Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

Referat frå Rotarymøte 20.09.2017:

President Bastian ønska alle vel møtt, og spesielt kvelden sin foredragsholder, Mariann Urke. Elles må  3 andre gjester nevnes: Roald Mork som har vore gjest hos oss fleire ganger. Dessuten Otto Magne Strømmegjerde og ei kvinne som referent ikkje kjenner namnet til (kan ho vere søster til Greta?).

Presidenten nevnte nokre få begivenheter denne datoen: Tobias og Tage har navnedag.

I 1920 blei Rolf Kirkevaag født.


I 1941 blei det innført ekstra skatt på inntekter over 8000 kroner. Derimot fekk dei med inntekter under 1500 kr sleppe skatt.

I 1996 døydde krigshelten Max Manus.

Bilderesultat for max manus

Visepresident Greta fekk i oppgåve å finne ein høveleg Rotarysang. Den oppgåva løyste ho på beste måte: Sangen blei oppkvikkende: «Få stemninga opp».

I sekretær Knut Henning sitt fråver, opplyste presidenten at det er Per Ringdal og Kai Otto Roald sin tur for BUAS-besøk. Ingen fødselsdager denne veka. Forrige møte var det 19 frammøtte. Medrekna permisjoner og fritak, ga det ein frammøteprosent på 67.

Så var det Knut Vollstad sin tur for 3- minutt. I tråd med kveldens tema om å leve med hjarteinfarkt, fortalte Knut litt frå si sjukdomshistorie. For 3 til 4 måneder siden, fekk han  eit nytt hjarteinfarkt. Første infarktet fikk han for 20 år siden. Så fortalte han om den fantastiske opptreninga ved Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus. Denne går over 13 veker. Her er det tøff trim med pulsmåler og intervalltrening. Målet er å få til 5 pulstopper mot max puls. Dette gir auka kondisjon, sjøltillit og tru på seg sjøl. Det demper redsel for at fysiske påkjenninger kan vere farlig. 2 ganger blir det også arrangert fjellturer. Ved siden av den fysiske treninga, blir det også undervist om hjerte og hjerteproblematikk. Knut kan ikkje få takka Hjerterehabiliteringa nok.

Så var det Rotarykaffi med sedvanlig gode kaker.

Etter kaffen, var det spesialsjukepleier Mariann Urke sin tur. Ho er frå Sykkylven og jobber ved Hjerterehabilitering ved Ålesund sjukehus. Så vidt referent forstår, var et her Knut og ho blei kjent.


Mariann heldt eit detaljert, pedagogisk og grundig foredrag om «Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjarteinfarkt». Referent kan ikkje gå i detalj når det gjeld foredraget. Sjå gjennom Mariann sin utmerkete presentasjon! Referent vil likevel ta for seg grunntrekka i foredraget: Ho begynte med å forklare kva angina pectoris og hjerteinfarkt er. Videre tok ho for seg kva som er årsak til dette, arterosclerose. Det er fettpropper som tetter blodtilførselen til hjertemuskulaturen, slik at denne får for lite oksygen.  I verste fall kan deler av hjertemuskelen dø. Dette kan, i verste fall, vere dødelig. 

Noko som vi har høyrt mykje om er kolesterol. Vi har god kolesterol (HDL) og dårleg (LDL). Det er sjølsagt viktig å ha så mykje som råd av den gode og motsatt av den dårlige. Store mengder av den dårlige kan disponere for tette blodårer og infarkt.

Men det er fleire risikofaktorer: Høg blodtrykk, røyking, diabetes, feil kosthold, overvekt og stress. Men ikkje minst er familiære disposisjoner kanskje største risikofaktoren.

Kva så om ein får eit infarkt? Då er tida ein viktig faktor. Kome til sjukehus og få trombolyse og smertestillende (MONA) så fort som råd. Videre transport til St. Olavs for vårt distrikt. Då er det gjerne to operasjonsalternativ: Blokking og stent, eller bypass. Den siste operasjonen er større og meir riskofylt enn den første. 

Etter infarkt og operasjon er det medikamentell behandling og livsstilsforandring som er aktuelt: Særleg er det viktig å slutte å røyke. Dette vil redusere sjansen for å få tilbake nytt infarkt med 40 %. Fysisk aktivitet vil redusere residivsjansen med 30 %. Videre må ein legge om kosthold slik at dette blir sunnere med mindre feitt, sukker og salt. Dessuten er det viktig å redusere stress.

Når det gjeld medisinbehandlinger er det mange bivirkninger. Mariann nemnte mange av desse. (sjå presentasjon).

