Visepresidenten sin time 5. april.

Les kva visepresident Bastian hadde å fortelle frå Presidentkurset (PETS) på Dombås 1. og 2. april. Les også kva sokneprest Helge fortalte om sin situasjon etter oppseiinga av sin jobb som prest.

Referat frå møte i Sykkylven Rotaryklubb 5. april 2017:

I presidenten sitt fråver, leia visepresident Bastian dette Rotarymøtet, 5. april.

Som vanlig tok han for seg nokre hendinger denne datoen: Irene, Erin og Eirill har namnedag. I 1955 trekker Winston Churchill seg frå statsministerjobben på grunn av sviktende helse. I år 2000 kolliderte 2 godstog i Lillestrøm, og pga. faren for gasslekkasje, blei 2000 mennesker evakuert. Til slutt fortalte han at i 2004 skjedde Nokasranet i tellesentralen til Norsk Kontantservice i Stavanger.

For å muntre oss opp, hadde trubadur Olav funne ein oppmuntrende sang:  «Er du trist, er dagen tung og lang». Så sang vi alt vi kunne gjere for å muntre opp dagen. Tekst av Eivind Bjørnar Hetlevik. Melodi av sjølveste Irving Berlin.

Sekretær Knut Henning var tilbake i «jobben» og kunne berette at det er Kristin Grebstad og Kjell Heggdal sin tur til BUAS- besøk. Visepresident Bastian har bursdag 13. april. I skrivende stund veit ikkje referent frammøteprosenten frå dei to foregående møta, men vil kontakte sekretær for oppdatering.

Visepresident Bastian måtte rokere litt på programmet, då Helge hadde gløymt at han hadde 3 minutt. Bastian tok kontakt og Helge lova å komme så snart som råd.

I mellomtida fortalte visepresident Bastian at han hadde vore på såkalla PETS på Dombås. Han spurte forsamlinga kva denne forkortinga stod for. Bastian måtte til slutt fortelle at det står for President Elected Training Seminar.  Det blir nok ikkje einaste forkortinga Bastian får å kjempe med i si tid som president.

Bastian tok så for seg planene for det komande Rotaryåret 2016/2017. Planene er i regi av  Distrikt 2305 og innkommende guvenør, DGE Victor Sandvoll. Desse planene er mykje godt samanfallende med dei Rotary International har:

-          Styrke og støtta klubbene.

-          Øke medlemstallet i klubbene.

-          Fokusere på den humanitære innsatsen.

-          Bedre Rotary sitt omdømme blant folk flest.

RI sin strategiske plan for 2016 – 2019 er også mykje godt dei samme:  Auke Rotary sitt omdømme og antall medlemmer. Få med fleire yngre (yngre enn 40 år). Og få i gang prosjekt både nasjonalt og internasjonalt.

Klubbene blir oppfordra til å utarbeide strategiske planer framover med utgangspunkt i RI sin strategiske plan. Guvenøren foreslo 4 planer: Auke medlemstallet i klubbene, særleg blant unge. Nå 10 mål i Club Central. Samarbeide med andre klubber. Til sist presentere oss via heimesider, media osv.

Innkommende guvenør er som nemnt Victor Sandvoll. Verdenspresident 2017/2018 blir Ian H.S. Riseley. Mottoet hans er: «Rotary: making a difference». Altså referent si oversetting til norsk: «Rotary vil utgjere ein forskjell».

Sjå PowerPoint frå PETS 2017 her:

Så var det Rotarykaffi og vinlotteri. I mellomtida hadde Helge innfunne seg. Etter kaffiykta fekk han ordet. Han beklaga at han hadde gløymt 3-  minuttet. I går hadde han blitt tilbud å dra på fotballkamp, men sa frå seg dette då han hadde tatt på seg å halde 3- minutt i Rotary. Derfor følte Helge at det  var rart han skulle gløyme dette. Men no var han i allefall på plass, og han tok for seg sin eigen situasjon etter han hadde trukke seg frå sitt presteembede på grunn av innføring av kjønnsnøytral vigselsliturgi i den Norske Kyrkje.


Helge fortalte at han hadde vore prest i 35 år, dei 7 siste åra i Sykkylven. Han fortalte om gode år her. Det låg vel i tida at ny liturgi for vigsel var på gang.. På Kirkemøtet i Trondheim i januar blei dette endelig vedtatt. Han følte at det heile hadde vore ein krevende prosess med eit trist resultat til slutt.  Helge meiner den nye Ekteskapslova strid mot Jesu sitt ord om ekteskapet mellom mann og kvinne. Dessuten bryt den med ein 2000 år tradisjon i den universelle kyrkje.  Dette føler han ikkje er greit, og valgte derfor å trekke seg som prest i den Norske Kirke.

Han tenkte at dette skulle gå stilt og rolig for seg, men der tok han feil. Avgjerda vakte stor oppmerksomhet i media. Videre kom det til svært kritiske kommentarer på sosiale medier som Facebook og Twitter. Planen til Helge var å fullføre konfirmantundervisninga til mai, men då det hadde spredd seg rykte om uro i konfirmantflokken pga. kritikken mot Helge i sosiale media, valgte han å takke for seg før enn planlagt. 1. påskedag vil han holde Avskjedsgudstjeneste i Sykkylven Kyrkje. Helge understreka veldig sterkt at han har eit aldeles utmerket og ukomplisert forhold til, og samarbeid med, kollega Erlend Lunde. Trass i at Erlend har eit anna syn på den nye Ekteskapslova.   Til slutt understreka Helge igjen at han ikkje ville sette i gang nokon som helst aksjon eller markering av sitt standpunkt.

Så fekk vi andre rotarianar stille spørsmål som Helge svarte til dels svært utfyllende på.

Litt på overtid, takka visepresident Bastian for oppmøte, minte om neste Rotarymøte 19 april og ønska alle ei god påske.

 

Refrent

Jarle Svindseth

 



 
Presidenten sin time

18. mai 2019

Presidenten sin time

President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

22. januar 2019

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

10. februar 2018

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

28. oktober 2017

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS