driftsinntekter, likvide midlar, eigedomsskatt og skjønstilskot. Sykkylven kommune er heldigvis ute av Robek-registeret, dei 3 gjenverande er Sande, Giske og Rauma kommunar.
Over til budsjett og økonomiplan for Sykkylven 2022-2025, så er temaet «tid for omstilling». Kommunen står framfor store utfordringar i komande periode. I åra 2022 - 2025 vert rammetilskotet redusert kvart år p.g.a. kriteriedata. Sentrumsskulen skal realiserast i perioden, det vert derav auka lånegjeld. Det er vidare forventa folketalsnedgang og uke i talet på eldre. Som følgje av den demografiske utviklinga vil utgiftsbehovet for barnehage og skule minke, medan tilsvarande behov for pleie og omsorg vil auke.
Driftstiltaka vil i åra 2023 – 2025 gå ned 4%, målsettinga er vidare at netto driftsresultat skal over tid utgjere minimum 1,75% av brutto driftsinntekter. Disposisjonsfondet skal minimum utgjere 10% av brutto driftsinntekter og Netto lånegjeld i prosent av driftsinntekter skal ned på dagens nivå (under 130%) innan 2030 og 100% innan 2035.
Presidenten takka økonomisjef Torbjørn Emblem for orienteringa, og han ønskte også velkomen tilbake til klubben ved eit seinare høve.
Referent: Odd Holen
15. november 2024
Onsdag 13. november fekk vi besøk av Sykkylven Røde Kors ved Jon Erdal som fortalde om alt det flotte arbeidet dei gjer for bygda både innan omsorg og i hjelpekorpset. Vi fekk eit godt innsyn i det viktige arbeidet dei gjer.
22. oktober 2024
Rotary held fram kampen mot polio –
Rotary-klubber verden over held fram kampen mot polio, og no har innbyggjarane i Stranda og Sykkylven ei unik moglegheit til å bidra. Ved å gi til lokalt Vipps-nummer 134399 kan du bidra.
20. oktober 2024
Hvert bidrag teller i kampen mot polio! Visste du at når du gir penger til Polio plus, tredobles effekten av din gave? For hver krone du gir, matcher Bill og Melinda Gates med to kroner. Sammen kan vi stoppe polio én gang for alle! Vipps til 134399
19. oktober 2024
Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.
17. oktober 2024
«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.
18. mai 2019
President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020
22. januar 2019
Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.
10. februar 2018
Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.
11. januar 2018
Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.