Like tøffe, eller helst tøffere, er psykiske reaksjoner som kjem etter eit infarkt: Mariann delte dette i 4:

-          Akuttfase med sorg og sinne.  

-          Reaksjonsfase med sorg og angst. - 

-          Rehabiliteringsfase med gradvis bedring. No starter opptrening.  

-          Til sist tilbake til kvardagen med restitusjon og evt. tilbake til yrkeslivet.

Men ein må ikkje gløyme dei pårørende opp i alt dette. Er sjukdomen ei påkjenning, så vil dette også virke inn på ektefelle og barn. Eit sosialt nettverk er sjølsagt ekstra godt å ha  i slike situasjoner.

Når bør ein så kontakte lege? Mariann nemnte fleire symtom som ein må vere merksam på. Kanskje det viktigste  for oss menn er sterke smerter i brystet som stråler ut i ve. arm og opp mot ve. side av ansiktet. Hos kvinner kan symtoma vere meir diffuse: Ofte med magesmerter og smerter i brystryggen.

Avslutningsvis nevnte Mariann at ein slik alvorlig sjukdom ikkje alltid treng å vere entydig negativ: Mange rapporterer at dei forandrer syn på livet, blir meir reflekterte  og set meir pris på dei små gledene livet gir. Til sist anbefalte ho at pasientene ikkje måtte sjå begrensningene, men mulighetene.

President Bastian takka for det flotte foredraget, og som ein gest, trassa han gode kosthaldsråd og overrekte Mariann ei konfekteske.

Så minte han om neste møte 27. september då vi får besøk av den nye adm. dir. ved Formfin. Så takka han for oppmøte og ønska alle vel heim.

 

Referent

Jarle Svindseth




 
Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

17. juni 2017

Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".

Kjell Løseth fortel om identitetstjuveri.

13. juni 2017

Kjell Løseth fortel om identitetstjuveri.

Les referat frå møte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester -identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.

Vårt nye medlem Sindre Stuen heldt sitt Egoforedrag 19. april.

22. april 2017

Vårt nye medlem Sindre Stuen heldt sitt Egoforedrag 19. april.

Les Sindre sitt foredrag frå eit spennende liv både til lands og til vanns.

Visepresidenten sin time 5. april.

8. april 2017

Visepresidenten sin time 5. april.

Les kva visepresident Bastian hadde å fortelle frå Presidentkurset (PETS) på Dombås 1. og 2. april. Les også kva sokneprest Helge fortalte om sin situasjon etter oppseiinga av sin jobb som prest.

Fredrik Støyva Emblem frå Ålesund Kunnskapspark (åkp)besøker Sykkylven Rotaryklubb

1. april 2017

Fredrik Støyva Emblem frå Ålesund Kunnskapspark (åkp)besøker Sykkylven Rotaryklubb

Les referat frå det interessante og framtidsretta foredraget som Fredrik heldt 29. mars i Sykkylven Rotaryklubb.

Marit Akslen besøker Sykkylven Rotaryklubb.

25. mars 2017

Marit Akslen besøker Sykkylven Rotaryklubb.

Les referat frå Tekstilkunstner Marit Akslen sitt besøk i Sykkylven Rotaryklubb der ho presenterer sin kunst

På besøk hos Torunn Kjemphol og hennar Galleri 2K

17. mars 2017

På besøk hos Torunn Kjemphol og hennar Galleri 2K

Les referat og sjå bilder frå vårt besøk hos Torunn Kjemphol og Galleri K2 i Tusvika.

Steinar Klokk held sitt ego/yrkesforedrag

10. mars 2017

Steinar Klokk held sitt ego/yrkesforedrag

Les referat frå Rotarymøte på Kvinnedagen 8. mars og spesielt vår nye medlem Steinar Klokk sitt flotte ego/yrkesforedrag.

Presidenten sin time:

2. mars 2017

Presidenten sin time:

Les referat frå Presidenten sin time 1. mars 2017.

Bedriftsbesøk hos Ove Straumsheim Glas og Fasader

23. februar 2017

Bedriftsbesøk hos Ove Straumsheim Glas og Fasader

Les om Sykkylven Rotaryklubb sitt flotte og interessante besøk hos Ove Glas og Fasader på "Tangholmen" i Straumgjerde.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Klubbens møter denne måneden

MØTEFRI pga TUR 26.MAI

2024-05-22 19:00 - 20:00

Rotarytur Nordøyane

2024-05-26 08:00 - 21:00

LINDA AURDAL WALES EGO-FOREDRAG

2024-05-29 19:00 - 20:00

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS