Fredrik Støyva Emblem frå Ålesund Kunnskapspark (åkp)besøker Sykkylven Rotaryklubb

Les referat frå det interessante og framtidsretta foredraget som Fredrik heldt 29. mars i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå Rotarymøte 29.03.2017:

President Steven ønska alle vel møtt til Rotarymøte 29. mars. Han nevnte noko av det som har skjedd denne datoen: I 1973 forlet det siste amerikanske soldatene Vietnam.  I 1981 blir London Maraton avvikla for første gang. I 2004 blir Bulgaria, Estland, Latvia, Litauen, Romania, Slovenia og Slovakia medlem av NATO. Irland blir det første landet, i 2004, som innfører totalforbud mot røyking i restauranter, barer og på arbeidsplasser. I 2006 er det total solformørkelse over deler av Afrika og Europa. Den var også godt synlig i Tyrkia.

I samband med at det begynner å bli vår og landskapet rundt oss blir vakrere og vakrere, hadde trubadur Olav funne fram den flotte sangen «Vestland» av Tore  Ørjasæter.

Sekretær hadde meldt avbud, og dermed ikkje noko å berette frå det hald.

3- minutt var ved Hallgeir Lade. Ved tidligere 3- minutt hadde han snakka om fjellturer. Slik også denne gang. Han fortalte om besøk på verdens farligste fjellsti som ligg i Malaga i Spania: "El Camino Del Rey". Opprinnelig var denne stien ein tilførselsveg til eit kraftverk. Så vidt referent forstod, var den hogd inn i fjellsida. Naturlig nok kunne ein slik sti ikke bli særlig brei. Etter kvart forfalt den, og  det var berre våghalser som torde ferdast der. I 2005 blei den stengd, men 10 år seinere blei den restaurert og tatt i bruk på nytt. Denne gang opna for turister. Sidan opninga, har stien hatt besøk av 600 turister pr. dag. For ein relativ beskjeden sum av kr. 20 mill. kroner, som restaureringa av stien kosta, har ein altså fått ein flott og lønnsom turistattraksjon.  Hallgeir stiller så følgende retoriske spørsmål: «Kva kunne ein ikkje få til her i Sykkylven for halve summen»? F.eks fjellturer og toppturer av ulik vanskegrad. I Hjørundfjordområdet har ein fått til noko av denne ideen:  F.eks. er det blitt organisert turer til fjellet Saxa.  Ikkje mindre enn 8000 mennesker har besøkt fjelltoppen årlig. Etter Hallgeir si meining, ville det vere klokere å satse på fjellturisme med den fjellheimen vi har, i staden for Designvegen. Eit 3- minutt til ettertanke frå Hallgeir.

Så var det Rotarykaffi.

Under denne, kom kvelden sin foredragsholder, Fredrik Støyva Emblem på besøk. Etter å ha rigga seg til med prosjektør og drikke  ein kopp kaffi, starta han på sitt foredrag om Ålesund Kunnskapspark, forkorta til ÅKP. Dette er eit innovasjonsselskap som gir rådgivning når det gjeld nettopp innovasjon og nyetableringer. Samstundes fasiliterer dei landets mest komplette inkubatorsystem («rugekasse for grundere»), og ein rekke andre nasjonale og internasjonale prosjekt. Dei har kontorer i Brattvåg, Ulsteinvik og hovedkontor i Ålesund. I Ålesund har dei lokaler ved NTNU.

Fredrik understreka veldig sterkt at framtida vår ligg på havet. Berre 2 % av maten til jordas befolkning kjem herfra. Skal ein ha sjanse til å føde ei stadig voksende befolkning, må ein øke matuttaket frå havet. I tillegg til mat, treng verda også meir energi og mineraler, noko som ein også kan få frå havet.

For å få til dette, treng ein skip og skipsbygging, bl.a. fiskebåter, som kan forvalte fiskeressursene på ein bærekraftig måte. Videre treng ein skip, plattformer og utstyr til å ta opp gass og olje frå havbotn. Sjøl om dette har vore nede i ein kraftig «downperiode», rekner ein likevel med at verda treng  utstyr til å ta opp disse ressursene. Til sist er det i dag mangel på mineraler i verda. Her er det uante ressurser på havbotn. Det gjenstår berre å få dette opp. Her er potensiale stort for produksjon av relevante skip og utstyr. Fredrik nevnte også straumproduksjon til havs i form av vindmølleparker. Alt i alt er potensiale stort for både produksjon og drift i framtida på havet.

Den maritime klynga her på Sunnmøre har vore unik i evnen til å omstille seg. Då botn ramla under både produksjon og drift av supplyfartøy, har skipsverfta kome opp med produksjon av forskjellige spesialfartøy, ferjer, hurtigruter med meir. Som overfor nevnt, er det stort potensiale i produksjon av fartøy til fiske, energi og mineraler. Kanskje er vi berre heilt i starten i utnytting av dette potensiale. I den maritime klynga, var det før oljeprisfallet, sysselsatt 22 500 arbeiderer. No er dette tallet ned i 16 000 – 17 000.  Men dette kan fort snu seg, slik at ein får bruk for mykje arbeidskraft.

Fredrik kan ikkje få lovprist nok at Høgskulen i Ålesund no er komen under NTNU, og dermed er på universitetsnivå. Dette gir eit heilt anna potensiale og muligheter til utdanning, og ikkje minst forskning. No kan ein ta doktorgrad, medan ein ved ein høgskule er på Bachelornivå. Dei økonomiske musklene vil sjølsagt være atskillig sterkere.   Fredrik gir mykje av æra for NTNU Ålesund til den Maritime klynga her på Sunnmøre. Dei har vore pådrivere for nettopp denne utdanningsinstitusjonen. I det heile er det eit unikt samarbeid mellom næringslivet på Sunnmøre og akademia i Trondheim.

Klynga med bygninger, der NTNU held til, blir kalla Campus Ålesund. Eit nytt bygg er under oppføring, og ÅKP vil flytte inn i 3. etasje her. Saman med SIVA, NTNU i Ålesund og Offshore Simulator Senter blir Blue Innovation  Areana danna. Her vil bedrifter, som vil satse på utnytting av ressurser i havrommet, kunne søke ekspertise, råd og veiledning.

Eit svært framtidsretta foredrag av Fredrik. Ein moral referent trekker ut, er at det ikkje er nødvendig å «grave seg ned» sjøl om tidene er dårlige, med f.eks. lav oljepris. Det gjeld å sjå potensiale i dei forskjellige områda, denne gangen uante muligheter som ligg i havrelatert virksomhet. Foredraget til Fredrik viser at det er berre er fantasien og kreativiteten som setter grenser for mulighetene i framtida.

Etter fleire spørsmål frå salen, takka president Steven foredragsholderen og overrakte han ein søt liten gest som Fredrik kan bruke til hjerneføde. Videre takka Steven for frammøte og ønska alle vel heim. Neste møte er Presidenten sin time.

 

Referent

Jarle Svindseth




 
Presidenten sin time

18. mai 2019

Presidenten sin time

President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

22. januar 2019

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

10. februar 2018

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

28. oktober 2017

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bankbygget
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS