Bedriftsbesøk ved Peterson Emballasje

Les Olav sitt referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Peterson Fabrikker her i Sykkylven

Sykkylven Rotary Klubb 2017-01-18-bedriftsbesøk til Peterson, Sykkylven.



Onsdag 18. januar 2017 var Sykkylven Rotary Klubb på innsteg hos emballasjebedrifta Peterson i Sykkylven, først etablert som Emballasje AS, Sykkylven, i 1961 av Olav Andreassen og bokhandlar Harald Eikenæs på Sandane. Første linken viser til meir frå soga til Emballasje AS.  https://lokalhistoriewiki.no/index.php/Peterson_Packaging http://www.petersonpackaging.no/kontakt/sykkylven/ Plassjef Arve Torset tok imot, orienterte og viste rundt, saman med Lidvard Hagen. Første økta fekk vi orientering i kantina om bedrifta. Arve og Lidvard hadde budd seg godt, og baud tilhøyrarane på både kaffi og kjeks, i tillegg til informative lysbilete. I logoen øvst til venstre finn vi framleis «MOSS-elefanten» som har følgt Peterson-firmaet heilt sidan 1930. I 2016 vart Peterson kjøpt opp av VPK i Aalst, Belgia. Dermed fekk også  logoen ein smule «make up», i tillegg til elefanten som framleis lever, med papir-rullen i snabelen. Frå plassjef Arve si orientering merka vi oss at bedrifta i Ullavika i dag har 29 årsverk. Konsernet Peterson, eigd av VPK, har også bedrifter på Ranheim ved Trondheim, to i Sarpsborg, i tillegg til Sverige og Danmark. Etter som vår bedrift ikkje har bølgepapp-maskin, er vi avhengige av å få alt bølgepapp køyrd til Sykkylven frå Sarpsborg. I snitt kjem det inn tre bilar pr dag med råstoff. For trykking og grafikk disponerer fabrikken tre printerar/ skrivarar, alle med to fargeverk. Vidare ein lim-automat, tre manuelle lim-maskiner og ei manuell stiftemaskin. Budsjetta er stigande, og for 2017 er omsetninga rekna til 75 millionar kroner. Kundane er tradisjonelt henta frå møbelsegmentet. Bedrifta er liv laga så lenge dei leverer pluss-tal som no. Alt dette, og mykje meir til, fekk vi høyre før Arve og Lidvard tok oss med på vandring gjennom fabrikken, der store maskiner på rekke og rad kunne forvandle 6-7 meter høge stablar med bølgepapp til «skreddarsydd» emballasje for ulike formål – alt frå møblar til snøkrabbe og kongekrabbe. Turen vår enda opp i enden av fabrikken, der det store «Pressesenteret» komprimerte papp og papir-restar til kompakte kuber for transport til Ranheim, dei dei gjennom ein prosess kunne gjenoppstå som nytt papp til ny produksjon av emballasje. President Steven Blindheim takka for interessant orientering og omvising.  

 

   Skrivar: Olav P         

 

 





 
Rydding i kirkeparken

2. mai 2026

Rydding i kirkeparken

Dugnad i Kirkeparken

Presentasjon av Høbben

19. april 2026

Presentasjon av Høbben

Onsdag den 15. april fekk klubben besøk frå HØBBEN ungdomsklubb i Ullavika. Hanna, Hedda, Sofie og Kieu presenterte klubben på beste vis til eit lydhøyrt publikum.

9. april 2026

Sykkylven Rotaryklubb inviterte Severin Roald til foredrag. Tema: Kunsten å skape tillit.

Severin Roald som vaks opp i Sykkylven, men som no bur i Oslo.
Gjennom foredraget «Kunsten å skape tillit» ga han fleire nyttige råd til dei frammøtte.
Roald var blant anna innom 10 punkt for korleis ein kan skape tillit.

RYLA seminar Ålesund

30. april 2025

RYLA seminar Ålesund

Referat fra RYLA seminar i Ålesund

Kyrkjepark og Rotary-dugnad

26. april 2025

Kyrkjepark og Rotary-dugnad

Det nærmar seg både konfirmasjon og 17. mai, og tradisjonen tru stiller Sykkylven Rotary Klubb (SRK) opp med vårpuss i området ved kyrkja.

Medlemsmøter hos LK Hjelle 26 mars 2025

27. mars 2025

Medlemsmøter hos LK Hjelle 26 mars 2025

Bedriftsbesøket hos L. K. Hjelle Møbelfabrikk var frå starten av samling i møterom bak dei store og spennande glasflatene i arkitekturen som ein kunne sjå frå utsida. CEO dei siste fem åra, Jens Peter Brunstad, ønska velkommen til oss 23 frammøtte og pres

Besøk av Lene Trude Solheim frå NHO

13. desember 2024

Besøk av Lene Trude Solheim frå NHO

Lene besøkte oss med foredraget: Næringslivets perspektiv - for utvikling og vekst. Vi fekk eit godt innblikk i kva NHO driv med og om næringslivets utfordringar i Møre og Romsdal.

Sykkylven Røde Kors

15. november 2024

Sykkylven Røde Kors

Onsdag 13. november fekk vi besøk av Sykkylven Røde Kors ved Jon Erdal som fortalde om alt det flotte arbeidet dei gjer for bygda både innan omsorg og i hjelpekorpset. Vi fekk eit godt innsyn i det viktige arbeidet dei gjer.

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

22. oktober 2024

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

Rotary held fram kampen mot polio –
Rotary-klubber verden over held fram kampen mot polio, og no har innbyggjarane i Stranda og Sykkylven ei unik moglegheit til å bidra. Ved å gi til lokalt Vipps-nummer 134399 kan du bidra.

Høyr Bill Gates oppfordre oss til å bidra til Polioaksjonen

20. oktober 2024

Høyr Bill Gates oppfordre oss til å bidra til Polioaksjonen

Hvert bidrag teller i kampen mot polio! Visste du at når du gir penger til Polio plus, tredobles effekten av din gave? For hver krone du gir, matcher Bill og Melinda Gates med to kroner. Sammen kan vi stoppe polio én gang for alle! Vipps til 134399