Referat frå Rotarymøte 9. august 2017:
Så var det klart for første Rotary-møte etter sommerferien. Vår nybakte president Bastian ønska vel møtt og tok for seg noko av det som har hendt denne datoen opp i gjennom historia:
Ronald og Ronny har namnedag.
Denne datoen er FN sin urfolkdag og det er samisk flaggdag.
Det er ikkje berre i vår tid det er katastrofer i Syria. I 1138 blei Aleppo ramma av eit stort jordskjelv og 230000 menneske omkom.
Endå ei katastrofe, denne menneskeskapt: Atombomba «Fat Man» blei slept over Nagasaki i Japan. 80000 menneske blei drept og 60000 skada.
I 1974 gjekk president i USA, Richard Nixon av og Gerald Ford tok over som president. Han er den einaste presidenten som ikkje er innsett ved valg.
Tilslutt minte han om at det går eit lite idrettsstemne, a la Dimnaleikene, i London. Ein viss kar frå Dimna skulle springe 400 hekk. Då visste vi ikkje resultatet, men det gjer vi no. Referent treng vel ikkje å skrive noko meir om det.
President Bastian beklaga at han hadde gløymt Rotarysongen ved forrige Rotarymøte. Vi skal forsøke å tilgi han. Til gjengjeld hadde Olav ein flott Rotarysong som gjekk på tonen av «Jag tror, jag tror på sommeren». Ved referent sitt bord, var vi litt forvirra, fordi teksten vi hadde fått utlevert, ikkje stemte med det Olav sang. Olav sang og spelte så flott, at det gjorde ingen ting.
Sekretær Knut Henning hadde trassa ein travel kvardag og forkynte frå talerstolen at forrige oppmøte var på 43 %. Det er Olav Utgård og Jarle som står for tur til BUAS- besøk.
3- minutt var ved Hallstein. For å nå ut til flest mulig, har Info- gruppa med Hallstein i spissen, oppretta ei Facebookside. Dette er ei åpen side som gjerne appellerer til vår aldersgruppe. Spjelkavik Rotaryklubb har hatt ei slik side i fleire år, og med god suksess. Hallstein gjekk kjapt igjennom korleis ein tek seg fram på sida vår, og han oppmoda oss alle til å spre det «glade budskap» om Rotary.
Info- gruppa består av Hallstein, Nils Arve, Olav P og Jarle. Vi møttes «5 minutt» etter møtet der Hallstein viste oss med redaktøransvar korleis vi kunne redigere sida.
Etter Rotarykaffi og vinlotteri, refererte President Bastian frå Guvenørbrev 1. Det er no Wictor Sandvold som er guvernør for D2305. Eit av hovedmåla er å jobbe for medlemsutvikling og rekruttering.
Videre gjekk Bastian gjennom aktivitetsplanen for første halvdel av Rotaryåret. Resten av august er fyllt med program. Han minte elles om at det blir arrangert Distriktskonferanse på Øyer 22 – 24 september. 11. oktober får vi besøk av guvenøren. Denne gang er det vår tur å arrangere dette Guvenørbesøk, i samarbeid med Stranda. Lokale blei antyda Berlihuset, men dette er ikkje heilt bestemt, så vidt referent forstår. 22. okt. blir Verdas Poliodag markert med turmarsj til Fagrefjellet. Første møtet i desember er det Presidenten sin time, og då det også Årsmøte med valg av President Trainee. (President for 2019/2020).
Tilslutt var det idemyldring angående tips til program for det komande Rotaryår. Ved referent sitt bord skreiv vi ned 7 forslag. Trur programkomiteen fikk inn mange gode forslag.
Til slutt takka president Bastian for oppmøtet og minte om at neste onsdag møtes vi på den nye brannstasjonen.
Så ønska han alle vel heim.
Referent
Jarle Svindseth
15. november 2024
Onsdag 13. november fekk vi besøk av Sykkylven Røde Kors ved Jon Erdal som fortalde om alt det flotte arbeidet dei gjer for bygda både innan omsorg og i hjelpekorpset. Vi fekk eit godt innsyn i det viktige arbeidet dei gjer.
22. oktober 2024
Rotary held fram kampen mot polio –
Rotary-klubber verden over held fram kampen mot polio, og no har innbyggjarane i Stranda og Sykkylven ei unik moglegheit til å bidra. Ved å gi til lokalt Vipps-nummer 134399 kan du bidra.
20. oktober 2024
Hvert bidrag teller i kampen mot polio! Visste du at når du gir penger til Polio plus, tredobles effekten av din gave? For hver krone du gir, matcher Bill og Melinda Gates med to kroner. Sammen kan vi stoppe polio én gang for alle! Vipps til 134399
19. oktober 2024
Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.
17. oktober 2024
«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.
18. mai 2019
President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020
22. januar 2019
Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.
10. februar 2018
Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.
11. januar 2018
Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.